Petter Bjørstad, UiB, Olav Lysne, Simula, Kjell Jørgen Hole, Simula@UiB og samferdselsmininster Ketil Solvik Olsen (FrP) var alle til stades då det nye senteret for datatryggleik blei formelt opna torsdag. Foto: Ida Bergstrøm

Utdanner ny generasjon med kryptologar

Korleis kan ein sikre seg mot farar ein enno ikkje veit om? Forskarane og studentane på det nye senteret Simula@ Bergen har éit hovudmål: Å trygge våre framtidige data.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Tenk deg at du skal bygge eit hus. Då treng du gode byggesteinar. Du treng også ein sterk grunnmur, startar Kjell Jørgen Hole, professor ved Institutt for informatikk ved Simula@ Bergen til På Høyden. Og han fortsettar:

— Deretter må du sette  desse saman på ein måte som gjer at huset blir solid. Slik er det med tryggleiksmekanismene innan IKT-system også. Vi må lage delar som toler angrep. Og vi må sette dei saman på ein måte som gjev vern mot intelligente fiendar.

Saman med Øyvind Ytrehus skal Hole leie det nye senteret for datatryggleik.

Opna sist torsdag

Senteret opna formelt torsdag, og er eigd av UiB og forskingslaboratoriet Simula i Oslo.

Hovudmålet vårt er å utdanne fleire tryggleiksekspertar på master- og phd-nivå.

— Kandidatane vert rekrutterte frå matematikk og informatikk. Når dei er ferdig utdanna vil det vere eit stort behov for dei, seier Kjell Jørgen Hole.

Sikrar krypto-miljøet for framtida

For gamle Norge treng kryptologar. I dag vert det utdanna for få.

— Dette er teknologi og kompetanse ein ikkje enkelt kan kjøpe frå utlandet. Vi såg at den norske kryptografiaktiviteten var på veg ned. Dette ville vi gjere noko med. Det er viktig å halde på den kompetansen som finst, samt utdanne nye kandidatar, seier Kjell Jørgen Hole.

Simula@Bergen vil utdanne kandidatar som kan arbeide med ikt-tryggleik i til dømes forsvaret, innan finans, telekommunikasjon og transport.

— No har vi åtte stipendiatar. Vi har planar om å auke talet på desse, seier senterleiaren.

Sikrar eigen tryggleik

Det totale budsjettet er på om lag 14 millionar kroner. På sikt vil dei posisjonere seg for å få fleire løyvingar.

Senteret har fått ei grunnløyving frå Samferdselsdepartementet på fem millionar kroner i året.

Torsdag var samferdselsminister Ketil Solvik Olsen i Bergen for å opne Simula@ Bergen.

— Norge er langt framme med å digitalisere ei rekkje sektorar. Vi kunne satsa alt på at amerikanarane ville ta seg av datatryggleik. Men vi har ei eigeninteresse av å ta vare på vår eigen tryggleik, seier samferdselmininster Ketil Solvik Olsen til På Høyden.

Høg tillit i Noreg

— Kva ventar du at Simula@UiB skal tilføre samfunnet?

— Den norske tilliten til dei digitale systema vi bruker i kvardagen er eksepsjonelt stor. Simula@UiB skal hjelpe oss med å lettare sjå kvar vi er sårbare, og fortelje oss kva kjeltringane i verda held på med. Dei må ligge i forkant, og fortelje oss korleis vi gjennom til dømes kryptering kan sikre oss mot åtak, seier Ketil Solvik Olsen til På Høyden.

— Kjell Jørgen Hole og teamet hans ser for seg å vekse. Då er ikkje fem millionar i grunnløyving tilstrekkeleg i lengda. Kva skal dei hente ytterlegare finansiering frå?

— Dersom dei klarer å vise resultat, er eg viss på at dei vil få andre investorar og støtteaktørar etter kvart.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS