Debatt anders hellestveit

Statstilsette har ikkje reell organisasjons­fridom

— Berre rett i forkant av overgangen til ny tariffperiode, helst innan midten av februar i år, kan tilsette gå over frå forbund på den eine avtalen til forbund på den andre utan å risikera å mangla representasjon ved neste lønsforhandling.

Mange Akademikerne-medlemmer vert verva som studentar, når dei har større tilknyting til faget sitt enn til ein sektor i arbeidslivet eller ein arbeidslivspolitisk ideologi, skriv Anders Hellestveit.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Som arbeidstakar i Noreg tenker dei fleste at dei står fritt til å velja kven som skal representera oss i dialog med vår arbeidsgjevar. For statstilsette er det satt opp alvorlege hinder for at me skal kunna gjera dette. Til våren skal nemleg tilsette i staten forhandla ny toårig hovudtariffavtale.

Då vert kvar enkelt bunden til den avtalen dei er med i per 1. mai 2022 og ut heile den toårige tariffperioden, sjølv om dei skulle melda seg ut av foreininga som dei er medlem av på tidspunktet avtalen trer i kraft. Dette hindrar reell organisasjonsfridom, og det er all grunn til å revurdera kva slags tariffavtale ein støttar før ein bind seg til masta for to nye år.

Der andre fagforeiningar stort sett er bygd på felles interesser på tvers av stillingskodar og utdanningsnivå, er modellen til Akademikerne bygd på splitting og ekskludering.

Anders Hellestveit, leiar NTL Landbruksdirektoratet

Mange høgt utdanna opplever det som naturlig å organisera seg i eitt av forbunda under Akademikerne-paraplyen, utan å tenka over at Akademikerne er bygd på annan ideologi enn dei fleste fagforeiningar. Akademikerne jobbar for ein «marknadsrelatert og differensiert lønnspolitikk», noko som betyr at dei ønskjer større lønsulikskap blant tilsette i staten.

Der andre fagforeiningar stort sett er bygd på felles interesser på tvers av stillingskodar og utdanningsnivå, er modellen til Akademikerne bygd på splitting og ekskludering. Dei utan mastergrad får ikkje vera med i Akademikerne.

Ein interesseorganisasjon for dei som har liknande utdanning gjev kanskje eit meir spesialisert medlemsblad, men er langt frå det fellesskapet ein fagforeining bør vera. Samhald og solidaritet med kollegaar burde ikkje avhenga av kor mange studiepoeng dei har.

Den usosiale lønspolitikken fungerer heller ikkje nødvendigvis til det beste for medlemmane. For fjerde gong er det sannsynleg at hovudtariffavtalen i staten i 2022 vert splitta i to avtalar med ulik lønsfordeling, slik den har vore sidan Akademikerne braut ut frå den felles avtalen som var norma fram til 2016.

Når lønsoppgjeret skal forhandlast, er det på Akademikerne sin avtale slik at heile potten går til lokal forhandling, og det gjer at dei av medlemmane som ikkje vert prioritert i dei lokale forhandlingane, heller ikkje får ei krone i sentrale tillegg, og risikerer betydeleg reallønsnedgang.

I tillegg er det slik at splittinga i to ulike tariffavtalar gjer at Akademikerne berre forhandlar om potten til eigne medlemmar. Det betyr at dei berre kan omfordela pengar mellom sine eigne, medan dei andre fagforeiningane kan koma ut med gevinst fordi dei òg forhandlar om pengar som er basert på dei uorganiserte sin del av lønsmassen. Fafo sin årlege gjennomgang av forhandlingane i staten tydar på at dette fører til økonomisk gevinst for dei av oss som ikkje er i Akademikerne.

Akademikerne-medlemmar fortel meg ofte at dei ideologisk høyrer heime i ein meir inkluderande og solidarisk fagforeining, men melder seg likevel ikkje over. Mange vert verva som studentar, når dei har større tilknyting til faget sitt enn til ein sektor i arbeidslivet eller ein arbeidslivspolitisk ideologi.

Når ein kjem ut i jobb er terskelen for å byta organisasjon brått høg, sjølv om ein gjerne er ueinig i arbeidslivspolitikken til Akademikerne. Det er synd fordi det styrker den mindre solidariske sida av det organiserte arbeidslivet, og gir større avstand mellom høgt- og lågtlønte.

I lys av dette er det utruleg at for dei som av praktiske eller ideologiske grunnar ynskjer å gå frå ein tariffavtale til ein annan, er opninga for overgang heilt minimal. Berre rett i forkant av overgangen til ny tariffperiode, helst innan midten av februar i år, kan tilsette gå over frå forbund på den eine avtalen til forbund på den andre utan å risikera å mangla representasjon ved neste lønsforhandling.

Det betyr at om du vel å aktivt melda deg over frå Akademikerne til eit LO-, YS- eller Unio-forbund i mai 2022, vil ikkje den fagforeininga kunna forhandla løn for deg før tidlegast i mai 2024, to år og to lønsoppgjer seinare. Partane bør endra dette i årets forhandlingar, for det er klart i strid med organisasjonsfridomen til statstilsette.

Les svaret fra Akademikerne her

Endringslogg:
03.02.2022: Oppdatert med link til svarinnlegg fra Akademikerne kl 10:05

Les også:

Følg flere debatter i akademia på Khronos meningsside

Powered by Labrador CMS