Nybø startar konkurranse: No må alle rapportere klimafotavtrykket
Berekraft. I dag kjem statsråd Iselin Nybøs forslag til 98 indikatorar som skal måle fotavtrykket frå alle landets campus. Ho vil at universitet og høgskular skal konkurrere om å bli best i klimaklassen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Kostnadene knyttet til ambisiøse klimatiltak ved norske campuser kan ikke lenger sees på som en utgift », heiter det i rapporten som i dag blir lagt fram frå Kunnskapsdepartementet (KD). Heretter heiter det investering.
Eg er opptatt av at vi skal leve som vi lærer
Iselin Nybø
Grønne indikatorer for universitets- og høgskolesektoren presenterer forslag til måleinstrument for berekraft, og er eit første steg i forskings- og høgare utdanningsminster Iselin Nybø varsla opptrapping av miljøkrav i sektoren.
Ho har tidlegare invitert til kappestrid mellom institusjonane om kven som både kan flyge minst og på andre måtar redusere klimafotavtrykket mest.
— Eg reknar med at alle er med på konkurransen, sjølv om den er frivillig. Det er ein konkurranse og dugnad for å bli grønast mogleg, seier Nybø til Khrono.
Flyreiser på topp
Rapporten er laga av konsulentselskapet Asplan Viak på bestilling frå Kunnskapsdepartementet og listar opp åtte samlande indikatorar som universitet og høgskular skal bruke for å måle sine direkte og indirekte klimagassutslepp og annna miljøforureining.
Høgt på lista står det som er omtalt som mobilitet — reiseverksemd og transport. Rapporten slår fast at transport og reiser er ei av dei største kjeldene til utslepp av klimagassar i Noreg, og det gjeld også universitet- og høgskulesektoren. «For UH-sektoren stammer størsteparten av mobilitetsrelaterte utslipp fra flyreiser», står det i rapporten, og peikar følgjeleg på at sektoren bør prioritere dette feltet.
Vidare er innkjøp, mat og servering, bygg og materialbruk på lista over hovudindikatorar som ekspertane bak rapporten anbefalar. Under desse kategoriane er det sett opp 98 meir detaljerte indikatorar som sektoren skal bruke for å overvake seg sjølv og rapportere miljø- og klimafotavtrykket. Data er tenkt innrapportert i samband med anna årleg rapportering til NSD — Norsk senter for forskingsdatas database DBH.
Spørsmålet, som rapportforfattarane sjølve tar opp, er om eit indikatorsett er nok til å skape handling og utsleppsreduksjon «og ikke ender opp i skuffen på toppen av bunken med gode intensjoner».
Raudt kort — eller grønt
— Det må føre til handling. Vi er ein sektor der det verkeleg kan monne, med 300 000 studentar, 38 000 tilsette og 3,4 milionar kvadratmeter med campus. Ser vi på reiser, bygningsmasse og energiforbruk er potensialet enormt, seier Nybø.
I konkurransen, som statsråden framhevar som sentral, er planen at institusjonane skal få utdelt raude, gule - og aller helst — grøne kort, alt etter scoren.
Kriteria skal bygge på indikatorane som er utarbeidd i rapporten frå Asplan Viak.
Nybø viser til at tilsette og studentar i sektoren sjølv har ropt på meir handling.
— Mange jobbar godt alt i dag, og eg veit at mange tilsette og studentar vil ønskjer å vise at dei tar klima på alvor, seier ho.
I løpet av 2019 har klimakrisa ført til opprop frå meir enn tusen tilsette ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen (UiB). Studentar og tilsette har engasjert seg i demonastrasjonar. Samstundes har klima rast oppover sakslistene, og fleire universitetet har innført eigne klima- og miljørekneskap og klarare utsleppsmål. Neste veke vil til dømes UiB vedta nye retningslinjer for reising med sikte på få ned talet på forureinande flyreiser.
— Eg er veldig optimistisk, uttalte klimaforskar Helge Drange på eit arrangement i Bergen nyleg.
Drange har vore mellom dei hardaste kritikarane av mangel på handling i sektoren, og det er berre eit drygt halvår sidan han slo fast at «vi har svikta fundamentalt» og at truverdet til universitetet og forskarane stod på spel.
Skal måle mangfald
I ei tidlegare utgreiing, «Klima- og miljøfaktorer for universitets- og høgskolesektoren» (Asplan Viak, 2019) er — i tillegg til flyreiser — elektrisitet og fjernvarme peikt ut som dei viktigaste faktorane som påverkar klimagassutslepp og biologisk mangfald på universitet og høgskular. Vidare er ulikt forbruksmateriall og inventar, investering i bygg og annan transport, som reiser til og frå arbeid, viktige klimafaktorar.
Den viktigaste negative faktoren for biologisk mangfald er øydeleggingar av leveområder på universitets- og høgskuleområda.
I den ferske rapporten med måleverktøy er då også økologi og biologisk mangfald — ein av hovudindikatorane — gitt stor plass. «Universitets- og høgskolesektoren innehar en unik mulighet og kompetanse til å bidra til og styrke økosystemene, og dermed også grunnlaget for rikt naturmangfold på egen grunn», heiter det.
Planen er at biologar skal rapportere inn data om mellom anna grøne og blå areal, område med økologisk verdi, viktige naturtypar og framande og verdfulle artar basert på Artsdatabanken.
Tap av naturmangfald er til liks med klimakrisa rekna som ei av dei store globale utfordringane. Ein omfattande rapport frå FNs naturpanel konkluderte tidlegare i år med at fleire artar er trua av utrydding enn nokon gong før i historia.
«UH-scorecard»
Universitets og høgskolerådet (UHR), medlems- og interesseorganisasjon for sektoren, har berekraft og klima som tema på sin konferanse neste veke. Der skal også førsteutkast til «scorecard» for Nybøs klimakonkurranse presenterast.
Det er Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) som har fått oppdraget med å rigge konkurransereglane for Nybø. Dei skal bygge på den nye rapporten med måleindikatorar, som no skal ut på ei høyring.
Sjølve utdelinga av raude, gule og grøne kort i sektoren kjem først i gang ut på nyåret ein gong, etter at endeleg versjon av «UH-scorecard» er lagt fram på den årlege Kontaktkonferansen 14. januar neste år. Der skal ministeren møte rektorar og direktørar frå alle norske universitetet og høgskular.
Det blir garantert snakk om gode intensjonar, men ministeren lovar også at det fortsatt skal bli meir:
— Eg er opptatt av at vi skal leve som vi lærer, seier ho.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!