Språk

— Eg slit med den ekstreme premissen om at vi kjem til å miste språket vårt

Norsk språk bør ikkje ha noko særskilt vern innan forskinga, meiner NHH-forskaren Aksel Mjøs.

Han er fostra opp i vestlandsk motkultur og er medlem av Noregs mållag. Men Aksel Mjøs vil ikkje at verken norsk språk generelt eller nynorsk spesielt skal ha særskilt vern gjennom kvotar eller andre reguleringar. Han er kritisk til den nye språklova som vart vedtatt av Stortinget i år.
Publisert Oppdatert

Den som leitar etter presentasjonar av fagstaben på Institutt for finans ved Noregs Handelshøgskole (NHH) på norsk, leitar forgjeves. Med 12 nasjonalitetar i staben frå alle kantar av kloden er det berre slik det må vere, slår Aksel Mjøs fast, leiar – eventuelt Head of department — for Institutt for finans ved Noregs handelshøgskole (NHH).

Mjøs har fortid mellom anna som Vice President i investeringsbanken Morgan Stanley i London, han hoppa av karusellen, tok doktorgrad på NHH og busette seg på slektsgarden på Osterøy utanfor Bergen – der han også driv med sau. Dessutan føretrekker han nynorsk, og er medlem av Noregs mållag.

Eg vil heller ha vaksine enn at forsking absolutt skal skje på norsk

Aksel Mjøs

Det er på ingen måte til hinder for at han no er styrar på eit institutt der så godt som all forsking, undervisning og kommunikasjon går føre seg på engelsk.

— I gamle dagar var det internasjonale arbeidsspråket latin. Vi har eit fantastisk mangfald av flotte folk frå heile verda på instituttet og på NHH. I dag er fellesspråket engelsk, seier han.

Når Språkrådet inviterer til Språkdagen denne veka, står nettopp fagspråket og vern av norsk språk i kunnskapssektoren på dagsorden. Den nye språklova, som trer i kraft frå neste år, skal styrke det frå før lovfesta kravet til institusjonane om å forvalte og utvikle det norske fagspråket.

Korleis bør det skje?

I alle fall ikkje gjennom krav til einskilde forskarar eller institutt om å bruke meir norsk eller kvotering av norsk-kunnige til forskarstillingar eller undervisning, meiner Aksel Mjøs.

Språkrådet krisemaksimerer

— Eg slit med den ekstreme premissen om at vi kjem til å miste språket vårt. Det kjem ikkje til å skje, i alle fall ikkje så lenge ordskiftet i det norske samfunnet er på norsk, seier Mjøs.

Han meiner Språkrådet krisemaksimerer, og brukar sin kjende kollega frå NHH, Victor Norman, som illustrasjon:

— Han har utdanninga frå MIT og Yale (amerikanske toppuniversitet, red. merkn.), det har ikkje akkurat hemma kapasiteten hans som samfunnsdebattant i Noreg. Eg trur det viktigaste er å skape gode arbeidsvilkår for å kunne rekruttere, også norske talent, til doktorgrad og forskarkarriere. Dersom vi klarer det, vil vi også få fleire forskarar som har norsk som hovudspråk og som kan delta i undervisning.

Finance professor and sheep farmer, titulerer han seg på Twitter. Aksel Mjøs levde eit liv i finanseliten i London etter studiar ved London Business School. No bur han på Osterøy utanfor Bergen og er forskar på NHH.

Å presse norsk fagspråk fram med kvotar og reguleringar går ikkje. Du kan ikkje stanse globaliseringa, meiner Mjøs. Då stansar du forskinga.

— Vi kan ikkje stille krav til fagspråk før fag. Kor mykje vaksineforsking var på norsk? Eg vil heller ha vaksine enn at forsking absolutt skal skje på norsk. Dersom vi absolutt må velje, må ikkje språket stå i vegen for å skape ny innsikt. Skal vi gjere rett for skattepengane, må vi også rekruttere så godt vi kan, både i Noreg og internasjonalt. Hinderet bør ikkje vere språket, vi bør heller legge til rette for at dei aller beste forskarane kan vere villige til å komme og bu i avkroken vår her oppe. Eit godt internasjonalt miljø gjer oss og meir attraktive for dyktige norske forskarar.

Mjøs seier han er «famlande til kva kravet i språklova eigentleg betyr». Stortinget vedtok i april lova som for første gong slår fast at norsk er nasjonalt hovudspråk i Noreg. Lova understrekar at norsk er «samfunnsberande språk» og at alle samfunnssektorar har eit ansvar for dette. Frå før understrekar universitets- og høgskulelova at institusjonane har ansvar for å vedlikehalde og utvikle norsk språk.

— Sett på spissen, det verkar som ein er blitt meir opptatt av at vi skal lære på norsk og bruke norsk, enn kvaliteten på det vi publiserer og underviser i, seier Mjøs.

Ville ha engelsk som hovudspråk

Bakgrunnen for den omseggripande språkdebatten i akademia er den dominerande stillinga til engelsk, som har auka jamt og trutt i takt med stadig sterkare internasjonalisering av forsking og høgare utdanning i Noreg. Medan engelsk lenge har vore dominerande forskingsspråk i naturvitskapane og i ein del økonomiske fag, er tendensen dei siste åra blitt tydelegare også innanfor samfunnsvitskapane og humaniora: meir forsking på engelsk, fleire doktorgradar og masteroppgåver på engelsk, men også meir undervisning på engelsk.

I 2020 var 55 prosent av undervisninga på NHH på engelsk. Gjennomsnittet for dei statlege institusjonane er 26 prosent, ein auke frå ca. 15 prosent for 10 år sidan, ifølgje tal frå NSD. Så langt i år er 45 prosent av alle innleverte mastergradar i Noreg på engelsk, ifølgje Klassekampen. 91 prosent av dei vitskapelege artiklane frå norske institusjonar er skrivne på engelsk.

Regjeringa og forskings- og høgare utdanningsminister, Ola Borten Moe, har signalisert strengare krav til bruk av norsk språk i akademia.

NHH er ein av institusjonane med mest engelsk i bruk, både i publisering og undervisning, førebels mest på doktorgrads- og masternivå.

Høgskulen høyrer samstundes til mindretalet av universitet og høgskular som har følgt opp pålegget om å etablere ein eigen strategi for språk. Den prosessen gjekk ikkje utan sverdslag, og arbeidsgruppa som skulle utvikle strategien vart splitta på midten.

Mjøs høyrde til mindretalet som gjekk imot forslaget om å at fast tilsette må ha «tiltrekkelig språklig kompetanse i både norsk og engelsk til å kunne kommunisere med studenter, ansatte og eksterne kontakter på en tilfredsstillende måte».

Men mindretalet fekk inn ein nyanse: I dei endelege retningslinjene vart ordet «skal» bytta ut med «forventes å ha tilstrekkelig språklig kompetanse i både norsk og engelsk».

Mjøs og hans meiningsfeller i utvalet gjekk inn for at strategien skulle etablere engelsk som hovudspråk ved institusjonen.

— Ikkje eit personleg ansvar

— Eitt av poenga vi løfta fram i arbeidet med språkstrategien var at det er ei institusjonsansvar, ikkje eit personleg ansvar å forvalte norsk språk. Samstundes brukar instituttet vårt norsk fagspråk, i artiklar og debattar i media, samt i faglege tidsskrift, sjølv om arbeidsspråket er engelsk. Og dette gjeld både norske og internasjonalt rekrutterte forskarar. Endar vi for eksempel med at vi ikkje har nokon som kan snakke om finans på norsk, så får vi gjere særskilte tiltak. Men fortsatt er store delar av finansfaget- og sektoren bemanna med norske, seier han.

Sauene til Aksel Mjøs går ute heile året. Denne måtte reddast etter å ha vikla seg inn i ein tornebusk.

I ein kronikk i Aftenposten for ei tid tilbake slo Mjøs, saman med kollega og professor Arnt Ove Hopland fast at språkdebatten er «på ville vegar». Problemet, skreiv NHH-forskarane, er ikkje at at 90 prosent av doktoravhandlingane er på engelsk. Problemet er at talet ikkje er nærare 100 prosent.

— Skal du ha skikkeleg fagfelleutfordrande publisering, må du skrive på eit språk dei beste på feltet kan forstå, og det er ikkje norsk. Skal du skrive ein doktorgrad, må du, bortsett frå i veldig spesielle unntak, prøve å få det utgitt internasjonalt. Då må det gjennom ei fagfellevurdering, der dei fremste på feltet kritisk vurderer arbeidet, og det må skje på engelsk.

Mjøs, med utkikk frå NHH, vil gjerne snu perspektivet, også i spørsmålet om engelsk i undervisning.

— Stadig fleire norske bedrifter brukar engelsk som internspråk. Kjem du ut frå NHH og ikkje er trygg på engelsk, då får du ikkje jobben, i alle fall kjem du til å slite, seier han.

Det er slett ikkje slik at finansforskaren ikkje har hjarte for norsk språk.

Ja - og nei - til nynorsk

Han er tvert imot fostra opp blant målfolk, er sjølv nynorskbrukar og medlem av Noregs mållag. Mjøs lever i eit spenn som i alle fall ikkje er typisk for finansfolk. Rotfesta i ein sterk lokal identitet har han seks utegangarsauar gåande på familiegarden. Kona er barnehagelærar og køyrer bokbussen til skular og barnehagar. Det er nesten så den vestlandske motkulturen dampar av markene på småbruket på Osterøy.

På den andre sida lever han i det internasjonale, akademiske finansmiljøet.

Prestesonen Mjøs går ikkje av vegen for å banne i kyrkja: Kravet om sidestilte målformer i statsforvaltninga, som bygger på jamstellingsvedtaket i Stortinget frå 1885, har han lite sans for.

Aksel Mjøs jobbar i eit tvers gjennom internasjonalt miljø på NHH. På slektsgarden lever han bygdelivet saman med kona, som er barnehagelærar og køyrer bokbussen på Osterøy

— Eg trur dette kan ha vore med å hindre bruken av nynorsk. Kva effekt har det når folk i departementa motvillig produserer «grautmål» og dårleg nynorsk?

Nynorskens kår er også tema på Språkdagen.

— Når eg skriv e-postar, brev og i media, skriv eg nesten berre nynorsk. Men om eg skriv tekstar saman med andre norskspråklege, skrive eg ofte bokmål for ikkje å tvinge andre til å skrive nynorsk, seier Mjøs.

Men arbeidsspråket, det er den nye latinen, for Aksel Mjøs: engelsk. Det håper han å få halde fram med.

Powered by Labrador CMS