Høgskulen i Volda

Det meste har låst seg i ein langvarig konflikt i leiinga ved Høgskulen i Volda. No snakkast det om «eskalerande krise», «svertekampanje»  og «maktkamp».  

Ein trebåt under bygging i Bjørkedalen. ...det er vanskeleg å sjå kva som er dei faglege gevinstane for ei brei kulturfagleg avdeling med å samarbeide om trebåtar», skreiv tidlegare rektor Johann Roppen rett før han gjekk av .

Soga om maktkamp i Volda, krise og jakta på 2,2 millionar som forsvann ut av høgskulen 

Publisert Oppdatert

Volda / Bergen (Khrono): Dette er soga om korleis Høgskulen i Volda har overført 2,2 millionar kroner til ein kommunal næringshage for mellom anna å bruka pengar på kurs i pusteteknikk og sertifisering av skogsbadeguidar. 

Det er soga om maktkamp, manglande tillit i leiinga og mogleg manglande fagleg forankring av fleire prosjekt. Mellom anna bygging av trebåtar. 

Og det handlar om flytting av pengar ut av høgskulen, utan at det er mogleg å få dei tilbake.

Seinare i juni får høgskulestyret pengeflyttinga på sitt bord

«Fleire i leiinga har høyrt at fleire sider ved denne saka har vorte omtala på bygda. Me treng difor ein beredskap på kva som kan eller bør seiast den dagen folkesnakket når fram til media».

Soga i korte trekk

  • Underteiknar avtale

    Unni Hagen, som dekan, underteiknar avtale med Sunnmøre kulturnæringshage på vegner av høgskulen. Her står det at kulturnæringshagen innan utgangen av 2021 skal fakturera høgskulen for 1, 25 millionar kroner

  • Emblem tilsett

    Ann-Kristin Emblem tilsett som høgskuledirektør. Ho kom frå stillinga som studiedirektør, og hadde allereie vore konstituert som høgskuledirektør eit par månader

  • Rektorkandidat

    Khrono skriv at Unni Hagen er ein av to som er nominerte som rektorkandidat ved høgskulen. Ho trekkjer seinare kandidaturet sitt fordi ho ikkje finn ein prorektorkandidat

  • Søkjer dekanstilling

    Unni Hagen er på søkjarlista til dekanstillinga ved Avdeling for kulturfag. Ho vart tilsett første gong i 2019.

  • Fråsegn frå tilsette

    Tilsette sender ei fråsegn der dei gjer det klart at dei ikkje ønskjer Unni Hagen som dekan i ein ny fireårsperiode. Hagen får ikkje stillinga

  • Ny stilling

    Ann-Kristin Emblem tilset Unni Hagen som spesialrådgivar, ei tilsetjing som fagforeiningane reagerer på

  • Notat frå Roppen

    Johann Roppen har sin siste dag som rektor ved Høgskulen i Volda, etter å ha vore rektor i åtte år. Han leverer eit notat der han mellom anna er kritisk til Hagen si rolle og til avtalen med kulturnæringshagen

  • Ber om svar

    Ny rektor, Odd Helge Mjellem Tonheim, sender ein e-post til Emblem der han tek opp det han kallar økonomisaka og prosjekta Avdeling for kulturfag har saman med Sunnmøre kulturnæringshage

  • Forsøk på å få sak til styret

    Ann-Kristin Emblem svarar. Dette er starten på ein lang korrespondanse der rektor fleire gongar ber om ei sak til styret. 5. desember sender rektor, no som styreleiar, ein e-post til styret der han beklagar at saka ikkje kjem til styremøte 7. desember. Då har styremedlem Randi Bergem i styremøtet 27. oktober bede om at det skulle koma opp ei sak. Bergem sender så, tidleg i januar, ein e-post med moment ho vil ha opp i ei styresak

  • Varsel mot direktør

    Førsteamanuensis Stein Conradsen sender inn eit formelt varsel mot høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem. Han meiner ho har blanda seg inn i eit forskingsprosjekt, noko han meiner er i strid med akademisk fridom. Høgskulestyret har ekstraordinære møte både 19. og 22. desember der det vert bestemt å henta inn ekstern advokathjelp i samband med denne saka

  • Brev til Riksrevisjonen

    Nokon sender eit brev til Riksrevisjonen og varslar om forhold ved høgskulen.

  • Første av åtte styremøte

    Høgskulestyret har det første av i alt åtte ekstraordinære styremøte denne vinteren og våren. Det siste er 22. april, då er vedtaket å seia opp høgskuledirektøren

  • Varsel frå rektor

    Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim leverer varsel mot Ann-Kristin Emblem. Same dag har høgskulestyret møte. Saka om samarbeid med kulturnæringshagen er oppe som lukka, munnleg sak.

  • Konklusjon frå advokatfirma

    Khrono skriv at konklusjonen til advokatfirmaet er at direktøren har handla på ein måte ho ikkje burde i saka om forskingsprosjektet

  • Varsel frå fagforeiningar

    Khrono skriv at alle fagforeiningane ved høgskulen har levert eit felles varsel mot høgskuledirektøren

  • Varsel om oppseiing

    Ann-Kristin Emblem får varsel om oppseiing. Her vert det, i tillegg til saka Conradsen peika på, mellom anna lagt vekt på samarbeidsproblem og manglande oppfølging av mellom anna styresaker

  • Emblem svarar

    Ann-Kristin Emblem svarar på varselet, via sin advokat. Konklusjonen deira er at det ikkje ligg føre ein faktisk eller rettsleg grunn til oppseiing

  • Debatt i lokalavisa

    Unni Hagen har eit debattinnlegg på trykk i lokalavisa Møre-Nytt, stila som eit ope brev til rektor ved Høgskulen i Volda. Andre tilsette og tidlegare rektor Johann Roppen svarar

  • Oppseiing

    Eit samrøystes høgskulestyre vedtek å seia opp høgskuledirektøren

  • Kritikk frå samrøystes styre

    Høgskulestyret har ordinært møte. Denne gongen er saka om samarbeid med kulturnæringshagen oppe som skriftleg sak. Både styreleiar og resten av styret er kritiske til saksframstillinga, og styret vedtek at dei ønskjer mykje meir dokumentasjon til neste ordinære møte 20. juni

  • Emblem klagar

    Møre-Nytt skriv at Ann-Kristin Emblem har klaga på oppseiinga. Det betyr at høgskulestyret må handsama saka på nytt, noko som ifølgje fungerande styreleiar Silje Louise Dahl skal skje i eit ekstraordinært møte. Khrono har bede om innsyn i klagen, men har førebels fått nei

Dette skreiv dåverande rektor Johann Roppen like før han gjekk av som rektor etter åtte år ved Høgskulen i Volda sommaren 2023. 

Han hadde skrive ned sine synspunkt om fleire saker som hadde uroa han som rektor, men som han ikkje hadde fått gjort noko med. 

No har ein del dokumentasjon om sakene og «folkesnakket» Roppen frykta, nådd media. Fleire sentrale aktørar i sakene har bestemt seg for ikkje å seia nokonting om dette til media. Johann Roppen sjølv er ein av dei.

Roppen: «I grenselandet» 

Johann Roppen var rektor ved Høgskulen i Volda i åtte år. - Slik eg oppfattar spørsmåla/sakene har det av ulike grunnar vore vanskeleg å løyse dei innanfor min rektorperiode, skriv han i eit notat.

Roppen leverte eit notat på ni sider, stila til påtroppande rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og til høgskuledirektøren han hadde tilsett hausten før, Ann-Kristin Emblem. Tema var fagleg/administrativt grenseland.

«l grenselandet mellom fag og administrasjon er det viktig med open og tydeleg dialog. Sidan eg sluttar som rektor 1.8.2023 har eg skrive dette notatet for å kome med mine synspunkt på nokre aktuelle spørsmål og saker som ligg i dette grenselandet og som vi berre delvis har fått snakka om i rektorat/direktørmøta. Slik eg oppfattar spørsmåla/sakene har det av ulike grunnar vore vanskeleg å løyse dei innanfor min rektorperiode, så dette notatet er også̊ mi oppsummering og vurdering av sakene som eit grunnlag for vidare arbeid for rektor/direktør», skreiv Roppen.

— Sakene er krevjande på ulike måtar, skreiv han vidare, og sa at nokre må verta avklara dei næraste månadene i eit samarbeid mellom rektor og direktør.

10 månader seinare er mykje framleis uavklart, og høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem er sagt opp av høgskulestyret med delvis grunngjeving i nokre av sakene — ei avgjersle ho har klaga på. Og samarbeidet mellom noverande rektor og direktøren er på frysepunktet.

Ville informera styret

I Storgata i Volda held Sunnmøre kulturnæringshage til. 

Næringshagen vart oppretta allereie i 2011, og den første avtalen med høgskulen vart oppretta to år seinare. Der heiter det at høgskulen skal legga til rette for at kulturnæringshagen skal kunne gjera tilbodet sitt til studentar synleg. Dette skal skje gjennom deltaking på arrangement ved studiestart og elles gjennom studieåret der dette er naturleg. 

Det heiter òg mellom anna at «målbedriftene i næringshagen kan etter nærare avtale med Avdeling for mediefag få tilgang til fagleg rådgiving samt leige disponibelt teknisk utstyr og fasilitetar som mediefaga har til slikt føremål. Verdien av rådgivinga er avgrensa til maksimalt kr 200 000 årleg».

I 2022 vart det inngått ein ny avtale.

Men i det siste har det vore det som vert karakterisert som «snakk», og konfliktnivået i leiinga ved høgskulen har vore høgt, knytt til avtalen mellom høgskulen og kulturnæringhagen.

For kva går eigentleg samarbeidet mellom kulturnæringshagen og høgskulen ut på no? Kva prosjekt er det ein har brukt pengar på? Er det fagleg forankra i høgskulens program? Og er flytting av pengar frå Avdeling frå kulturfag ved høgskulen til Sunnmøre kulturnæringshage ein av grunnane til at høgskulestyret sa opp direktør Ann-Kristin Emblem?

I juli 2023 bad dåverande rektor Roppen om at det skulle lagast ei tidslinje over samarbeidet med kulturnæringshagen og at aktuelle dokument om samarbeidet skulle samlast.

— Det kan også verta aktuelt å informera styret, skreiv Roppen den gongen for snart eit år sidan.

No ønskjer han ikkje å seia meir enn det han har skrive i notatet. Men dokumenta er framleis ikkje samla, og det finst inga tidslinje. No har styret bede om all dokumentasjon i saka

I tillegg har Riksrevisjonen motteke eit anonymt brev om saka.

 I brevet, som vart sendt i ein anonym konvolutt, utan avsendar, heiter det at «vi har grunn til å tru at midlane er brukte på oppdrag utanfor HVO (Høgskulen i Volda) sitt samfunnsoppdrag og at transaksjonane ikkje er gjort på lovleg måte».

Eitt av stridens eple, Sunnmøre kulturnæringshage, har fått førhandsfakturert pengar i slutten av desember dei to siste åra, frå Høgskulen i Volda.

— Unødvendige, uklare og feilslåtte

Notatet, som Khrono har fått innsyn i, viser at dåverande rektor Roppen var sterkt kritisk til delar av samarbeidet mellom Sunnmøre kulturnæringshage (SKN) og Høgskulen i Volda (HVO). Det er først og fremst Avdeling for kulturfag (AKF) som har samarbeid med kulturnæringshagen. 

Det Roppen særleg var skeptisk til, er førehandsfakturering og manglande fagleg forankring av avtalane. 

Han skreiv:

«Det verkar klart at storleiken på fakturaene frå Sunnmøre Kulturnæringshage var tilpassa det forventa avsetningsnivået på AKF og at SKN kunne fungera som ein slags bank for AKF slik at avsetningane utover 5 prosent framleis kunne verta disponert av avdelinga».

Men kva pengar er det snakk om?

Eit brev datert 8. oktober 2021 viser at høgskulen skulle inngå eit samarbeid med kulturnæringshagen om eit prosjekt kalla innovasjon og arbeidslivsrelevans. Frå før har dei samarbeidd i prosjektet POE, som er støtta av HK-dir. «Praksis-Oppdrag-Entreprenørskap i medie- og kulturfag» (POE) skal auka arbeidslivsrelevansen i medie- og kulturfag, og har fleire aktørar, som Møre og Romsdal fylkeskommune, med på laget. Slik Khrono får det forklart, er dette sett på som eit vellukka og relevant prosjekt.

Men prosjektet «Innovasjon og arbeidslivsrelevans» (IOA) er nytt. Høgskulen skulle, ifølgje avtalen, betala halve prosjektkostnaden, 1,285 millionar kroner, innan utgangen av 2021. Desse pengane skal stå på ein eigen konto hos kulturnæringshagen, kjem det fram i avtalen.

I oktober 2022 vart det inngått ein ny avtale. Den gjeld for åra 2023—27. Kulturnæringshagen skal førehandsfakturera høgskulen fjerde kvartal kvart år for prosjektkostnader for det komande året, heiter det der.

I tillegg til fakturaen som hadde forfallsdato 21. desember 2021, finst det ein faktura på om lag ein million kroner frå desember 2022. Totalt er det altså overført om lag 2,2 millionar frå høgskulen.

«For meg framstår avtalane og dei tilhøyrande utbetalingane som unødvendige, uklare og feilslåtte», skreiv Roppen i notatet, og vidare:

«Avdelinga sine avsetningar har dermed halde fram med å vekse, men no utanfor HVO, og med ein intensjon om at dette systemet skulle halde fram også dei komande åra slikt det går fram av tidsramme for avtalen. Midlar på 2,25 mill. kan ikkje lenger disponerast av HVO, og sidan midlane ikkje alt har vorte tilbakeført til HVO framstår det som vanskeleg å få tilbakeført midlane. Dette er det fullt og heilt direktør som må syte for».

Direktør:  «Ren svertekampanje»

Beskyldningene som fremsettes er til dels grove og klart trakasserende i sin form, og det er satt ut rykter eksternt, skriv direktør Ann Kristin Emblem, mellom anna om saka rundt høgskulens avtale med næringshagen.

Khrono har over lang tid prøvd å koma i kontakt med Ann-Kristin Emblem, utan hell. Advokaten hennar har vore i kontakt med Emblem på vegner av Khrono, og vidareformidlar at ho ikkje har kommentarar til saka. 

Men høgskulen har gitt Khrono innsyn i tilsvaret frå direktør Emblem og hennar advokat knytt til varselet om oppseiing som vart sendt henne 26. mars i år. 

Der skriv ho mellom anna om kritikk av avtalen med kulturnæringhagen. I tilsvaret skriv Emblem at både ho og økonomidirektøren ved fleire høve har svara på rektoratet sine spørsmål i saka. 

«Etter min oppfatning blusset saken opp for å unngå at tidligere dekan ved AKF (Avdeling for kulturfag)  fikk forlenget sitt åremål (dekanen var Unni Hagen, red.mrk.) Beskyldningene som fremsettes er til dels grove og klart trakasserende i sin form, og det er satt ut rykter eksternt, der enkelte har gått så langt som å beskylde vedkommende for økonomisk underslag - påstander som fremstår som en ren svertekampanje. Direktør og økonomi- og eiendomssjef har brukt mye tid på å få avklart både juridiske og økonomiske forhold i saken. Det ble i fjor konkludert med at det ikke er gjort feil, med unntak av at dekan burde avklart med direktør før inngåelsen av selve avtalen jf. delegerings­reglementet. Dette er en handling på linje med andre ledere sine avtaleinngåelser, og gir etter vår vurdering ikke noe grunnlag for å forfølge saken videre, herunder legge saken fram for styret», skriv Emblem.

Emblem har uttalt seg til lokalavisa Møre-Nytt. Der seier direktøren at ho, i samband med at ho har klaga på avgjersla til styret om å seia henne opp, opplever at ho i oppseiingssaka ikkje har vorte gitt tilstrekkeleg høve til kontradiksjon. 

Ho seier at fristane har vore korte og kome seint i prosessen.

— Det at eg kjem med mitt syn på de ulike skuldingane gjennom kontradiksjon blir også brukt mot meg som grunnlag for oppseiinga, skriv ho.

— Ikkje ein ønskeleg situasjon

Volda, 7. mars 2024: Khrono og fleire andre tilhøyrarar vert kasta på gangen då styret ved høgskulen har møte. På dagsordenen står nettopp sak om samarbeid mellom høgskulen og kulturnæringshagen. Saka er ei munnleg sak, utan sakspapir. 

På dette tidspunktet hadde det gått vel fire månader sidan styremedlem Randi Bergem bad om at det skulle koma opp ei styresak om samarbeidet mellom høgskulen og kulturnæringshagen.

Den siste våren Johann Roppen var rektor, var det valkamp ved Høgskulen i Volda. Roppen var inne i sitt åttande år, og kunne ikkje stille til val. 

Unni Hagen, dekan ved Avdeling for kulturfag, ønskte å stilla som rektorkandidat. Ho fann ingen prorektorkandidat. I staden søkte Hagen nytt åremål som dekan. Men då leverte tilsette ei fråsegn der dei åtvara mot å tilsetja Hagen på nytt.

Hagen nådde ikkje opp i kampen om dekanstillinga. 

I staden fekk ho ei stilling som spesialrådgivar i administrasjonen ved høgskulen. Khrono har tidlegare omtalt at det er stilt spørsmål ved tilsetjinga; både arbeidsoppgåver og at det er valt ein stillingskode som ikkje har vore nytta ved høgskulen tidlegare.

— Stillinga er direkte underordna høgskuledirektøren, og får oppgåver frå denne ut frå behov og kompetanse til ei kvar tid, var svaret ein tilsett fekk, eit svar Khrono har sett, etter å i lengre tid ha stilt spørsmål til høgskuledirektøren.

Det var Unni Hagen, som dekan, som underteikna avtalen om flytting av pengar frå Avdeling for kulturfag og til kulturnæringshagen. Ho har òg vore svært aktiv i arbeidet med å få finansiert eit prosjekt om Bjørkedalsbåten, eit prosjekt det òg er stor skepsis til både hos noverande og tidlegare rektor. 

Meir om det prosjektet seinare.

Kritiserer tidlegare dekan

Roppen problematiserer i notatet at tidlegare dekan Hagen ikkje lenger er tilsett i ei fagleg stilling. I dag er ho spesialrådgivar ved høgskulen. Roppen skriv òg at han meiner at avtalane med næringshagen bør avviklast snarast råd. For Roppen er det uklart kven som kan vurdera om prosjekta er liv laga og kan stoppa dei. 

Han kritiserer Hagen si rolle i samarbeidet med kulturnæringshagen: 

«Det var Unni Hagen som gjennom disponeringane som dekan fekk oppretta SKN-kontoen og dei tilhøyrande prosjekta. Så lenge HVO ikkje har fått fullstendig dokumentasjon frå̊ SKN om kva som har skjedd på SKN-kontoen kan ein ikkje utelukke at det har skjedd disponeringar som er i strid med avtalane eller aktuelt regelverk og kan vere aktuelle for vidare oppfølging».

«Som de fleste større organisasjoner preges også Høgskulen i Volda (HVO) av pågående maktkamper, opplevde samarbeidsproblemer, støy i beslutningslinja og krevende arbeidsmiljøutfordringer. » Det skreiv rådgivar Unni Hagen i eit lesarinnlegg i Møre-Nytt tidlegare i år. .

Roppen er òg tydeleg på at Hagen ikkje bør ha ei rolle når det gjeld opprydding i forhold til kulturnæringshagen.

«Mi vurdering er at det både når det gjeld status på prosjekta og plassering i organisasjonen vil vere feil å vidareføre prosjekta. Såpass uklare og store prosjekt plassert direkte under direktør/rektorat medfører ein stor risiko for at toppleiinga blir involvert direkte i operativ / ekstern verksemd. Skulle det oppstå problem som handlar om økonomi, arbeidsgivarrolle, ugildskap m.v som gjer rektor /direktør ugilde så er det styret som vil måtte handtere det. Det er ikkje ein ønskeleg situasjon».

Då styret kom saman i mars 2024, var det mykje som var uklårt.

— Det er mange usikkerheitsmoment når det gjeld kva som har skjedd og ikkje har skjedd. Det vil me prøva å koma til botn i, sa noverande rektor Odd Helge Mjellem Tonheim til Khrono etter møtet.

— Kvifor lukka de møtet?

— Dette var ikkje ei førebudd sak. Debatten ville kunne gi fleire spørsmål enn ein kunne svara på.

Heller ikkje tidlegare dekan Unni Hagen har svara på dei skriftlege spørsmåla Khrono har sendt henne. Redaksjonen har dei siste månadane prøvd gjentekne gongar, både på telefon, sms og e-post, på å få svar på spørsmål — både frå henne og Emblem. 

Tidlegare dekan: Eskalerende krise

Men som høgskuledirektøren har også Hagen uttalt seg til Møre-Nytt. I eit lesarinnlegg, publisert 19. april, skriv ho mellom anna følgjande, i det som er stila som eit ope brev til rektor:

«Som de fleste større organisasjoner preges også Høgskulen i Volda (HVO) av pågående maktkamper, opplevde samarbeidsproblemer, støy i beslutningslinja og krevende arbeidsmiljøutfordringer. » Noe av det som for tiden preger HVO oppleves både internt og eksternt som en eskalerende krise, preget av helseskadelig «støy» både for organisasjonen og for den enkelte tilsatte. Flere forhold knyttet til den kriselignende tilstanden er allerede gjort kjent for offentligheten, bl.a. gjennom rektor og tillitsvalgtes uttalelser til Khrono — uttalelser plukket opp av den regionale pressen».

Vidare skriv ho:

«Som et bidrag til en mulig nedskalering av konfliktkulturen, og for å kunne starte tilhelingsprosessen tillater jeg meg å stille et knippe spørsmål her i det offentlige rom til deg som rektor og styreleder».

Spørsmåla er mellom anna korleis Tonheim har teke vare på arbeidsmiljøet ved høgskulen sidan han vart rektor i august 2023, kva som kjenneteiknar han som samarbeidspartnar og kva tiltak han har sett i verk for å sikra openheit og god nok informasjonsflyt internt på høgskulen.

Rektor har ikkje svart på innlegget, og han ønskte heller ikkje å kommentera innlegget hos Khrono.

Rektor opplever ein stadig maktkamp, der direktør stadig skal ha meir og meir makt, skriv Volda-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim i varslet mot direktør Ann-Kristin Emblem. Rektor skildrar at rektor er uroa over rektor sitt arbeidsmiljø, skriv rektor om seg sjølv.

Finn ikkje faglege gevinstar

Båtbyggartradisjonen i Bjørkedalen kan sporast fleire hundre år tilbake i tid, kanskje heilt til 1500-talet. For om lag tretti år sidan vart Bjørkedal båtsamling stifta. Dei fekk samla inn gamle båtar, og det vert bygd båtar i gamal stil den dag i dag. I 2008 vart Skjerven bygd, ein båt bygd som i 1870-åra. Høgskulen i Volda er ein av deltakarane i prosjektet, melder Volda kommune på sine nettsider.

No skal det byggast fleire båtar — og det er altså noko av det høgskulen har brukt pengar på. Prosjektet «Bjørkedalsbåten — bygging og bruk» skal gjennomførast saman med Bjørkedal båtsamling, Bjørkedal Frilynde Ungdomslag, Bjørkedal kystlag, Bjørkedal Sigurd & Søner Båtbyggeri og Freidig 4H. Fleire eksterne aktørar har støtta prosjektet økonomisk.

I prosjektskissa heiter det at «prosjektet skal ta føre seg heilskapen, frå skog til seglande båt, der det og inngår eit seglkurs for ungdom i bygda. Planen er at den største båten, og ein av færingane, skal bli verande i bygda og kan brukast av mellom anna 4H, medlemer av ungdomslag, kystlag og for arrangement med skuleklassar. Den andre 17 fots færingen skal plasserast i Volda og kunne disponerast av Avdeling for kulturfag (AKF) ved Høgskulen i Volda, med invitasjon til andre grupper, som speidarar m.m.». 

Det heiter òg at i tillegg til yngre folk frå bygda vil Avdeling for kulturfag ha med to lærarar som lærlingar og nokre studentar i prosjektet.

— Det er vanskeleg å sjå kva som er dei faglege gevinstane for ei brei kulturfagleg avdeling med å samarbeida om trebåtar, skreiv Roppen i sitt oppsummerande notat.

Noverande rektor Tonheim er òg blant dei som er kritiske til den faglege forankringa av prosjektet. I ein e-post til direktøren, datert 22. september 2023, skriv han at prosjektet ikkje har fagleg tilknyting til høgskulen. 

Roppen er endå tydelegare i notatet sitt: Dei inngåtte intensjonsavtalane handlar i hovudsak om trebåtar og framstår som svakt forankra i fagmiljøa på AKF. 

«Avdelinga har mange trebåtar, naust og andre fasilitetar på Yksnøya, men mitt inntrykk er at dei har nok trebåtar til undervisningsformåla og at det er vanskeleg å sjå kva som er dei faglege gevinstane for ei brei kulturfagleg avdeling med å samarbeide om trebåtar».

Sjølv om to rektorar åtvara og var skeptiske til prosjektet, heldt det fram. I november 2023 stod Unni Hagen, med tittelen prosjektleiar, som mottakar av eit tilskot frå kommunen på 25.000 kroner til Bjørkedalsbåten.

I ei oversikt over økonomien i kulturnæringshagen knytt til HVO sine prosjekt, kjem det fram at det i 2022 òg vart brukt 335.575 kroner på båten Skjerven.

Etiske retningslinjer og konflikthandtering

Men som andre stader heng alt saman med alt, eller mykje saman med mykje, ved Høgskulen i Volda.

Sjølv om det vart stilt spørsmål ved samarbeidet med kulturnæringhagen hausten 2023, frå rektor til direktør og frå styremedlem via rektor til direktør, var det ei anna sak som skulle ta mykje tid frå desember same år: 

Førsteamanuensis Stein Conradsen varsla etter at han oppfatta at høgskuledirektøren blanda seg inn i eit forskingsprosjekt

Brot på akademisk fridom, meinte Conradsen. Då rapporten frå det eksterne advokatfirmaet kom i mars 2024, var konklusjonen at direktør Ann Kristin Emblem hadde handla på ein måte ho ikkje burde.

26. april kom så meldinga om at direktøren er vorten sagd opp av eit samrøystes styre. Då hadde styret hatt sitt siste ekstraordinære styremøte fire dagar tidlegare. Før tilsette var informerte, var saka ute i lokalavisa Møre-Nytt, same avis der det hadde vorte tydeleg at det går føre seg ein maktkamp ved høgskulen.

Khrono har fått innsyn i ein sladda versjon av styrepapira til møtet 22. april, møtet der direktøren altså vart vedteken oppsagd. Ein stor del av desse sakspapira handlar om nettopp saka mellom høgskulen og kulturnæringshagen.

— Eg tenkjer at når rektor og direktør vurderer fakta så ulikt som eg opplever at me gjer her, så er det best at det vert lagt fram for styret, skriv Tonheim i ein e-post til direktøren i oktober 2023.

Vidare skriv han at «avtaleinngåingar, som slik eg forstår, er gjort med tilbakeverkande kraft. Summen av uheldige ting, er for stor til at eg tenkte dette er berre å sei at er uproblematisk og fint. Men ja, om styret tenker det er fint og uproblematisk, så har det øvste organet på HVO sagt at det er det».

Tonheim viser også til at det er «prat» ved høgskulen om saka.

Tidleg i januar 2024 sende styremedlem Randi Bergem ein e-post til både rektor og direktør med moment ho vil at det vert gjort greie for i ei orienteringssak. Direktøren har då svara i november at det ikkje vart tid til å få opp ei sak før jul.

«For min del vil eg understreke behovet for å få avklart kor vidt dette er i tråd med økonomiregelverket på HVO og i staten eller ikkje, og då tenker eg ikkje berre at ein seier at det er det, eg meiner ein må forklare kvifor det er det og også peike på kvifor dette eventuelt ikkje er eit problem», skreiv Tonheim i ein e-post til direktør 16. januar.

Meiner klagene er koordinerte

Pause i styremøtet 7. mai for å verta samde om formulering av eit felles vedtak. Frå venstre Rasmus Stokke, Per Halse, Kjersti Kleven og Bjørn Gunnar Tafjord.

Då saka om kulturnæringshagen endeleg kom til styret, 7. mai 2024, hadde direktøren mista jobben. Men ho har seks månaders oppseiingstid. Ho møtte ikkje i styremøtet, der rektor innleia saka med å seia at han ikkje var nøgd med det direktøren hadde levert av saksgrunnlag.

Både rektor og styremedlem Bjørn Gunnar Tafjord var inhabile i oppseiingssaka. Det har difor vore Silje Louise Dahl og Per Halse, begge professorar og styremedlemer, som har leia arbeidet med saka frå styret si side.

— Var saka om kulturnæringshagen ein del av oppseiingssaka mot direktøren?

— Når det ligg papir knytt til den saka i styrepapira, så betyr det det. Det var ein del av det totale sakskomplekset, seier Dahl.

— Den første saka (om forskingsprosjektet direktøren gjekk inn i, journ.anm.) var kritikkverdig. Men det var ikkje nok til oppseiing. Det var eit heilskapsbilete som var grunnlag for oppseiingssaka, seier Halse.

Som vedlegg til sakspapira, dokument Khrono fekk tilgang til etter å ha klaga til Felles klagenemnd, ligg mellom anna etiske retningslinjer for Høgskulen i Volda, rutinar for konflikthandtering ved høgskulen, etiske retningslinjer for statstenesta og instruks for høgskuledirektør. 

I ei pressemelding som høgskulen sende ut 26. april heiter det at «eit einstemmig styre ved Høgskulen i Volda har vedteke å avslutte arbeidsforholdet med Ann Kristin Emblem som høgskuledirektør. Det har vist seg over tid at styret og direktøren har ulike og motstridande syn i fleire viktige saker. Summen av desse sakene gjer at styret ikkje lenger har tillit til direktøren».

Som Khrono tidlegare har skrive vart det i varselet om oppseiing mellom anna peika på gjentekne brot på plikter etter arbeidsavtalen, og det vart peika på at samarbeidsklima er direktøren sitt ansvar.

I tilsvaret, som er datert 12. april, skriv Emblem sin advokat, at Emblem på ingen måte kjenner seg att i påstandane og skildringane som kom frå fagforeiningane:

«Det har vært utfordringer med partsamarbeidet mellom de tillitsvalgte og høgskolens direktør i lang tid, også før Emblem fikk jobben. Emblem er enig i at partsamarbeidet ikke fungerer optimalt, men er sterkt uenig i at hun skal ha eneansvaret for dette».

Emblem og hennar advokat meiner òg at varsla og klagene som er komne mot henne verkar å vera koordinerte: 

«Emblem kjenner seg ikke igjen i beskrivelsene av manglende oppfølging av varslingssaker eller orientering av styret og rektor om saker av betydning, og heller ikke på brudd på instruks vedrørende rolle som styresekretær. Hun er heller ikke enig i at det foreligger manglende oppfølging av lovbestemt partsamarbeid. Emblem kan ikke se at det på noen måte er dokumentert at det foreligger slike mangler ved hennes arbeidsutførelse at hun kan anses som 'uskikket for stillingen'».

Seminar: «Slik takler du idiotene på jobben»

Måndag etter påske, vel ei veke etter at varselet om oppseiing var sendt frå høgskulestyret til direktør, skulle direktør og rektor ha eit avtalt møte, saman med prorektor og økonomidirektør, der planlegging av ei leiarsamling stod på agendaen.

Høgskulestyret: Frå venstre Rasmus Stokke, Sindre Skarstein Fossmo, Kjersti Kleven, Per Halse, Randi Bergem, Odd Helge Mjellem Tonheim, Nazmina Khan, Bjørn Gunnar Tafjord, Shazia Majid, Silje Louise Dahl og Roar Tobro. Prorektor Eirik Søvik ved sidan av rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Same styret sa seinare opp høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem (nummer to frå venstre).

Men møtet vart ikkje som rektor har tenkt. I eit notat, som Khrono har fått innsyn i, skriv rektor at då han kom inn i møterommet var det ein ukjend person til stades, saman med direktør og økonomidirektør. I tillegg var ein annan ukjend person med på skjerm. Dei to ukjende viste seg å vera konsulentar, og dei sa, ifølgje notatet, at dei hadde fått i oppdrag frå HVO å bygga miljøet i toppleiargruppa.

«Dette er fyrste gong rektor høyrer om desse planane, og at det er leigd inn eit konsulentselskap», heiter det i notatet. Det heiter òg at rektor undervegs i møtet skjønar at ei av oppgåvene konsulentane har fått, er å bygga ei ny toppleiargruppe ved høgskulen.

Planen var at dei som skulle vera med på leiarsamlinga, saman skulle få med seg seminaret «Slik takler du idiotene på jobben». Ein dårleg ide, synest rektor, og ber om at heile samlinga vert avlyst. Det vil ikkje direktøren. 

10. mars klokka 18.03 sender rektor ut melding om at leiarsamlinga er avlyst. Klokka 18.56 sender direktøren ut program. Der skriv direktøren at «jeg ser at Odd Helge har sendt e-post med beskjed om at samlingen er avlyst. Dette beror på en misforståelse».

Nokre timar tidlegare, same dag, vart det sendt e-postar mellom rektor og direktør der rektor vil avlysa, direktør vil ikkje. Direktør koplar inn styret, rektor seier at det kan ikkje direktør gjera, og skriv at «om du ikkje avlyser det kjem eg til å gjere det». 

Direktør kjenner seg ikkje igjen i maktkamp

Denne e-postutvekslinga skjedde etter at direktøren og rektor hadde vore i open konflikt. Fagforeiningane har levert eit felles varsel mot direktør Emblem. Men det er ikkje det einaste varselet som er kome: Khrono har fått innsyn i fleire varsel mot henne, mellom anna eit frå rektor. Her skildrar han mellom anna at direktøren går ut av møte i harnisk og at direktøren er svært oppteken av å påpeika at rektor har gjort noko feil. 

«Rektor opplever ein stadig maktkamp, der direktør stadig skal ha meir og meir makt, og «rektor kan jo berre fortsetje å arbeide med kvalitetssystemet som du gjorde så bra som prorektor», som direktør sa i eit møte. Rektor opplever at tidlegare rektor Johann Roppen også sat i den same maktkampen og same utfordrande situasjonen mellom anna knytt til styresaker som vart seint ferdig og han ikkje fekk reell medverknad på. Men rektor opplever også at situasjonen har forverra seg vesentleg utover hausten».

Møre-Nytt har spurd direktør Emblem om maktkamp. Ho seier at ho i stor grad opplever at konflikten er knytt til opplevde uklarleikar og forståing av roller og ansvarsfordeling mellom rektor og direktør.

— Dette har slik eg kjenner historia, vore tema i lengre tid ved Høgskulen i Volda. Eg kjenner meg ikkje igjen i rektor sin påstand om at det er ein maktkamp frå mi side. Eg tek sterk avstand frå personlege maktkampar av alle slag. Det er nærast uverkeleg for meg at rektor sender varsel på meg i staden for å ta saker opp direkte med meg undervegs, seier Emblem til lokalavisa.

I tilsvaret i sambandet med varsel om oppseiing heiter det at Emblem ikkje kjenner seg att i rektor si framstilling. Ho reagerer på at klagene mot henne ikkje er teke opp med henne tidlegare.

— Det er rett at Emblem forlèt to møte, men det er på ingen måte korrekt at det skal ha skjedd i harnisk. Det er òg uklårt kva som ligg til grunn for den karakteristikken. Dei to gongane Emblem valde å forlata eit møte med rektor, har dette vore ein reaksjon på rektor sin oppførsel og korleis han har skapt eit ubehageleg arbeidsmiljø og arbeidssituasjon for arbeidstakar, skriv advokaten hennar, Håkon Berge.

Høgskuledirektøren reagerer òg på at både rektor og representantar for fagforeiningane har uttalt seg til Khrono. 

«Rektors opptreden ved å ukritisk gi opplysninger til Khrono, og hvordan dette har hindret at saken kan finne sin løsning internt, er ikke vurdert», heiter det i ein kommentar til at høgskulestyret sende eit mandat til advokatfirmaet Judicia. 

Vidare heiter det at «flere av de hovedtillitsvalgte har valgt å gå til media med kritikk mot ledelsen eller enkelte deler av den - i stedet for å ta dette opp internt. Dette har skjedd både nå og ved tidligere anledninger. Etter min oppfatning skaper mediedekningen et vanskeligere samarbeidsklima».

Vart orientert som prorektor

Saka om samarbeidet mellom høgskulen og kulturnæringshagen er særleg nemnd i varselet frå rektor mot direktør. Det står at samarbeidsavtalen var eit stadig tilbakevendande tema hausten 2023, både i rektoratet og i direktørmøta, og at rektor fleire gongar sa at styret måtte få ei orientering. Rektor skildrar òg at direktør mellom anna skal ha sagt at dersom denne saka kjem opp vil direktør ikkje fungera som styresekretær i saka. Ho meiner òg at det er andre saker styret i så fall bør få på sitt bord, skriv Tonheim. 

— Tonheim, kunne du gjort noko meir for å stoppa saka?

— Dersom du ser i dokumenta, ser du at eg i oktober 2023 bad om at avtalen med kulturnæringshagen vart stoppa inntil vidare, seier rektor.

I ein e-post frå slutten av oktober, sendt til både økonomidirektør og høgskuledirektør, skreiv han at han er sterkt i tvil om lovlegheita knytt til diverse regelverk i staten.

— Fram til me har fått avklart dette skikkeleg ber eg òg om at aktivitet med utbetalingar og fakturering til den gjeldande kontoen hos Sunnmøre kulturnæringshage vert sett på pause, skreiv Tonheim.

— Før du vart rektor var du prorektor. Kor mykje visste du om saka før du fekk notatet frå Roppen?

— Eg var kort orientert om saka i forkant, som prorektor. Deretter har eg stilt gjentekne spørsmål, og saka har vore tema, sidan tidleg i august 2023.

I varselet skildrar Tonheim òg at direktør ville klaga rektor inn for Kunnskapsdepartementet, fordi rektor skal ha teke frå direktør hennar mynde i den omtala saka om akademisk fridom. 

Saka kom aldri opp til realitetsbehandling sidan direktør hadde forfall til møtet, men i saksframlegget, som Khrono har fått innsyn i, heiter det at «høgskuledirektør finn det rett å informere styret om at rektor har tatt frå høgskuledirektør det overordna arbeidsgivaransvaret for alle tilsette ved Høgskulen i Volda. Det vil bli gitt ei kort orientering i styret om situasjonen som har oppstått».

Vidare heiter det at høgskuledirektør skulle overlata til styret å gjera ei gyldigheitsvurdering, før saka eventuelt skulle sendast til Kunnskapsdepartementet.

Vil ha all dokumentasjon

Tilsynelatande juleharmoni og god stemning mellom dåverande prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim til venstre, dåverande rektor Johann Roppen til høgre og høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem i midten. Tonheim, som no er rektor, har varsla mot Emblem og skriv i varselet at det har vore eit vanskeleg samarbeidsklima mellom både han og Emblem og Roppen og Emblem.

Tilbake til styrerommet: Då høgskulestyret ved Høgskulen i Volda hadde møte 7. mai, var det nettopp overføringa frå høgskulen til kulturnæringshagen dei var opptekne av.

Styret ved høgskulen har nemleg tidlegare vedteke at dersom ei avdeling har ei større avsetning enn fem prosent, skal pengane gå inn til styret. Ved Høgskulen i Volda vart overskotet brukt til å fylla det nye mediebygget med innhald. Det var noko dei ikkje fekk frå Kunnskapsdepartementet.

— Dette er i alle fall ei indirekte omgåing av eit styrevedtak. Styret burde fått saka på bordet dersom ein meinte av det var naudsynt å omgå femprosentregelen, sa professor Randi Bergem.

— Dette var kanskje heilt greitt dersom ein fekk dokumentasjon på at alt var heilt greitt. Men kva har ein faktisk fått utført? Og har kulturnæringshagen kompetanse til å utføra forskingsaktivitet, spurde Kjersti Kleven, som er ekstern styremedlem.

Høgskulestyret vedtok i maimøtet at dei til møtet i juni vil ha lagt fram all dokumentasjon i saka, slik som avtalar, transaksjonar, timelister og grunnlag for desse, organisering av roller og ansvar, skildring av kva som er levert og kva som er oppnådd med fou-aktivitet.

Dekka kurs i skogsbading

Randi Bergem (nummer tre frå høgre) bad fleire gongar om å få saka om avtale mellom høgskulen og Sunnmøre kulturnæringhage opp i styret.

Men kva har pengane som er overført til kulturnæringshagen faktisk gått til?

Ei oversikt Khrono har fått innsyn i viser at det har gått pengar til både coaching, skogsbadeguide og kurs i taleteknikk.

«Du KAN faktisk få kontroll på sommerfuglene».

Det er ikkje snakk om insekt, men om den kjensla ein kan få i magen når ein, som det står i ei barnebok, «gleruder seg». 

Eit kurs i korleis ein kan få kontroll over sommarfuglar og klara å snakka framfor andre, til dømes halda ein tale, har høgskulen brukt 25.000 kroner på.

I tillegg til dette kurset i pusteteknikk, der ein skal «få en sterkere talestemme som bærer i forsamlinger», har det òg gått 52.000 kroner til å dekka kurset «The mindful tourist». Målet er, ifølgje prosjektskildringa, å utvikla ei kommersiell eining som tilbyr kurs, guida turar og utvikling av leiarar. Initiativtakarane har behov for å utvikla kompetanse gjennom ei internasjonal sertifisering i det som vert omsett til norsk som skogsbadeguide.

Det er òg nytta vel 78.000 kroner på eit prosjekt med tittelen «Ditt Nettverk», som er eit coaching-kurs. «Dette ekstraordinære programmet presenteres i tolv logiske, enkle og praktiske leksjoner, for å sikre at metodene og suksess tankegangen blir en del av hver enkelt persons tenkning, handlinger og resultater og oversette til en eksepsjonell avkastning på investeringen for organisasjonen din», heiter det i avtalen som er inngått.

Riksrevisjonen kopla på

Etter å ha motteke det anonyme brevet om saka på tampen av 2023,  sende Riksrevisjonen ein e-post 6. februar til Høgskulen i Volda med spørsmål om prosjekta og om utbetalingar i 2021 og 2022. 

I samband med oppsummering av revisjonen for høgskulen i 2023 skriv Riksrevisjonen at: 

«i forbindelse med finansiell revisjon av Høgskulen i Volda (HVO) kom vi over bilag vi mente ikke hadde åpenbar tilknytning til den ordinære driften. Dette gjelder fakturaene 92010021 frå 2021 og 92015119 frå 2022 på til saman kr 2 285 000, utstedt av Sunnmøre Kulturnæringshage AS. Vi har ved gjennomgang av nødvendig dokumentasjon oppklart forhold knyttet til et flerårig samarbeid med fakturautsteder. Samtidig opplevde vi at dokumentasjonen var vanskelig tilgjengelig og skapte utfordringer ved vår revisjon av gyldigheten av kostnadene og hvordan disse burde bokføres i regnskapet».

Konklusjonen var at det ikkje var grunn til å tru at det hadde gått føre seg noko ulovleg. 

— Det er ikkje snakk om så store beløp. Er det ikkje grave djupt nok fordi det ikkje var snakk om eit stort nok beløp, spurde styremedlem Shazid Majid i styremøtet i mai.

Vil ikkje kommentera

Då vedtaket om å seia henne opp vart kjent, sa Ann-Kristin Emblem til Møre-Nytt at ho synest saka er trist. 

— Eg kjenner meg ikkje igjen i dei alvorlege skuldingane, og hadde ønskt at dette kunne vore løyst gjennom dialog, sa Emblem.

Khrono har bede høgskulen om innsyn i klagen hennar, men fått mellombels avslag. 

Martin Folldal, dagleg leiar i Sunnmøre kulturnæringshage har ikkje svara på Khrono sine førespurnader. Som Emblem og Hagen har han fått tilsendt ei rekkje konkrete spørsmål på e-post.

Etter det Khrono kjenner til, har styret i kulturnæringhagen hatt oppe ei sak i sitt styre om at høgskulen no vil sjå nærare på avtalen mellom dei to aktørane.

Endringslogg: Khrono skreiv at prosjektet POE er støtta av Sikt. Det rette er HK-dir. Endra 4. juni kl 14.14.

Powered by Labrador CMS