Rekruttering

Meiner uryddig rekruttering er «gift» for arbeidsmiljøet

Det må ryddast opp i uklare tilsetjingsprosessar på universitet og høgskular, meiner professorar Khrono har snakka med.

Professor Hilde Gunn Slottemo meiner dårlege tilsetjingsprosessar kan skape sår og konflikter som kan vare i fleire år. — Det stel også tid og ressursar, seier ho.

— Uryddige og uklare tilsetjingsprosessar skaper mykje støy og kan føre til langvarige konfliktar og dårleg arbeidsmiljø i akademia, seier professor ved Nord universitet, Hilde Gunn Slottemo.

Det meiner ho kan ha vidtrekkande konsekvensar.

— Dersom ein ikkje forstår kva som har skjedd når rangeringar blir endra, eller får innsyn og gode argument, er det i seg sjølv grunnlag for konspirasjonsteoriar og konfliktar. Det er «gift» for arbeidsmiljøet, seier Slottemo.

Professor Lise Lillebrygfjeld Halse ved Høgskolen i Molde er også opptatt av å diskutere tilsetjingsprosessar:

«I fagmiljøene hører en ikke sjelden om ansettelses- og opprykkssaker med komiteer som en mistenker ikke har vært objektive. Fra tid til annen berettes det om søkere som åpenbart har blitt forbigått i komitevurderinger», skreiv ho nyleg i ein spalte Høgskolen i Moldes uavhengige nettavis, Panorama.

— Det som skjer etter at arbeidet i dei sakkunnige komiteane er gjort, kan vere lite transparent og bidrar dermed til å svekke tillit i slike prosessar, seier ho til Khrono.

Droppa best kvalifiserte

Slottemo tok også i 2018 til orde for å rydde opp i måten rekruttering av fagfolk til universitet og høgskular føregår på. Ho meinte den gong at problema den gong var «allment kjent for bortimot «alle» i systemet. 

— Erfaringane mine, og til mange andre, tyder på at det framleis er mange saker som er problematiske, seier ho.

Khrono fortalde nyleg om Mark Young, som vart rangert som den best kvalifiserte kandidaten til ei postdoktorstilling ved Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen. Tre månader etter at den sakkunnige komiteen hadde levert sin konklusjon, fann Young ut at leiaren ved senteret hadde endra rangeringa og i staden innstilt nummer to til stillinga (som vart tilsett).

Young hevdar det er fleire faktiske feil i innstillinga, noko instituttleiaren har avvist.

Dei sakkunnige komiteane har som oppgåve å vurdere kven som har dei beste faglege kvalifikasjonane til vitskapelege stillingar.

Må forankrast «på golvet»

— Det kan sjølvsagt finnast grunnar for at ein må endre på rangeringa til dei sakkunnige komiteane. Men intervju og prøveforelesingar er der for å luke ut dei som ein ser absolutt ikkje vil fungere i jobben, for eksempel om det er tale om undervisning. Men det skal vere tungtvegande grunnar for å endre rangeringa, og ei grundig og skriftleg grunngiving må vere tilgjengeleg for innsyn, seier Slottemo.

Historieprofessoren tar til orde for at rekrutteringsprosessar skal forankrast «på golvet» i fagmiljøa.

— Det aller viktigaste er at stillingsutlysinga er styrande og at utforminga skjer på lågast mogleg nivå i fagmiljøa. Der veit ein kva kompetanse som trengst. Det kan vere konfliktfylt å diskuterer seg fram, men då kan ein kome fram til ei avgjersle som er forankra i botnen. Dernest må utlysinga ligge til grunn for den vidare prosessen, som må vere open og transparent, seier Slottemo.

I Bergen argumentere senterleiaren med «strategiske omsyn» då han flytta Mark Young ned frå toppen av lista av rangerte kandidatar i den sakkunnige vurderinga.

— Dersom utlysinga er forankra i kollegiet, kan ein ikkje berre endre på ting, og seinare i prosessen hente fram «strategiske omsyn» som ikkje er med i utlysinga, seier Slottemo.

Ho legg til at ho uttalar seg prinsipielt, og ikkje på grunnlag av saka i Bergen.

Mistanke og gråsoner

Lise Halse, som er professor i innovasjon og teknologi, sit for tida sjølv i tilsetjingsutval i Molde. Ho opplever at det kan vere vanskeleg å etterprøve grunnlaget i dei tilfella dekanen endrar på rangeringa, som fagekspertane i dei sakkunnige komiteane har gjort.

Det kan også være krevjande å vurdere rapportar frå komiteane, meiner ho.

Lise Lillebrygfjeld Halse, professor Høgskolen i Molde
— Mistanke og gråsoner kan vere nok til å svekke tilliten til prosessen, seier Lise Lillebrygfjeld Halse, professor ved Høgskolen i Molde.

— I arbeidet til sakkunnige komitéar kan vurderingskriteria variere på tvers av fagområda og i nokre tilfelle vere uklare. Eg har også vore borti sakkunnige komitear som berre tel publikasjonar, utan å gå inn i innhaldet i publikasjonane, og bruker rangeringslister frå andre land. Det er i prinsippet opplagt at det skal vere samanheng mellom vurderinga og utlysingsteksten for jobben det er snakk om. Men det er ikkje alltid det skjer, seier ho.

Halse understrekar at ho ikkje kan seie noko om kor ofte det hender at kandidatar som er vurdert å vere fagleg best kvalifiserte av komiteane i neste runde blir forbigått.

Det er særleg spørsmålet om habilitet ho tar opp i kommentaren i Panorama.

— Sett frå min ståstad og min institusjon, opplever eg at vi ikkje er tilstrekkeleg merksame på det med habilitet i tilsetjingssaker. Ofte nøyer ein seg med å sjå på den strengt formelle forståinga av habiliteten. Men det er ikkje alltid nok. Når ein for eksempel skal utnemne medlemmer til ein sakkunnig komité, er det viktig sjå til at det ikkje finst relasjonar som kan svekke tilliten, seier ho.

— Det er ikkje det at ein nødvendigvis gjer ein dårleg fagleg jobb i komitéen — poenget er at mistanke og gråsoner kan vere nok til å svekke tilliten til prosessen, og det er sjølvsagt i seg sjølv svært uheldig.

Ikkje uvanleg å «rigge»

Halse seier at basert på det ho sjølv har opplevd og høyrt frå andre, er det ikkje uvanleg å «rigge» tilsetjingskomitear. Døme på dette er at medlemer i komitear kan ha jobba tett saman med kvarandre og med fagmiljø ved institusjonen, utan at dette er blitt tatt omsyn til i utnemninga.

— Enkelte institusjonar har reglar om at medlemmene blant anna skal kome frå ulike institusjonar for å sikre uavhengige vurderingar. Men samarbeid og relasjonar kan jo vere mykje tettare mellom folk på ulik institusjonar enn mellom dei som er på same arbeidsplass. Det er ikkje gitt at det blir gjort feil i dei faglege vurderingane av søkarane, men det svekker tiltrua til prosessen. Når det først blir stilt spørsmål om habilitet, kan det også vere vanskeleg å bli høyrt, er mi personlege erfaring.

Halse peikar på at måten tilsetjingsprosessar skjer på ofte er knytt til ein kultur for korleis ein har vent seg til å gjere det på ulike institutt og arbeidsplassar. Det gjer det endå viktigare å rydde opp i og tydeleggjere køyrereglar og kriteria.

— Elles er det opplagt ein fare for å undergrave tilliten til rekrutteringssystemet i akademia, seier ho.

Ingen vil vere «bråkmakar»

Molde-professoren har også fått med seg saka til Mark Young, og ho meiner det er «prisverdig at han står fram».

— Det er krevjande å stå fram i slike saker. Ingen vil vere «bråkmakaren», særleg ikkje dei unge i rekrutteringsfasen, og det kan dessutan vere krevjande å nå fram. Desto viktigare er det at vi meir etablerte tar opp desse sakene, seier Halse.

Slottemo er på linje:

— Då eg tok opp problematikken i 2018 var eg tilsett professor og hadde ein trygg posisjon. I ein tidlegare fase hadde eg ikkje gått ut og tatt opp dette.

Slottemo meiner det er særleg viktig å få rydda opp i måten ein rekrutterer på i tida framover, ettersom kampen om pengar og stillingar hardnar til.

— Alle signal går på at det blir tøffare tider med trongare budsjett. Då må vi unngå mest mogleg av den øydeleggande støyen og konfliktane som uklare og dårlege tilsetjingsprosessar kan føre til. Det stel tid og ressursar, i tillegg til belastningane det fører til for personane som blir involverte.



Powered by Labrador CMS