Debatt anders hellestveit

Akademikerne vil gi meir til dei som har mest

For å melda seg inn i eit forbund i Akademikerne må ein ha mastergrad. Likevel påstår dei at dei ikkje er bygd på ekskludering.

Lønnskampen må arbeidarane i staten ta i samla flokk, meiner NTL Landbruksdirektoratet ved Anders Hellestveit, som synest Akademikerne er ekskluderande ved å kun forhandle på vegne av dei med høg utdanning. Illustrasjonsfoto: Birna Rørslett
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Å skilja mellom høgt utdanna og andre arbeidstakarar er Akademikerne sin grunntanke. Om det faktisk fungerer til det beste for arbeidstakarar å organisera seg slik, er me sterkt ueinige om. Men at det er sosialt eller inkluderande kan det vel ikkje vera mogleg å påstå.

Akademikerne kan ikkje lata som at det er slik at høgt utdanna ikkje er vinnarane lønsmessig.

Anders Hellestveit, leiar i NTL Landbruksdirektoratet

Når Akademikerne utelukkande fremjar saka til dei høgt utdanna, og krev å få opp lønsnivået deira for at staten skal vera konkurransedyktig i møte med privat næringsliv: tenker dei på kven som betalar prisen for det? Kva slags grupper av tilsette er det som skal få mindre for at dei skal få meir? Det er sjølvsagt dei som allereie har minst. Og dei lågtlønte får merka prisauken i samfunnet minst like godt som dei med tjukkare lommebok.

29. januar publiserte Khrono mitt innlegg om organisasjonsfridomen til statstilsette. I teksten oppmodar eg fagorganiserte på Akademikerne sin tariffavtale til å vurdera å melda seg over til den andre avtalen før neste periode, fordi eg meiner at det ideologiske grunnlaget til Akademikerne er usosialt og usolidarisk.

Leiar i Akademikerne Stat, Kari Tønnessen Nordli, skriv den 31. januar at dette ikkje kan stå uimotsagt, men følgjer det opp med ein tekst som ikkje med eit einaste ord forsøker å tilbakevisa påstanden. I staden ramsar ho opp nokre talepunkt om at utdanning skal løna seg og at staten treng arbeidskraft med høg kompetanse. Som om nokon har vore ueinige i det.

NTL, som er den største fagforeininga i staten, organiserer sjølvsagt ein stor andel av høgt utdanna statstilsette. Me tek med mange faktorar i vurderinga av kva slags lønsnivå tilsette skal ha. Utdanningsnivå og kompetanse er sjølvsagt viktige faktorar, i lag med til dømes ansiennitet, erfaring, og lønsnivået til kollegaar med tilsvarande ansvar og oppgåver. Me vil nemleg gjera noko med heilskapen i lønsstrukturen.

Lønsutviklinga til ulike individ og grupper med både høg og låg utdanning må vegast opp mot kvarandre. Det er slike vurderingar våre tillitsvalde gjer i lønsforhandlingar. Og det er slike vurderingar Akademikerne har utelukka seg sjølv frå ved å berre organisera høgt utdanna. Det må jo vera fint for dei å sleppa å forholda seg til heilskapen, men om alle hadde gjort det, hadde heile den norske modellen forvitra, og ulikskapane hadde vakse meir enn dei allereie gjer.

Allereie i dag er det dei med høgast utdanning som tek det klart største stykket av kaka i staten, som andre stader. Akademikerne kan ikkje lata som at det er slik at høgt utdanna ikkje er vinnarane lønsmessig. Skilnadane er der allereie, mange stader er dei svært store, og Akademikerne gjer sitt for at dei skal kunna bli endå større.

NTL kjempar òg for å auka lønsnivået i staten, for både dei med høg og låg formalkompetanse, slik at me kan rekruttera dei best kvalifiserte til dei viktige jobbane som statstilsette utfører. Men kampen tek me best i samla flokk, som ei sterk og inkluderande fagrørsle som evnar å sjå heilskapen, ikkje splitta opp i særinteresseorganisasjonar for dei mest privilegerte.

Når Nordli skriv om Akademikerne sitt arbeid for lokale forhandlingar, skriv ho ikkje eitt ord om at dei fører til større økonomiske skilnadar, uansett kor godt dei lokale tillitsvalde kjenner sine verksemder. Det å flytta forhandlingar ut i verksemdene fører til større trynetillegg og mindre utjamning. Og når ho skriv om at tariffbinding er vanleg i andre sektorar, nemner ho ikkje at staten hadde ein felles hovudtariffavtale, fram til Akademikerne valte å bryta ut av denne i 2016, og dermed skapte dagens problem med overgangar.

Akademikerne må gjerne byggja politikken sin på eit ønskje om større differensiering i lønspolitikken. Men då må dei òg tørra å stå for at dette i praksis betyr større skilnadar mellom høgt- og lågtlønte. Og dei må definitivt tola at nokon meiner at det i seg sjølv er både usosialt og ekskluderande.

Les også:

Følg fleire debattar i akademia på Khrono meiningar

Powered by Labrador CMS