høgskulen i volda
Har hatt 24 styremøte i løpet av eitt år: — Dei kjem seg ikkje opp av grøfta
— Ein kan skifta ut eit styre. Det er kontroversielt, men ikkje ulovleg, og eg meiner ein bør gjera det i denne saka, seier Magne Lerø om Høgskulen i Volda.
— Når ein varslar om konflikter, så aukar konfliktane på. Det har ein ei ekstremutgåve av i Volda.
Det seier Magne Lerø, redaktør i Dagens Perspektiv og Samtiden. Han har vore leiar og skrive om leiing i årevis.
Frå 19. desember i fjor til 11. desember i år hadde styret ved Høgskulen i Volda (HVO) hatt 24 styremøte. Ingrediensane i saka som har kome til overflata, er konflikt, varsling, sluttavtalar, oppseiing, mistillit og omgjering av oppseiingsvedtak.
— Kjenner du til andre tilfelle med så mange styremøte?
— Dersom ein er ei verksemd som til dømes er i økonomiske vanskar, er det ikkje uvanleg å ha mange styremøte. Men her har ein styremøte for å finna ut kva dei skal gjera. Ein er i grøfta — og ein kjem seg ikkje opp, seier Lerø.
Han seier at ei konfliktsak er vanskeleg å handtera for eit styre: Det er mange personar og kan vera vanskeleg å samla seg.
— Dette er endå eit døme på at varsling når det handlar om konfliktar, gjer vondt verre, seier Lerø.
Han viser til at aktørane i denne saka har varsla på kvarandre.
— Det gjer at alle normale prosedyrar og reglar er ute av spel og mange er inhabile.
Fire styremøte i løpet av seks veker
— Eg tenkte ikkje at denne saka kom til å rulla og gå. Eg trur ikkje nokon hadde tenkt det, seier Eirik Søvik.
Han er prorektor ved høgskulen, men har det siste året fungert som møtesekretær i mange styremøte.
På sakskartet 19. desember i fjor stod det «klagesak». Tre dagar seinare, altså bitte lille julaftan, hadde styret eit nytt møte — med same sak på agendaen.
2024 starta med styremøte 21. januar, før styret var samla igjen 6. februar, 25. februar og 6. mars. Alle gongar var det same sak som vart handsama, med litt ulik tittel.
7. mars kom det første ordinære styremøtet, med saker som HMS-rapport, årsrekneskap og langsiktig investeringsplan — altså heilt ordinære styresaker.
— Eg håpar eg ikkje skal handtera innsynskrav denne romjula, seier Søvik, noko tørt, når Khrono snakkar med han nokre dagar før jul.
Inhabil rektor
Det byrja altså med ein klage, som vart definert som eit varsel, mot høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem. Klagen kom etter at ein vitskapeleg tilsett meinte at direktøren hadde blanda seg inn i eit forskingsprosjekt.
Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim hadde vore involvert i same saka, og ifølgje møteprotokollen vart han funnen inhabil allereie 19. desember. Eirik Søvik vart funnen habil til å vera møtesekretær, og professor og styremedlem Silje Louise Dahl vart peika ut som møteleiar. I møtet 22. desember fekk ho òg rolla som mediekontakt.
Det har ikkje lukkast Khrono å få ein kommentar frå Dahl til denne saka.
Søvik seier at det er uvanleg at det er prorektor som sit med mellom anna innsynskrav — som det har vorte mange av. Men, som Khrono har skrive, når direktør er inhabil i eit sakskompleks, vert resten av administrasjonen det same. No skal høgskulen få bistand frå Universitetet i Oslo, etter at rektor bad Kunnskapsdepartementet om både hjelp og moglegheit til å nytta ein annan utdanningsinstitusjon sine rammeavtalar.
Kritikkverdig
22. desember 2023 vedtok styret å henta inn ekstern juridisk bistand til å handsama saka, og 6. mars 2024 vedtok styret, i nok eit ekstraordinært styremøte, å ta rapporten frå advokatfirmaet til vitande.
Der var konklusjonen at direktøren hadde handla kritikkverdig. Og:
«At direktør, etter en samlet vurdering, anses å ha handlet i strid med forskerens akademiske frihet, er objektivt sett egnet til å gi grunnlag for en administrativ og/eller arbeidsrettslig konsekvens».
Og det var det neste som skjedde: I eit nytt ekstraordinært styremøte 22. april, vedtok styret å seia opp høgskuledirektøren. Mellom møtet der dei handsama advokatrapporten, og møtet der direktøren vart sagt opp, hadde det vore endå tre ekstraordinære møte.
Emblem har, med unntak av ein kort periode i vår, vore i arbeid heile tida, òg medan ho og styret venta på avgjerdsla frå Kunnskapsdepartementet. Emblem klaga på oppseiinga, noko som var grunnen til at saka hamna i departementet.
Det har kome fram i styremøte òg etter oppseiinga i april at samarbeidet mellom henne og rektor har vore krevjande: «Rektor er ikkje einig i direktør sitt saksframlegg, og vil legge fram sitt syn i styremøtet», heitte det mellom anna i ei sak som skulle handsamast i mai. I september var samarbeid igjen tema i styremøtet. Då vedtok styret noko dei sjølve ikkje meinte burde vera naudsynt: «På bakgrunn av saksframstillinga, understrekar styret kor viktig det er at leiinga ved HVO utvekslar informasjon i vesentlege saker»
90 mediesaker
Både Khrono og lokalavisa Møre-Nytt byrja å skriva saker om tilhøva ved høgskulen allereie tidleg i år, mellom anna om det omtala forskingsprosjektet, om tilsette som meinte dei var kalla inn på teppet og om fagforeiningar som ikkje ville samarbeida med direktøren og hadde varsla mot henne.
Skrive saker har begge avisene så gjort gjennom heile året. To kjappe nettsøk gir 57 saker knytt til konflikt ved høgskulen i Møre-Nytt og 35 saker i Khrono.
— Ikkje ein ønska situasjon mediemessig, kommenterer rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
Han seier at høgskulen må vera ein seriøs arbeidsgivar og difor ikkje svara ut alle spørsmåla som kjem.
— Mi oppleving er at alle som er tilsett ved høgskulen jobbar godt for HVO, det må me òg få betre fram i media, seier Tonheim, og trekkjer fram at å jobba med den nye doktorgraden og med studentrekruttering og særleg fleire studentar på campus, vert viktig framover.
— Gjer ei sak som den de har stått i i 2024 noko med omdømmet til høgskulen?
— Det er ikkje ein god situasjon.
Ingen kommentar frå direktøren
Sommaren og hausten 2024 kom med fleire saker om mellom anna sluttpakkar. Ei sluttpakke til ein tilsett som brått fekk ei ny stilling ved høgskulen, er etter det Khrono kjenner til ei av sakene som har vore handsama i lukka møte i haust.
14. november kom meldinga om at Kunnskapsdepartementet kjende vedtaket om å seia opp høgskuledirektøren ugyldig.
«Etter en samlet vurdering har departementet kommet til at det foreligger mangler ved HVOs saksbehandling av oppsigelsen. Feilene ved saksbehandlingen kan ha virket bestemmende på avgjørelsens innhold», heiter det i grunngivinga.
Khrono har i heile år hatt vanskar med å få kommentarar frå høgskuledirektøren. Heller ikkje til denne saka har redaksjonen lukkast i det.
Advokaten hennar, Andreas Holmes-Ringstad, skreiv følgjande i ein sms til Khrono då vedtaket frå departementet kom: «Fra vår side kom ikke dette vedtaket som noen overraskelse. Dette er i tråd med vår argumentasjon. Utover det vil vi ikke gi ytterligere kommentarer. Ann-Kristin Emblem har ikke på noe tidspunkt hatt et ønske om å være del i en mediesak. Det gjelder fortsatt, selv om vedtaket gikk i hennes favør.»
Til Møre-Nytt har Emblem sagt at det siste året har vore tøft. Ho har òg sagt at det ikkje har vore behageleg å sitja i møte med styret — som samrøystes sa henne opp.
— Men eg oppfattar det som ein del av oppgåva mi som direktør og som ein konsekvens av at eg vel å møte på jobb. Då må ein stå i det, sa ho.
At ein har brukt mykje tid på konfliktsaka, men òg på ei sak om ein avtale mellom høgskulen og Sunnmøre kulturnæringshage, som på mange vis kan seiast å vera ein del av det same sakskomplekset, har gjort at det har vorte mindre tid til andre saker.
— Om ein ser litt enkelt på det, så har me mista det siste året med arbeid, sa Emblem til Møre-Nytt i november.
Også i det siste styremøtet i år, eit ordinært møte 11. desember, sa ho at ein hadde mista eit år med arbeid og at ein har ei leiing som ikkje jobbar strategisk.
Vegen vidare
11. desember hadde høgskulestyret sitt til no (denne saka er skriven 23. desember, journ.anm) siste styremøte for året. I det 22. styremøtet i år handsama det ei sak om vegen vidare. Det skjedde etter at leiinga ved høgskulen ved fleire høve har vorte kalla inn til møte med Kunnskapsdepartementet.
Saka var unnateke offentlegheit.
Så vidt Khrono veit har det ikkje vorte konkludert i saka som gjeld oppseiing av direktøren.
— No må me vurdera kva konsekvensar dette vedtaket får og me må vurdera ulike handlingsalternativ, utifrå kva som er best for tilsette og studentar ved høgskulen, sa Silje Louise Dahl til Khrono i november.
Meiner styret må bytast ut
Magne Lerø er tydeleg på at noko no må gjerast:
— For det første burde høgskulen ha bede om bistand mykje tidlegare i prosessen, seier han, og peikar på fire måtar ein kan løysa ei konfliktsak som den høgskulen no står i:
- Juridisk
- Velja å leva med situasjonen
- Få inn annan ekspertise som kan hjelpa med å få til samarbeid
- Nytt styre
— Ein kan skifta ut eit styre. Det er kontroversielt, men ikkje ulovleg, og eg meiner ein bør gjera det i denne saka. I tillegg er det mest naturlege at direktøren får ein sluttpakke. I ei slik sak er det ikkje uvanleg at ein må ut med i alle fall to årsløner, seier Lerø.
Han understrekar at det at eit styre har sagt at det ikkje har tillit til direktøren, ikkje er ein sakleg grunn til oppseiing.
— Men kanskje må ein likevel gå til retten. Det finst døme på at retten har sagt at oppseiinga er tynn, men konkludert med at den som vart sagt opp må få ein kompensasjon. Ein kan ikkje vera leiar i årevis dersom det ikkje fungerer.
Krev 300.000 kroner
2024 vert etter alt å døma avslutta utan nokon konklusjon. Det siste som så langt har skjedd, er at Emblem sin advokat no krev å få dekka kostnader knytt til saka. Det skriv Møre-Nytt. Summen er vel 300.000 kroner — 75,5 arbeidstimar.
— Det har vore eit stort omfang saksdokument og mangelfull saksbehandling frå Høgskulen i Volda si side. Dette gjorde det vanskeleg å få oversikt over saka, skriv advokat Andreas Holmes-Ringstad i eit brev avisa har fått innsyn i.
Det er Kunnskapsdepartementet som har fått kravet.
Advokaten viser til forvaltningslova, der det vert slått fast at den som får medhald i ei klagesak, kan krevje å få dekt nødvendige kostnadar knytt til prosessen.
— Kostnadene til juridisk bistand bør på bakgrunn av dette i sin heilskap sjåast som nødvendige, heiter det i kravet.
Nyeste artikler
Anklager universiteter og høgskoler for brudd på opphavsretten og ulovlige retningslinjer
Taliban bruker brudd på kvinners rettigheter som våpen
Få registrerer biarbeid. Nå skjerpes reglene
Is courageous leadership rare in academia?
Få spørsmål til Oddmund Hoel i Stortinget: — Lite uenighet og oppmerksomhet
Mest lest
«Ingen» studentar veit kven han er: — Dette er for dårleg
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Varslere står fram med alvorlige anklager mot Tromsø-professor
LO vil ha bachelor, master og ph.d. på fagskoler. — Skaper forvirring
Har hatt 24 styremøte i løpet av eitt år: — Dei kjem seg ikkje opp av grøfta