tryggleik
Alvorleg datainnbrot i Tromsø
UiT Noregs arktiske universitet har meldt eit datainnbrot til politiet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«UiT Norges arktiske universitet har vært utsatt for et datainnbrudd. Hendelsen anses som alvorlig og uavklart. Det arbeides nå med å innhente, undersøke og analysere teknisk informasjon fra UiT sine systemer i samarbeid med Uninett CERT».
Dette heiter det i ei pressemelding frå Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske Universitet (UiT). I pressemeldinga kjem det fram at hendinga er meldt til politiet. I tillegg er både Datatilsynet og Kunnskapsdepartementet varsla.
Få kommentarar
Universitetsdirektør Jørgen Fossland seier til Khrono at sidan saka no er meldt til politiet, kan han ikkje kommentera detaljar. Han vil difor verken seia noko om når innbrotet vart varsla eller kor mange som er råka, og heller ikkje noko om kva som kan vera på avveie.
— Men i dag tidleg gjekk det ut melding til alle tilsette om at dei måtte byta passord. Me har i tillegg innført totrinnspålogging, seier Fossland.
Avdelingsdirektør Mona Strøm Arnøy i Nasjonal Sikkerhetsmyndighet seier til VG at dei undersøkjer om hendinga kan knyttast til liknande dataangreep dei siste dagane. Mellom anna har Hurtigruten nyleg vorte utsett for eit omfattande angrep.
— Me ser ingen samanheng per no, men det er ein av tinga me undersøkjerm seier Arnøy til VG.
Samarbeider med styresmaktene
I pressemeldinga seier Fossland at universitetet samarbeider tett med styresmaktene og Uninett for å få oversikt over kva som har skjedd og potensielt skadeomfang.
Innbrotet i Tromsø er langt frå det første, verken i sektoren eller i landet. I august opplevde både studentar og tilsette ved Norges Handelshøyskole (NHH) at brukarnamn og passord vart stolne. Då viste ein rapport frå tryggleiksfirmaet Check Point ein stor auke i talet på angrep mot kunnskapssektoren.
Universitetet i Oslo sin IT-sjef Espen Grøndahl har tidlegare sagt til Khrono at ein ser fleire målretta angrep ein før.
Fleire saker
Jørgen Fossland ønskjer ikkje å seia noko om kven UiT trur kan stå bak angrepet. Tidlegare har andre land prøvd å hacka norske akademikarar: I 2015 skal 43 forskarar ha vorte forsøkt hacka av Iran, har Khrono tidlegare skrive.
I september vart det kjent at Stortinget var hacka. NRK skriv at PST meiner Russland stod bak, og at både private og offentlege verksemder skal ha vorte angripe samstundes.
Nylige artikler
Hva er vårt forsvarsverk for akademisk frihet?
Når data ikke er nok
Kristina måtte laga regel for seg sjølv: Ikkje jobba etter midnatt
Overvåkningskamera ved NTNU lå åpent tilgjengelig i over seks år
En stålhanske i fløyel mot akademisk frihet
Mest leste artikler
Texas-universitet ville sensurere Platon på pensum
Studenten hadde kun én eksamen igjen da han ble tatt for fusk
«Forskningsdetektiv» får 26 millioner etter å ha avslørt fusk
Nobelprisvinner ut mot amerikansk akademia: — De har seg selv å takke
— Det er ingen grunn til å tro at vi uten videre kan stole på universitetene i krisetider