innsyn

Fryktar maktmisbruk og trynefaktor i rekruttering til universitetet 

— Vi får eit veldig einsretta akademia når leiarane får skalte og valte bak lukka dører, seier professor Kristian Gundersen. 

Professor i biologi og tidlegare styremedlem ved Universitetet i Oslo, Kristian Gundersen, meiner UiO held seg med fine, men tomme ord om innsyn og transparens.

— Det som for tida skjer i Bergen er eit godt eksempel, seier Gundersen, som er professor ved Universitetet i Oslo (UiO).

Han refererer til tilsettingssaka ved Universitetet i Bergen (UiB), som Khrono har omtalt. Der vart Eirik Hovden fjerna frå innstillinga etter intervjuet, utan at verken han eller andre får vite kvifor.

Eirik Hovden, forsker Universitetet i Bergen
Fakultetsstyret har bede om ei skriftleg vurdering av ein kandi dat som ikkje var innstilt. Kandidaten er Eirik Hovden, forskar ved Universitetet i Bergen

3. oktober hadde fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet ved UiB eit ekstra møte for å handsame saka. Etter det Khrono erfarer, kom ikkje styret til nokon konklusjon — sjølv etter å ha drøfta saka i fleire timar. 

I utkastet til protokoll heiter det at «saken ble drøftet. Styret ba om skriftlig vurdering av en kandidat som ikke var innstilt».

Dette opplyser fakultetsdirektør Kim Ove Hommen til Khrono.

— Når kjem saka til styret på nytt?

— Det er ikkje sett nokon dato, skriv fakultetsdirektør Hommen i ein e-post.

Ville justere for sju år sidan

Blant dei som har kravd at vurderingane må fram i lyset, er jussprofessor og ekspert på forvaltningsrett, Jan Fridthjof Bernt. 

Han meiner rettstryggleiken er sett på spel i tilsettingssaka ved UiB. 

Det er sju år sidan Kristian Gundersen, som då sat i UiO-styret, tok til orde for å justere regelverket ved UiO, og opne for meir innsyn i vurderingane som blir lagt til grunn for tilsettingar i vitskapelege stillingar.

— Eg hadde med meg erfaringar frå å sitje i tilsettingsutvalet ved UiO og såg mykje rart. No ser vi ein ny skandale i Bergen. Historisk sett har dette vore opne prosessar, seier Gundersen. 

Professoren har følgt Hovden-saka i Bergen med interesse, og meiner han kan sjå klare parallellar til andre tilsettingsprosessar.

— Rett nok kan ein få innsyn i og lese den sakkunnige vurderinga. Men vi får ikkje vite noko om bakgrunnen for utfallet etter intervjurunden. I praksis er det ikkje eit fnugg offentleg. Frå den sakkunnige komiteen er ferdig og til prosessen er avslutta er tilsettingssakene lukka, seier Gundersen.

Styret ved universitetet i Oslo vedtok i 2022 å delvis utvide retten til partsinnsyn i tilsettingssaker, men vurderingane frå intervju er framleis hemmelege.

Fleire saker

Khrono har tidlegare omtalt saker der leiarar som innstiller kandidatar, har snudd om på rangeringane frå dei sakkunnige komiteane. Dei sakkunnige komiteane består av fagekspertar som står for vurderingane og rangeringane av dei faglege kvalifikasjonane til søkarar til vitskapelege stillingar.

I mai 2024 fortalde Khrono om to saker ved Senter for vitskapsteori ved UiB. I den eine blei kandidaten, Mark Young, som var vurdert som best kvalifisert flytta ned på lista av senterleiaren som stod for innstillinga. Det fann Young først ut tre månader seinare, då han tok kontakt og etterlyste utfallet.

I den andre saka ved det same senteret blei kandidaten som var den einaste rangerte av fagkomiteen forbigått, og jobben gjekk til ein annan som ikkje var blitt rangert i det heile.

— Behageleg for maktpersonar

Gundersen seier han ikkje er imot at det skal haldast jobbintervju, men meiner dei skal vere ein «sikkerheitsventil». 

Slik det er i dag, fryktar han at rein trynefaktor kan trumfe kvalitet, og at mangelen på transparens fører til maktmisbruk.

— Vi får eit veldig einsretta akademia når leiarane får skalte og valte bak lukka dører, seier Gundersen.

— Når du ikkje treng å grunngi vurderingar offentleg, blir det behageleg for maktpersonar. Men slik kan vi ikkje ha det på universitetet.

I Bergen er professor Gisle Selnes også ein av dei som er kritiske til hemmeleghald. Allereie i 2013 var han og professor Jan Heiret opprørte over manglande meiroffentlegheit i tilsetjingsprosessar.

— Det er altfor avgrensa kva kandidatane får innsyn i, seier Selnes til Khrono no.

— Ein skulle hatt langt større grad av partsinnsyn i vurderingar som er gjort av både komitear og innstillande myndigheit.

— Fryktar du òg maktmisbruk?

— På generelt grunnlag: Ja. I global målestokk ser ein stadig meir gradering av viktig informasjon, som kan føre til monkey business som ikkje toler dagens lys. Dette spreier seg òg til akademia. Jo meir hemmeleghald, jo fleire mørke krokar, seier Selnes.

Laurdag, etter at denne saka var publisert, opplyser kommunikasjonsavdelinga ved UiB til Khrono at Eirik Hovden fekk fullt partsinnsyn i saka si 2.oktober.

Utval skulle vurdere

Først i 2021, fire år etter at Gundersen tok opp saka, vart innsyn i tilsettingsprosessar sett på dagsorden ved Universitetet i Oslo. 

Då nedsette universitetsdirektør Arne Benjaminsen eit utval. Utvalet skulle ifølgje universitetsdirektøren «vurdere om vi bør strekke oss lenger enn i dag — i retning meir åpenhet», slik det var referert i Uniforum

— Resultatet blei berget som fødde ei mus, seier Gundersen.

Medlemmene i utvalet var samde om å utvide meirinnsynsretten for søkarlister og om å gi meirinnsyn i vurderingar knytt til prøveforelesingar. I spørsmålet om innsyn i vurderingar gjort i intervju var utvalet splitta, men fleirtalet fall ned på at desse framleis burde vere hemmelege.

Fleirtalet frykta, ifølgje rapporten som vart behandla i UiO-styret våren 2022, at partsinnsyn i vurderingane ville føre til at dei blei «mer vage». I tillegg var dei uroa for at «innstillende myndighet og ansettelsesutvalget ikke får tilstrekkelig kunnskap om innstillingsorganets reelle begrunnelse». 

— UiO held seg med fine ord om meirinnsyn som dei ikkje praktiserer, seier professor Gundersen.

Endringslogg: Lagt til laurdag 5/10-24 kl.14.55 at kommunikasjonsavdelinga ved UiB opplyser til Khrono laurdag 5.oktober at Eirik Hovden fekk  fullt partsinnsyn i saka si 2.oktober. (Red).

Powered by Labrador CMS