Tilsetjing

Toppkandidat dumpa etter hemmeleg vurdering. — Det verste eg har sett 

Han leia prosjektet som førte til at stillinga blei oppretta. Han var best kvalifisert, og han var rangert som nummer ein. Så blei namnet hans fjerna.

Eirik Hovden
Eirik Hovden har sidan 2020 vore prosjektleiar på CanCode-prosjektet, finansiert av Trond Mohn Stiftelsen. No opprettar fakultetet ei stilling i kjølvatnet av prosjektet. Hovden har blitt informert om at han ikkje lenger er aktuell, men veit ikkje kvifor.
Publisert Sist oppdatert

Det kunne sjå ut som ein formalitet. 

Den sakkunnige komiteen hadde vurdert Eirik Hovden som den best kvalifiserte søkaren og innstilte han som nummer ein av to vurderte. Dernest heldt han prøveforelesing, neste ledd i testen du må gjennom for å komme gjennom nålauget. 

Men det heldt ikkje. 

Etter intervjurunden blei Hovden regelrett fjerna — ikkje flytta ned på lista, men eliminert frå heile tilsetjingsprosessen.

— Eg er sjokkert, dette såg eg verkeleg ikkje kome. Eg har brukt fleire år på å kvalifisere meg nettopp til denne stillinga. Komiteen innstilte meg som nummer ein. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie akkurat no, seier Eirik Hovden på telefon frå Oxford, der han er på seminar.

Det einaste namnet på innstillinga frå instituttleiarane er namnet til kandidaten som den faglege ekspertkomiteen vurderte som nest best.

Betalt av Trond Mohn

Hovden hadde fire år bak seg som leiar for Cancode, ei forskargruppe ved Universitetet i Bergen (UiB) som har undersøkt endringsprosessar i islamsk lov. Prosjektet er finansiert gjennom eit sjenerøst antal millionar frå Trond Mohn forskningsstiftelse.

Som ledd i avtalen forplikta universitetet, og Det humanistiske fakultet, seg til å opprette ei forskarstilling i forlenginga av prosjektet, i det aktuelle fagfeltet. I november 2023 vart jobben lyst ut som ei førsteamanuensisstilling. 

Hovden sjølv er ikkje den einaste som reagerer på prosessen. 

Ein av dei som reagerer, er kollega av Hovden, professor og leiar av forskargruppa for Midtausten og islamske studiar ved UiB, Anne K. Bang. Ho kallar situasjonen «bisarr».

— Prinsipielt er det svært uheldig at ein etter eit intervju, der det ikkje er mogleg å få innsyn i vurderingane, fjernar kandidaten og i praksis seier at vedkomande ikkje er kvalifisert. Å ikkje berre snu på rangeringa, men fjerne ein kandidat heilt, å frådømme han kompetanse berre på grunnlag av eit intervju, det har eg aldri sett før. Det er samstundes ei heilt hårreisande dårleg behandling av eit menneske, seier Bang.

Best kvalifisert

Ho viser også til at Hovden var vurdert som den fagleg sterkaste kandidaten, og hadde alle kvalifikasjonane som var kravd til stillinga, ifølgje utlysinga — i motsetnad til kandidaten som no er innstilt.

— Slik søkarlista var, fanst det ingen andre som hadde kompetanse på islamsk lov, eller undervisningskompetansen som utlysinga kravde, seier ho.

Anne K. Bang, professor i historie, Universitetetet i Bergen
Anne K. Bang, professor i historie, meiner behandlinga av Hovden er «hårreisande» d¨¨årleg.

— For oss var det derfor ei klar forventning om at Hovden, som har leia prosjektet gjennom fire år på ein utmerka måte og bygd dette opp, ville gå rett inn i stillinga, legg ho til.

Khrono har sett rapporten frå den sakkunnige komiteen. I konklusjonen legg komiteen vekt på at Hovden har undervisnings- og forskingsekspertise i islamsk lov og lovgiving, og arabisk, som den andre søkaren manglar. I tillegg blir det lagt vekt på at han har meir administrativ erfaring.

Hovden vart tildelt det høgthengande TMS Starting Grant frå Trond Mohn forskningsstiftelse i 2019.

— Dersom ein no gjer ei tilsetjing i denne stillinga av nokon som faktisk ikkje har kompetansen som det er lagt opp til, bør Trond Mohn stiftelse kanskje revurdere om dei skal bruke pengane sine på slike samarbeid med UiB i framtida, seier Bang.

Styreleiar i Trond Mohn stiftelse, Asbjørn Strandbakken, ønskjer ikkje å kommentere saka på dette tidspunktet. 

Ikkje offentleg

Ein annan kollega og inntil nyleg postdoktor på Cancode-prosjektet, Olav Elgvin, er også blant dei som no går hardt ut mot måten tilsetjingsprosessen er handtert på.

«Jeg vet faktisk ikke hva jeg skal si. I alle mine år i akademia og i forskningens verden har jeg aldri hørt om noe liknende. Å si at det er sjokkerende er å bruke milde ord», skriv han i eit Facebook-innlegg

— Eg er djupt sjokkert. Det er det verste eg har sett, den verste saka eg har vore borti i mi tid i akademia, seier han til Khrono. 

Ifølgje prosedyren for tilsetjingar til vitskapelege stillingar på universitetet skal søkarane først vurderast av ein ekspertkomite, den såkalla sakkunnige komiteen, som rangerer utifrå sine vurderingar. Dernest følgjer ei prøveforelesing og til slutt intervju. 

Vurderingane frå intervjuet er den einaste delen av prosessen som ikkje er offentleg tilgjengeleg.

Det er Fakultetsstyret som endeleg bestemmer kven som skal tilsetjast.

Fakultetsstyret ved Humanistisk fakultet skal ta stilling til saka tysdag 10. september.

— Utruleg

Leiar i Forskerforbundet ved UiB, Steinar Vagstad, karakteriserer saka som «utruleg».

— Intervjukomiteen er nøydd til, på ein truverdig måte, å vise, ikkje berre internt og for fakultetsstyret, men offentleg, kva som ligg til grunn for denne avgjersla, seier han.

— Kva er det som gjer at ein mottakar av dette talentstipendet frå Trond Mohn stiftelse, som har leia prosjektet, har dei rette kvalifikasjonane og lang forskarerfaring plutseleg ikkje eignar seg til å få jobb på eit universitet? spør Vagstad.

Hovden er på papiret kvalifisert til å gå inn i professorstillingar, etter ei evaluering som vart gjort i 2023.

Teemu Ryymin, instituttleder UiB
Instituttleiar Teemu Ryymin, var ein av dei som gjennomførte intervjuet med Hovden. Han ønskjer ikkje å kommentere saka.

Leiar for fagforeininga NTL ved UiB, Jørgen Melve, ønskjer førebels ikkje å kommentere saka.

Førsteamanuensis-stillinga som Hovden søkte på, er delt mellom Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitskap og Institutt for framandspråk. Khrono har vore i kontakt med leiarane på begge institutt, Teemu Ryymin og Martin Paulsen. Det var instituttleiarane som stod i spissen for komiteen som gjorde intervjuet med Hovden, og som er avsendarar av innstillinga.

Verken Ryymin eller Paulsen ønsker å seie noko om saka, og viser til dekan Camilla Brautaset. 

Brautaset svarer på e-post at «ho av prinsipp ikkje kommenterer fakultetsstyresaker før dei er behandla av styret».

Endringslogg 5. september kl. 10.34: I ein tidlegare versjon skreiv vi feil namn på leiaren for NTL ved UiB. Rett navn er no lagt inn.

Powered by Labrador CMS