Fleire rektorar er kritiske til Iselin Nybøs plan om å få universitet og høgskular til å konkurrere om vere best i klimaklassen. Sjølv er ho ein av leiarane i sektoren med størst klimafotavtrykk. Foto: Siri Øverland Eriksen

17 tonn tynger Nybøs klimakampanje

Klima. Statsråd Iselin Nybø vil ha kunnskapssektoren med på konkurranse om å flyge minst og gjere mest for berekraft. Samstundes er hennar eige klimafotavtrykk større enn for dei fleste rektorane i landet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg er opptatt av at vi skal leve som vi lærer, sa forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø til Khrono på tampen av 2019.

Det vi konkurrerer mot er klimaendringane

Iselin Nybø

Statsråden har gjort klima til ei høgt prioritert sak siste året, og ho har ved fleire høve uttrykt eit klart krav om at leiarane i universitets- og høgskulesektoren bør gå føre med eit godt eksempel. Mellom anna fekk Universitetet i Bergen sin rektor og storflygar, Dag Rune Olsen, eit humoristisk spark på leggen under fjorårets kontaktkonferanse mellom regjeringa og leiarane i sektoren:

— Mykje ville sjølvsagt vere gjort viss vi klarte å lære rektor på Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, å bruke Skype, sa ho då.

Fakta

Klima i akademia

Kunnskapsdepartementet har fått utarbeidd ein rapport som skal vere ein førebels «best practice» for klima og miljøindikatorar for universitets- og høgskulesektoren.

Rapporten legg fram forslag til 98 indikatorar under 8 hovudkategoriar som sektoren skal kunne bruke for å kartlegge og årleg rapportere sitt miljø- og klimafotavtrykk.

Indikatorane skal også brukast til å lage kriterium for ein konkurranse mellom institusjonane om å ha det minste miljø- og klimafotavtrykket.

Eit såkalla scorecard for konkurransen skal leggast fram på Kontaktkonferansen 2020, der tema er det grøne skiftet.

Khrono brukar klimakalkulatoren til FNs luftfartorganisasjon (ICAO) for å rekne ut klimaavtrykket frå flyreisene. For å kalkulere meir reelle klimagassutslepp knytt til flytransport (radiative forcing index, RFI), bør det leggast til 80 prosent på utsleppstalet (CICERO).

I dag opnar Nybø årets kontaktkonferanse i Oslo. Tema er «Grønt skifte». Også miljøministeren stiller – saman med universitets- og høgskuletoppar frå fjern og nær – med tung klimabagasje. Khrono har rekna ut Nybøs klimafotavtrykk knytt til flyreiser i 2019.

På sine 75 flyreiser har ho eit utslepp på 17,2 tonn. Med det hamnar ho på den tvilsame «pallen», berre slått av rektor ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Anne Husebekk (32 tonn), og UiB-rektor, Dag Rune Olsen (23,5 tonn).

Bak seg på lista har ho rektorane både ved NTNU og Universitetet i Oslo. Det aller minste klimafotavtrykket knytt til reiser i 2019 hadde rektor ved Høgskolen i Innlandet, Kathrine Skretting.

— Avhengig for å gjere jobben

Khrono har bede Nybø om ein kommentar og har fått svar på e-post:

— Vi jobbar heile tida med å redusere klimagassutsleppa våre, både gjennom reiser og på andre måtar. Likevel er det slik at vi av og til må reise med fly. Det er både eg, rektorane og andre avhengige av for å gjere jobben vår. Eg har 21 universitet og høgskular fordelt på rundt 60 studiestader i porteføljen min, og ein ambisjon om å besøke dei alle frå tid til anna. Eg er glad for at eg har mange rektorar under meg på denne lista.

Ein del av reisene hennar går mellom Oslo og Stavanger, der ho bur. Men pendlarturane direkte mellom dei to byane utgjer berre drygt eitt tonn av det totale utsleppet. I fleire av reisene har ho kombinert fleire destinasjonar og besøk på same tur, ofte med utgangspunkt i heimbyen.

Seks tur/retur-reiser har gått til utlandet, tre av dei til Norden, ei til USA og ei til Asia på delegasjonsreise. Ulikt mange av dei reiseglade rektorane er det dermed reiser i Noreg som i all hovudsak fyller Nybøs klimabagasje. Til dømes utgjorde utanlandsreisene den klart største delen av UiT-rektor Anne Husebekks avtrykk. Det same gjeld rektorane ved dei andre større universiteta.

— Når det gjeld utanlandsreiser prøver vi å vere veldig bevisste på kva reiser som er nødvendige, og ikkje minst kor store delegasjonar vi treng, seier Nybø, som snart er klar for ei ny delegasjonsreise, denne gongen til India.

I november i fjor presenterte Kunnskapsdepartementet 98 indikatorar for måling av berekraft, utvikla av Asplan Viak. Samstundes varsla Nybø opptrapping av miljøkrav i sektoren og krav til rapportering.

Saman med Dag Rune Olsen, i rolla som leiar i Universitets- og høgskolerådet, lanserte ho dette som ein konkurranse mellom institusjonane. Kappestriden om å mellom anna flyge minst (flyreiser og transport utgjer ein stor del av klimagassutsleppa i sektoren) skulle vere ei av øvingane.

— Eg reknar med at alle er med på konkurransen, sjølv om den er frivillig, sa Nybø til Khrono i november i fjor.

Det er det ikkje alle som vil.

Kritiske til klimakonkurranse

Ein av dei er Sunniva Whittaker, rektor ved Universitetet i Agder.

— Dei legg opp til å samanlikne institusjonar som er veldig ulike, også geografisk sett. Halvparten av møta eg må fly til er jo i Oslo. Det er noko dei som ligg nærare hovudstaden slepp. Vi er ulike når det gjeld internasjonale ambisjonar. Nokre institusjonar leiger bygg, andre eig. I det heile er vi såpass ulike at det er vanskeleg å konkurrere på ein meiningsfylt måte.

Whittaker seier ho har meir tru på å legge vekta på samarbeid, framfor kappestrid. Også Nybø har sagt at krafttaket for klima er ein dugnad, ikkje berre ein konkurranse.

Rektor ved Universitetet i Agder, Sunniva Whittaker. Foto: UiA

— Eg synest det rimer litt dårleg når ein på den eine sida snakkar om dugnad og på den andre om konkurranse. Dugnad handlar om å saman finne gode løysingar. Konkurranse er noko heilt anna.

På Kontaktkonferansen i dag skal eit såkalla «scorecard» for konkurransen leggast fram. Det er Diku som har fått i oppdrag frå departementet å sortere ut nokre av dei 98 indikatorane som kan brukast til å måle berekraft på institusjonane.

Samstundes er administrasjonen i Universitets- og høgskolerådet (UHR), ein av pådrivarane for konkurransen, kritisk. I eit referat frå eit møte i UHR heiter det at institusjonane er for ulike til at det gir meining å konkurrere. Indikatorane er «lite lite egnet (…) og at et scorecard i høyden må brukes til å sammenligne utvikling i institusjonene med seg selv».

UiS-rektor: — Skremmer meg litt

I eit debattinnlegg meinte rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn, at fokuset på måling «søppelsortering, sykkelparkering og solenergi på campus» skuggar for det viktigaste, nemleg kunnskapsproduksjonen.

Rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger. Foto: Siri Øverland Eriksen

— Det bra å dempe klimafotavtrykket i sektoren, vi vil gjerne bli betre, og eg er heller ikkje redd for ein konkurranse. Det eg er skeptisk til, er eit sinnrikt system med rapportering og eit vell av indikatorar. Det skremmer meg litt. Om vi får eit enkelt og treffsikkert system, er det vel og bra. Men hovudoppgåva vår er å produsere kunnskap gjennom utdanning og forsking. Lykkast vi ikkje med det, har vi spelt fallitt, seier Mohn til Khrono.

Iselin Nybø har dette å seie om kritikken:

— For det første er det frivillig å vere med, og for det andre handlar det ikkje om kven som er best eller dårlegast. Eg veit at det er store forskjellar blant anna når det gjeld avstandar internt mellom for eksempel Nord universitetet og OsloMet. Men dette handlar om å synleggjere kva UH-sektoren gjer som er bra slik at ein kan lære av kvarandre. Det vi konkurrerer mot er klimaendringane.

Ho forsikrar også om at ho sjølv og departementet hennar ikkje har forkasta kampen for å få liv og lære til å møtast.

— Vi vil ha fokus på flyreiser og reduksjon av klimagassutslepp i 2020.

Powered by Labrador CMS