Minneord

Øyvind Vågnes (1972—2025)

Øyvind Vågnes (1972—2025) var professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen.

Det er med den djupaste sorg me må ta innover oss at professor Øyvind Vågnes gjekk bort 7. januar, etter kort tids sjukeleie. Han vart berre 52 år gammal. Men på si tilmålte tid fekk han utretta så mykje at det kunne fylt fleire forskarkarrierar.

Det er ikkje berre Universitetet i Bergen eller norsk akademia som har mista ein av sine aller fremste professorar, for Øyvind plasserte seg tidleg i det internasjonale toppsjiktet på sitt felt. Det har strøyma på med kondolansar frå eit internasjonalt forskarkollegium. No går tankane våre aller mest til den nærmaste familien, kona Birgit og dei to sønene Eskil og Amund, som Øyvind var så umåteleg stolt av.

Øyvind vaks opp i Brattvåg på Sunnmøre og kom til UiB som student i 1992, der han dei neste åra studerte litteraturvitskap, nordisk, og engelsk hovudfag.

Eg trefte Øyvind første gong ein junikveld i 1997, på ein studenthybel på Nygårdshøyden. Frå tidleg på totusentalet var me begge stipendiatar på dåverande Engelsk institutt på UiB, der me var del av det eg vil driste meg til å kalle ein gyllen generasjon forskarar på engelskspråkleg litteratur, som forutan oss to også telte Lene Johannessen, Michael Prince, Ruben Moi, Janne Stigen Drangsholt, og Charley Armstrong, alle i dag framståande professorar på ulike universitet.

Øyvind vart tilsett som stipendiat ved Engelsk institutt i 2002, med nestoren i amerikanistikk Orm Øverland som rettleiar. I 2007 disputerte han for dr. art.-graden på ei avhandling om den berømte Zapruder-filmen sitt estetiske og populærkulturelle etterliv. Nokre år seinare, i 2011, vart dette arbeidet gitt ut på det anerkjente forlaget University of Texas Press som Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture. Ikkje berre vart Øyvind tildelt Peter C. Rollins Book Award for denne publikasjonen, men boka var og ei av tre nominerte for American Publishers Awards for Professional and Scholarly Excellence. 

Medan han arbeidde med avhandlinga si var han óg Fulbright Fellow ved Georgetown University i Washington DC, der han kom fram berre dagar før 11. september 2001. I åra etterpå trur eg denne hendinga prega det faglege arbeidet hans meir enn til og med han sjølv var klar over.

I desse åra like etter tusenårsskiftet vart Øyvind og eg fort uadskiljelege vener og kollegaer, og då eg i 2005 flytta ned til det då nokså nyoppretta Institutt for informasjons- og medievitskap på SV-fakultetet, vart han likså godt med. Me sette raskt i gang ei lang rekke faglege samarbeidsprosjekt. Opphavet til det vitskaplege og fagfellevurderte tidsskriftet Ekfrase: Nordisk tidsskrift for visuell kultur var ganske enkelt ein leiken impuls over eit glas på Café Opera; den første utgåva kom på Universitetsforlaget hausten 2010, med storslått lansering på Københavns Universitet.

Øyvind sitt bidrag til diverse aviser/tidsskrift var omfattande. I tillegg til Ekfrase var han med i Studvest, Vagant, og frå 2018 og fram til i dag Journal of Visual Culture, det mest sentrale vitskaplege tidsskiftet på feltet internasjonalt.

I 2008 — same år som me begge vart fedrar for andre gong — grunnla han saman med underteikna Nomadikon: The Bergen Center of Visual Culture. Fram til 2012 var han tilsett som postdoktor på prosjektet eg sjølv leia, Nomadikon: New Ecologies of the Image, som var finansiert av det som i dag ber namnet Trond Mohn Forskningsstiftelse. Som overalt elles var Øyvind ei sentral drivkraft her, og i tillegg til dei mange vitskaplege publikasjonane stod me ansvarleg for over eit dusin konferansar, mange av dei i utlandet.

I 2015 vart Øyvind tilsett i fast stilling i medievitskap, frå 2018 som professor. Frå 2017 og fram til i dag var han instrumentell i å bygge opp eit svært vellukka utdanningstilbod i film- og fjernsynsproduksjon ved Media City Bergen, der han hadde ansvar for masterprogrammet i manusutvikling for seriar. 

Øyvind var ein ualminneleg produktiv forskar. Artiklar og konferansepapers kom i ein rasande fart. 

I 2014 år kom den sentrale boka Den dokumentariske teikneserien ut på Universitetsforlaget. Saman med underteikna gav han og ut ei rekke vitskaplege antologiar: i 2010 kom Coverscaping: Discovering Album Aesthetics (The University of Chicago Press), i 2016 Gestures of Seeing in Film, Video and Drawing, redigert saman med vår felles nære ven Henrik Gustafsson (Routledge), og i 2019 Invisibility in Visual and Material Culture (Palgrave Macmillan). 

Jamvel då han låg på intensivavdelinga på Haukeland vart det publisert ein ny artikkel med hans namn på framsida; i romjula gav tidsskriftet American, British & Canadian Studies ut artikkelen «The River in Reverse: Flood Imaginaries, Old and New.» Før Øyvind vart sjuk hadde me — og her måtte eg telje opp — påbyrja fem nokså ulike bokprosjekt saman. 

Øyvind leia også forskingsgruppa for film, fjernsyn og visuell kultur ved Infomedia (saman med vår gode kollega Anders Lysne og underteikna), og Øyvind og eg var i tillegg aktive medlemmer i forskingsgruppa for estetikk og kulturstudiar ved Institutt for framandspråk, og dessutan forskingsgruppa for samtidsestetikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar.

Men Øyvind var ikkje berre forskar. Han var like formidabel på to andre felt, skjønnlitteratur og kritikk.

I 2003 kom den sterke og stilsikre debutromanen Ingen skal sove i natt ut på Tiden forlag. Deretter, i 2005, kom den like fabelaktige Ekko; eg hugsar framleis at eg las denne på cafeen Jolly Joker ved Nieuwmarkt i Amsterdam våren det året. 

Det vart stadig meir tydeleg, for kvar nye roman, at Øyvind ikkje hadde tenkt å halde seg til berre eitt stilregister; det litterære repertoaret var like mangfaldig som dei faglege interessene hans. Sekundet før (2010) er på ein måte den skjønnlitterære halvparten av forskingsspørsmåla han forfølgde på den tida. Sone Z (2014) er ein språkleg nedstrippa roman om overvaking og dronar, medan Vesaas (2017) mellom anna utforskar rommet mellom satire og estetisk teori. Det hende han fortalde meg om skriveprosessen undervegs; eg hugsar me kryssa Seinen ved Pont au Change då han hausten 2021 gav meg eit innblikk i plottet til den komplekse slektsromanen Ei verd utan hestar (2022).

Øyvind var også ein høgt respektert kritikar, mellom anna i Klassekampen og i Morgenbladet. I Dag og Tid var han i ei årrekke fast musikkmeldar, og eg har det frå fleire nøytrale kjelder at han var den aller fremste rockekritikaren i landet. Her kan eg føye til at minst ein av dagens mest prominente amerikanske musikkritikarar var full av beundring for Øyvind. Når alt kjem til alt trur eg nok musikken var Øyvinds aller største lidenskap, og det er hjarteskjerande at han ikkje skulle få leva lenge nok til å utvikle dei mange bokprosjekta han hadde på gong på dette området.

Når tida no er komme der eg lyt takke Øyvind for reisefølgjet — det beste nokon kunne hatt — meiner eg det både figurativt og bokstavleg. I løpet av tida me fekk i lag var me mellom anna på arbeidsreiser i London, Roma, København, New York (fleire gonger), Athen, Winnipeg, Rio, Los Angeles, Toronto, San Francisco, Berkeley, Paris (mange gonger), Rethymnon, Baton Rouge, New Orleans, Nashville, Albany, Muscle Shoals, og Macon. Av dei eg kjem på i farta. Kvar stund var gledefylt, ja, sjølv den gongen me uforvarande rota oss inn i favelaen i Rio, berre få dagar før mitt eige bryllaup, der han var forlovar.

Øyvind har sett djupe spor etter seg i den norske kulturoffentlegheita og i akademia. 

Det er ikkje mange ein kan seie dette om, men absolutt alt han kom i berøring med vart til gull. Likevel fanst han ikkje karriereorientert; i staden var han orientert mot folk. Den varmen og omsorga han møtte andre med trur eg alle kunne lære noko av. Eg har vore så heldig å få sjå dette på nært hald, og særleg for studentar og yngre forskarar trur eg denne veremåten har vore viktig. 

I Øyvind sitt nærvær følte alle seg umiddelbart velkomne og verdsette. Og han var miljøbyggjande — der han kom byrja det straks å gro og å spira. Ikkje rart han fekk dette enorme nettverket av vener og kollegaer. Øyvind var sjølve inkarnasjonen av eit danna, estetisk, og etisk menneske. Slik fleire uttrykte det på Facebook: Øyvind var god — berre god.

Å miste ein så nær ven og kollega som Øyvind er ei transformativ oppleving. Eg er allereie ein anna mann enn eg var før 7. januar i år. Den aller siste samtalen mellom oss handla mellom anna om diktet «Anecdote of the Jar,» av Wallace Stevens. Då eg fortalde det til Stephanie, kona mi, sa ho berre, «sjølvsagt, det er jo dere, det.»

Umistelege Øyvind, me vil sakne deg for alltid.

Asbjørn Grønstad, professor i visuell kultur ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen

Powered by Labrador CMS