Arbeidet med berekraft på campus handlar om korleis me skal drive verksemda vår. Det ein heller burde spørje om er kva me faktisk skal drive med, skriv rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger. Foto: Siri Øverland Eriksen

Rektor Klaus Mohn om kunnskap og klima:
Viktigare enn korleis me løyser oppgåvene våre er kva me faktisk gjer

Klima. Er det verkeleg søppelsortering, sykkelparkering og solenergi på campus som skal bli våre viktigaste bidrag til å bøte på klimautfordringa, spør rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg er i Oslo i høve den årlege konferansen i regi av Universitets- og høgskulerådet (UHR). Temaet i år er universiteta si tilpassing til miljømessig berekraft og det grøne skiftet. Engasjementet for slike tema har variert mykje blant norske universitet og høgskular. Ein har heller ikkje hatt ei felles forståing av saksfeltet, og inga felles oppfatning om kva for tiltak som gjev mest meining, og ikkje minst korleis ein skal måle resultata frå innsatsen knytt til miljø og berekraft.

Ein nasjonal dugnad for samordning av universitets- og høgskulesektoren sitt arbeid med berekraft har difor mykje positivt ved seg. Ei felles forståing av utfordringar, mål og verkemiddel vil gje betre resultat frå innsatsen på området. Sameining av ressursar til utgreiing og analyse kan og gje ei betre tilpassing av innsatsen ved den enkelte institusjon. Vidare vil standardisering av verkemidla betre potensialet for systematisk måling, aggregering og samanlikning på tvers av sektoren. Sist, men ikkje minst, vil ei samordning på nasjonalt nivå gjere det enkelt å dele informasjon på tvers av institusjonane, om felles problemstillingar og utfordringar, om innsats og resultat.

Om ein vil gjere ein forskjell, så bør strategiar og prioriteringar knytt til utdanning difor være prega av miljømessig berekraft, på emnenivå, på programnivå og på programporteføljenivå.

Klaus Mohn

Likevel er det noko som skurrar. Er det verkeleg søppelsortering, sykkelparkering og solenergi på campus som skal bli våre viktigaste bidrag til å bøte på klimautfordringa. Dette er vel ikkje kjerneverksemd ved universitet og høgskular. Eit breitt sett av indikatorar kan sikkert justere merksemd og skape betre haldningar blant tilsette og studentar. Like fullt er det på heilt andre område at vår verksemd kan spele ei verkeleg viktig rolle.

Arbeidet med berekraft på campus handlar om korleis me skal drive verksemda vår. Det ein heller burde spørje om er kva me faktisk skal drive med? Svaret er sjølvsagt utdanning, forsking, innovasjon og samfunnskontakt. Kunnskapsproduksjon for betre liv, med andre ord. Det er her universiteta og høgskulane tek dei store vala om kva for premiss ein skal legge for samfunnsutviklinga. Det er her ein produserer kunnskap og kandidatar som skal gjere ein forskjell i mange, mange år etter at dei forlet universiteta. Det er her ein har det største potensialet for verkeleg å møte dei store samfunnsutfordringane på eit vis som monnar.

Om ein vil gjere ein forskjell, så bør strategiar og prioriteringar knytt til utdanning difor være prega av miljømessig berekraft, på emnenivå, på programnivå og på programporteføljenivå. Alle emne innafor eit studieprogram kan potensielt ta inn over seg perspektiv på berekraft, slik det til dømes blir forventa i internasjonal akkreditering av handelshøgskular. Vidare kan ein sjå for seg at tverrfaglege emne om berekraft, miljø og energi kan delast mellom fakultet og fagmiljø, og gå inn som obligatoriske emne eller som valemne på ulike program på tvers av institusjonane. Til slutt bør ein vurdere å auke tilfanget av spesifikke studieprogram retta mot berekraft, miljø og energi, slik ein har gjort med det internasjonale masterprogrammet Energy, environment, and society ved Universitetet i Stavanger.

Sjølv om forskinga skal være kjenneteikna av sjølvstende, uavhengigheit og autonomi, så er det muleg å legge til rette for ei vinkling mot bestemte problemstillingar og tema, både utanfor og innafor universiteta. Dette er allereie ei utbreidd tilnærming i det meste av utlysingar, både frå Forskningsrådet og frå styresmaktene i EU. Sjølv er eg blant dei som gjerne kan la kjensler, overtyding og jamvel ideologi være med på å påverke valet av spørsmål og problemstillingar i forskinga. Men så snart ein har bestemt seg for kva som skal under lupa, så må alt anna enn iskald analyse vike plass. For resultata frå forskinga kan ikkje være anna enn objektive.

Sist, men ikkje minst er det muleg å gjere ein forskjell i spreiinga av kunnskap til næringslivet, arbeidslivet og til sivilsamfunnet. Her kan ein påverke både kunnskap og haldningar. Vidare kan forskinga gje opphav til idéar som igjen har potensial for nyskaping, innovasjon og verdiskaping både i privat og offentleg sektor. På dette området vil eit velfungerande økosystem måtte bygge på medvitne utval av fagområde, næringar, og partnarar i privat og offentleg sektor. Dette kunne styresmaktene gjerne gje meir tydeleg uttrykk for i tilpassinga av forventningar, roller og oppdrag for innovasjonsarbeidet ved universitet og høgskular. Her ligg det eit stort potensial for prioritering, til dømes i retning ansvarleg forsking og innovasjon (responsible research and innovation; RRI), med sikte på betring i forhold knytt til berekraft og miljømessig påverknad.

Då eg først blei gjort merksam på den store innsatsen som no blir lagt ned i arbeidet med berekraftig campus-utvikling i den norske universitets- og høgskulesektoren tenkte eg at dette må være eit blindspor. Med litt ettertanke ser eg at dette kanskje er å gå for langt. I innsatsen for berekraft, miljø og klima er det likevel eit tankekors at me brukar så mykje merksemd på korleis med løyser oppgåvene våre, og ikkje på kva me faktisk gjer. Dette bør være ei påminning både for politikarar, akademiske leiarar og forskarar i tida som kjem.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS