utestengt

544 studentar er utestengde

Auken på utestengde studentar er stor dei siste månadane. Fusk er den vanlegaste årsaka.

Eksamen i ei pre-pandemisk tid. Frå våren 2020 vart eksamen gjort om til heimeeksamen, og fusketala har stige.
Eksamen i ei pre-pandemisk tid. Frå våren 2020 vart eksamen gjort om til heimeeksamen, og fusketala har stige.
Publisert Oppdatert

I mars skreiv Khrono at talet på utestengde studentar var 368. Samanlikna med talet for mars 2020, var auken på vel 150. No viser tal VG har henta inn at det er 544 studentar som står som utestengt i Noreg per 1. mai.

Fakta

Universitet og høgskular med meir enn fem utestengde studentar

Tal per 1. mai:

  • Universitetet i Agder: 84
  • Universitetet i Søraust-Noreg: 73
  • NTNU: 63
  • Høgskolen i Innlandet: 50
  • Universitetet i Oslo: 50
  • Universitetet i Tromsø: 32
  • Universitetet i Stavanger: 29
  • Nord Universitet: 28
  • Høgskolen i Østfold: 27
  • OsloMet: 26
  • Høgskulen på Vestlandet: 18
  • Universitetet i Bergen: 16
  • Høyskolen Kristiania: 11
  • Høgskolen i Molde: 9
  • VID Vitenskapelig høyskole: 6

Kjelde: VG, Rust, Unit

Tala er henta frå Rust - Register for utestengde studentar - som ligg under Unit.

Som Khrono skreiv i vår, er det fuskesaker som er årsaka til dei fleste utestengingane. Det er det same no, viser tala frå VG.

Heile 84 studentane kjem no frå Universitetet i Agder (UiA). Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har 73, og både Universitetet i Oslo (UiO) og Høgskolen i Innlandet har stengt 50 studentar ute på grunn av fusk.

Trur dei tek mange

— Me skulle gjerne ha sett at talet var lågare, og me veit ikkje kvifor me har eit høgt tal blant universiteta. Det me veit er at me har eit godt system for å oppdaga fusk, og no ved omlegging til digitale eksamenar i samband med pandemien vert plagiatkontrollen veldig effektiv, seier Ingvild Marheim Larsen til VG.

Ho er viserektor for utdanning ved USN.

— Me trur absolutt ikkje at UiA-studentar fuskar meir enn studentar ved andre institusjonar, men UiA har gode rutinar for å fanga opp moglege fuskesaker, så me trur me fangar opp ein stor del av sakene, seier utdanningsdirektør Greta Hilding.

Fakta

Dette er RUST

  • RUST (Registeret for utestengte studenter) ble etablert i 2014.
  • Institusjonene sendte tidligere brev seg imellom for å utveksle informasjon om vedtak om utestengninger.
  • Kunnskapsdepartementet tok initiativ til et arbeid med å opprette et sentralt elektronisk register som sørger for at informasjonsutvekslingen mellom institusjonene foregår digitalt.
  • Informasjonen slettes etter at utestengingsperioden er utløpt. RUST sørger derfor for at studenten starter med blanke ark etter at perioden er utløpt.

Vedtak kan følge av følgende paragraf i universitets- og høyskoleloven:

  • §3-7(8): falske vitnemål
  • §4-8(1)(2): forstyrrende/plagsom atferd
  • §4-8(2): farlig atferd, grove brudd på taushetsplikt, grov usømmelighet i praksis eller klinisk undervsning
  • §4-8(3): fusk, forsøk på fusk, medvirkning til fusk
  • §4-10(3): utestenging etter skikkethetsvurdering

Kilde: Unit/Felles studentsystem (FS)

Leiar i Norsk studentorganisasjon, Andreas Trohjell, har tidlegare sagt til Khrono at han trur nokre av tilfella ikkje er medvitne.

— Me trur det kan vera ein del tilfelle der det har vore uklårt for studentane kva som har vore lov å gjera og kva som ikkje har vore lov. Det er viktig at universitet og høgskular er tydelege i kommunikasjonen sin til studentane, og at dei gir dei same signala skriftleg og munnleg.

Har avdekka meir fusk

Khrono har skrive fleire saker om at det har vorte avdekka meir fusk på eksamen i koronaåret 2020, då dei aller, aller fleste eksamenar vart gjort om til heimeeksamen.

At tala i Rust gjer eit hopp no, kan slik skuldast at fleire institusjonar, slik Khrono òg har skrive, har vore på etterskot med å handsama fuskesaker. NTNU har til dømes handsama saker frå 2020 først i 2021. Saker vert først registrert i Rust når institusjonen har fatta eit vedtak, og når utestengingsperioden er over, vert saka sletta frå registeret. Det vil seia at tala først og fremst gir eit augneblinksbilete.

I mars var det, ifølgje Unit sin eigen gjennomgang, 323 saker knytt til fusk. 23 saker handla om forfalska vitnemål, 22 saker om skikkaheit og ei sak knytt til fårleg åtferd, brot på tausheitsplikt eller grov usømelegheit i praksis.

Powered by Labrador CMS