Rektor ved Høgskolen i Innlandet jobbar for at høgskulen skal bli universitet. Det krev mykje arbeid innomhus og mindre reising for rektor Kathrine Skretting. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Her er årets klimavinnar

CO2-toppen. Medan andre rektorar reiser jorda rundt og set svære klimafotavtrykk, kan rektor ved Høgskolen i Innlandet, Kathrine Skretting, skilte med eit nesten mikroskopisk utslepp frå jobbreisene sine.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ho har vore ein tur til Brussel, innom Gotland og landa til eit par styremøte i Stockholm, rektor ved Høgskolen i Innlandet, Kathrine Skretting.

Det er dei einaste flyreisene i jobben i 2019.

Regjering og storting bør vere mykje hardare i klypa for å få fart på endringane.

Ole Gustavsen

Målt i klimagassutslepp svarer det til 1,8 tonn, med utrekningsmåten Khrono har brukt. Med det konkurrerer ho med Universitetet i Sørøst-Norges rektor, Petter Aasen, om den gjeve botnplasseringa på oversikten over klimafotavtrykket etter flyreiser til rektorane ved alle universitet og offentlege høgskular i Noreg.

På toppen av lista er fortsatt rektor ved Noregs arktiske universitetet UiT, Anne Husebekk, med 32 tonn. (Sjå heile lista nedst i saka).

Rett nok er det enklare for Skretting å stille opp til møte i Oslo, det tar berre eit par timar på skinner inn til hovudstaden for rektoren ved Høgskolen i Innlandet. For rektoren i Tromsø er det svært mykje lengre. Men som tidlegare omtalt i Khrono, er det primært dei internasjonale og interkontinentale reisene som gjer Husebekk til klimaversting i 2019.

Eit 18 gonger mindre klimafotavtrykk må for Skrettings del reknast som nær mikroskopisk i forhold.

Eit kjent mønster teiknar seg, dersom ein ser nærare på destinasjonane til dei som ikkje er lokaliserte på Austlandet: Innanlandsreisene går svært ofte til Oslo. Til dømes går 20 av NHH-rektor Øystein Thøgersen totalt 25 flyreiser i 2019 til hovudstaden.

Litt meir, men mindre

— Eg har brukt mykje tid internt dette året i og med at vi er relativt nyfusjonerte, forklarar Skretting, som ikkje akkurat skryt av det beskjedene reiseprogrammet sitt. Neste år kan det bli meir, meiner ho, høgskulen har høge ambisjonar og søknad om å få bli universitet inne til vurdering.

— Noko reising må det vere, vi kan ikkje heilt unngå fly. Det blir truleg noko meir reising framover for å bygge internasjonale kontaktar. Samstundes er vi i gang med å utvikle ein ny strategi. Der skal det grøne skiftet stå sentralt, og ein reisepolitikk er del av dette.

Innlandet-rektoren var også blant dei som hadde lågast reiseutgifter i 2018, då Khrono sjekka kor mykje pengar UH-toppane brukte på reiser. Og ho var med på den store Kina-turen i fjor, men var den som hadde den billegaste billetten.

Blant rektorane ved dei «gamle» U4 — Universitetet i Oslo (UiO), NTNU, Universitetet i Bergen (UiB) og UiT – er UiO-rektor Svein Stølen minst på flyet. Hans klimabagasje i 2019 er på 10,5 tonn, ifølgje oversikta som tidlegare vart publisert i Khrono. Dette er vesentleg lågare enn både rektorane ved NTNU (Anne Borg avløyste Gunnar Bovim i august) og særleg UiB-rektor Dag Rune Olsen (23,5 tonn) står for.

No har eit nytt universitet kilt seg inn mellom NTNU og UIO.

Av dei 17 institusjonane Khrono har sett nærare på i denne omgangen har rektor ved Universitet i Agder det høgste klimafotavtrykket frå flyreiser med 12,7 tonn. Sunniva Whittaker avløyste Frank Reichert som rektor denne hausten. Reichert sine utslepp er meir enn dobbelt så store som Whittakers.

— Personleg ønskjer eg å nøye vurdere kvar einaste reise om dei er nødvendige. Vi har starta ein ny strategiprosess der berekraft står sentralt, seier Whittaker.

Retningslinjer for reising, som skal regulere dei tilsette sine reiser, er del av dette, ifølgje rektoren.

Fakta

Klima i akademia

I løpet av 2019 har klimakrisa blitt ei av dei aller største og viktigaste sakene i universitets- og høgskulesektoren. Opprop frå tilsette ved UiO og UIB har samla underskrifter frå meir enn 1500 tilsette.

UiB står på terskelen til å lansere nye retningslinjer som skal få tilsette til å flyge langt mindre, NTNU har kalla sitt «Reiseløftet» for «tidenes utfordring».

Universitets- og høgskolerådet (UHR), medlems- og interesseorganisasjon for sektoren, har berekraft og klima som hovudtema på sin konferanse denne månaden.

Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø (V), har saman med UHR lansert ein klimadugnad, der konkurranse mellom institusjonane om å forureine minst er ein av komponentane.

Allereie i 2015 slo tidsskriftet Nature på leiarplass fast at «forskarar og institusjonar bør sjå nærare på CO2-fotavtrykka sine og spørje seg sjølv om dei verkeleg treng å reise på akademiske konferansar».

Arkitektur på tur

Ser ein på høgskulane for seg, er det rektor ved Arkitektur- og designhøgskolen som kjem dårlegast ut.

10,6 tonn klimagassar er status frå Ole Gustavsens reiser i 2019 – om lag det same som rektoren ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen har.

— Det overraskar meg ikkje at eg kjem høgt. Eg er på ingen måte stolt av det, seier Gustavsen.

Unnskyldninga er at det er eit spesielt år for han i år, med delegasjonsreise til Sør-Korea og Japan etter invitasjon frå Kunnskaps-departementet og tur til USA og Kina. Vanlegvis har han ei lang reise i løpet av året, og den går til Kina, der høgskulen har viktige samarbeidspartnarar.

Gustavsen er blant foredragshaldarane når Universitets og høgskolerådet (UHR) trommar saman til konferanse med klima som tema i november.

— Det store bidraget vårt er kandidatane våre, som vi utdannar meir enn hundre av årleg. Det viktigaste er at desse forstår korleis dei kan bidra til å løyse dei enorme berekraft- og klimautfordringane vi står overfor, seier Gustavsen.

Rektor Petter Aasen ved Universitetet i Sørøst-Norge reiser mykje mellom dei åtte campusane på sitt universitet. I år blir det rundt 25 000 kilometer i hybridbil. Foto: Eva Tønnessen

Rektors reiser er sjølvsagt ein del av bildet, meiner rektoren.

— Det at rektorane sine reiser og klimafotavtrykk er blitt ein snakkis, er positivt i seg sjølv. Det er også flott at vår minister (Iselin Nybø, red.merk.) er på ballen. Men regjering og storting bør vere mykje hardare i klypa for å få fart på endringane.

Bilisten i søraust

Tidlegare i år sa statsråd Iselin Nybø at ho ville lage ein konkurranse mellom institusjonane om kven som kan redusere utsleppa sine mest. På Universitet og høgskolerådets årskonferanse i november er klima det store emnet.

Om denne konkurransen var i dag, ville rektor Petter Aasen ved Universitetet i Sørøst-Norge ha kniva med Kathrine Skretting om førsteplassen. Men i tillegg til å reise lite med fly, er Aasen truleg den rektoren i Noreg som sit mest i bil. I fjor køyrde han kring 30 000 km, i år seier han at han køyrer cirka 25 000 kilometer med hybridbilen mellom campusane sine. Medan flyreiser utgjer den klart største delen av klimafotavtrykket for dei andre rektorane, er det bilen som set spor etter Aasen.

Fakta

Klimafotavtrykk

Khrono har brukt klimakalkulatoren til FNs luftfartorganisasjon (ICAO) for å rekne ut klimaavtrykket frå flyreisene til universitetsrektorane.

Denne kalkulatoren inkluderer ikkje andre klimagassar (ekvivalentar) enn CO2, som ved flyreiser utgjer ein vesentleg del av utsleppa som bidrar til global oppvarming.

For å kalkulere meir reelle klimagassutslepp knytt til flytransport (radiative forcing index, RFI), bør det leggast til 80 prosent på utsleppstalet (CICERO). Universitetet i Oslo legg på 90 prosent (Miljørapport 2016). Også UiB brukar ein annan formel, som gir rektor Dag Rune Olsen eit vesentleg høgare enn i Khronos utrekning, på 30 tonn i 2019.

Reiser med bil, tog eller anna i samband med flyreiser er ikkje tatt med.

Flyreiser – ei til Helsinki, ei til Brussel og tre til Bergen for å skjøtte styreleiarverv – står for 1,1 tonn klimagassar. Bilen for 3,1 tonn, rekna etter dei siste standardane.

Kathrine Skretting, som også køyrer ein del bil mellom campusar, anslår til samanlikning at ho køyrer rundt 3600 kilometer i 2019.

I denne samanhengen bør det også nemnast at Kunsthøgskolens Måns Wrange, som begynte som rektor i august, slett ikkje drar opp utsleppa på sin arbeidsplass. Han har null flyreiser i jobben så langt denne hausten.

Klaus Mohn trur han vil reise meir

Blant dei yngre universiteta er det i tillegg til Agder og Nord universitet, Universitetet i Stavanger, som kjem på pallen som ingen ønsker å kome på. Rektorane (Klaus Mohn tok over etter Marit Boysen i juni) i Stavanger har likevel mindre utslepp enn Svein Stølen i Oslo.

Mohn – også han foredragshaldar på den komande, klimatunge UHR-konferansen – er kritisk til å stramme for hardt til på reiseaktiviteten.

Økonomen, som mellom anna har jobba i oljeindustrien, trur han kan kome til å reise meir i framtida.

— Vi oppfordrar både forskarar, leiinga og ikkje minst studentane om å halde kontakt med omverda. Internasjonalisering er eit buzzword for alle som driv med forsking og utdanning. Struper vi reiseaktiviteten, tar vi også bort grunnlaget for alle desse menneska til å pleie internasjonale nettverk. Det er ein krevjande balanse. Det er ikkje sikkert det er så lurt å reise mykje mindre, med tanke på behovet og kravet til internasjonal kontakt. Vi må ha to tankar i hovudet samstundes, seier Mohn.

I eit intervju med Khrono rett før han gjekk på som rektor i august i år svara Mohn dette då vi spurte om han kjende på «flyskam».

— Nei, men eg prøver å tenkje på kor mykje eg flyg. Og så syklar eg mykje. Eg har fleire gongar tatt nattoget, det er ganske så praktisk å vakne opp midt i sentrum, seier han, men vil ikkje moralisere.

— Vi må gjere noko med karbonavtrykket. Det kan vil ikkje løyse med dugnad. Det må ein samordna politikk til, sa han den gongen og la til:

— Vi er midt i ei klimakrise og vi må ta rev i segla, elles ender vi dit vi stevner. Og det er ingen bra plass.

Klimagasstoppen 2019

Rektor Mengde
Anne Husebekk, UiT Norges arktiske universitet32 tonn
Dag Rune Olsen, Universitetet i Bergen23,5 tonn
Gunnar Bovim og Anne Borg, NTNU16,5 tonn
Frank Reichert og Sunniva Whittaker, Universitetet i Agder12,7 tonn
Ole Gustavsen, Arkitektur- og designhøgskolen10,6 tonn
Svein Stølen, Universitetet i Oslo10,5 tonn
Hanne Solheim Hansen, Nord universitet9,5 tonn
Marit Boyesen og Klaus Mohn, Universitetet i Stavanger8,9 tonn
Steinar Kristoffersen, Høgskolen i Molde8,6 tonn
Peter Tornquist, Musikkhøgskolen7,2 tonn
Johann Roppen, Høgskolen i Volda6,5 tonn
Øystein Thøgersen, Norges handelshøyskole (NHH)6 tonn
Berit Rokne, Høgskulen på Vestlandet5,5 tonn
Curt Rice, OsloMet5,2 tonn
Mari Sundli Tveit og Sjur Baardsen, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet4,9 tonn
Gunvor Guttorm og Laila Susanne Vars, Samisk høgskole3,9 tonn
Lars-Petter Jelsness-Jørgensen, Høgskolen i Østfold3,3 tonn
Lars Tore Ronglan, Norges idrettshøgskole3,2 tonn
Jørn Mortensen og Måns Wrange**, Kunsthøgskolen i Oslo3,2 tonn
Kathrine Skretting, Høgskolen i Innlandet1,8 tonn
Petter Aasen, Universitetet i Sørøst-Norge1,1 tonn

*Aasen skil seg ut med svært mykje bilkøyring i jobben, og Khrono har derfor også rekna avtrykk frå dette i hans tilfelle. Det er på cirka 3,1 tonn. Medrekna dette vil dermed Aasens klimafotavtrykk vere større enn Kathrine Skrettings, og totalt om lag 4,2 tonn. **Tidlegare rektor Mortensen stod for alle reiser i 2019.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS