Forskingsrådsdirektør John-Arne Røttingen har site mykje på fly siste året. Berre fem av 31 reiser gjekk til norske destinasjonar. Røttingen har blant anna vore ein gong i Tromsø og ein gong i Stavanger i 2019. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Reiser til utlandet annakvar veke

Klima. Direktøren i Forskingsrådet reiste 24 gonger til utlandet i fjor. Direktøren i Diku, som har ansvar for internasjonalisering, reiste berre 9 — men 18 gonger til Oslo.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Oslo-Brussel-Oslo-Brussel-Oslo-Brussel.

Omtrent slik har ein del av arbeidet til Forskingsrådets direktør, John-Arne Røttingen, fortona seg det siste året. Totalt vart det 31 flyreiser i 2019, ifølgje informasjon Khrono har fått frå Forskingsrådet. Åtte av turane, tur retur, gjekk til EU-hovudstaden.

Det er ein grunn til at vi jobbar med å redusere reiser, det stel for mykje tid

John-Arne Røttingen

Fakta

Klima i akademia

I løpet av 2019 har klimakrisa blitt ei av dei aller største og viktigaste sakene i universitets- og høgskulesektoren. Opprop frå tilsette ved UiO og UIB har samla underskrifter frå meir enn 1500 tilsette.

UiB står på terskelen til å lansere nye retningslinjer som skal få tilsette til å flyge langt mindre, NTNU har kalla sitt «Reiseløftet» for «tidenes utfordring».

Universitets- og høgskolerådet (UHR), medlems- og interesseorganisasjon for sektoren, har berekraft og klima som hovudtema på sin konferanse denne månaden.

Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø (V), har saman med UHR lansert ein klimadugnad, der konkurranse mellom institusjonane om å forureine minst er ein av komponentane.

Allereie i 2015 slo tidsskriftet Nature på leiarplass fast at «forskarar og institusjonar bør sjå nærare på CO2-fotavtrykka sine og spørje seg sjølv om dei verkeleg treng å reise på akademiske konferansar».

London besøkte han sju gonger. Paris to. I tillegg har han fått med seg Sao Paulo, Seattle, Seoul, Tokyo og Helsinki.

Nokre få reiser innanlands er det også blitt plass til, nærare bestemt fem. Bergen, Tromsø og Stavanger besøkte han ein gong kvar i 2019. To gonger kom Forskingsrådets direktør seg til Trondheim.

For internasjonaliseringsdirektøren i høgare norsk utdanning stiller saka seg annleis.

Direktøren i Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) heldt seg for det meste innanlands. Harald Nybølet gjennomførte 30 flyreiser i 2019. Av dei gjekk 18 til Oslo. Diku har sitt hovudkontor i Bergen.

Diku-direktør: Ein gong til Brussel

Nybølet var også i Tromsø, ein tur i Trondheim og ein i Kristiansand. Ulikt Røttingen, som besøkte Brussel nær ein gong i månaden, om ein trekker feriemånader ifrå, var Nybølet berre ein gong i EU-hovudstaden i 2019.

Utanom Europa gjekk ei reise til Washington og New York og delegasjonsreise til Asia. Denne hadde Diku ansvaret for å organisere på oppdrag for statsråd Iselin Nybø. Delegasjonsreisa som vart arrangert for universitets- og høgskulefolk i Noreg gjekk til Japan og Korea. Denne var også John-Arne Røttingen med på.

Røttingen på klimgasstoppen

Flyreiser står for ein vesentleg del av klimagassutsleppa i forskings- og utdanningssektoren, og tilsette i sektoren er blant dei som reiser mest i staten. For Røttingen er reiseprogrammet for 2019 «der oppe» med rektor for Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen:

Røttingen stod med flyreisene sine i 2019 for eit utslepp av 19,8 tonn klimagassar mot Olsens 23,5 – som for Olsens del var ein nedgang frå toppåret 2018. Anne Husebekk, rektor ved UiT – Noregs arktiske universitet, toppa lista i 2019 med 32 tonn, etter eit heftig trans-atlantisk reiseprogram. Røttingen må reise fleire turar til Tokyo og Sao Paulo for å komme opp på det nivået. Men klimafotavtrykket hans er vesentleg større enn det er for alle rektorar ved norske universitet og høgskular, med unntak for Husebekk og Olsen.

For eksempel er avtrykket til rektoren ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, om lag halvparten så stort. NNH-rektor Øystein Thøgersens utslepp i 2019 var meir enn tre gonger lågare (6 tonn).

Diku-direktør Nybølets klimafotavtrykk har Khrono rekna ut til å vere på 12,5 tonn. Litt over halvparten skriv seg frå utanlandsreisene.

18 Oslo-reiser: — Naturleg

— Det er stor merksemd i organisasjonen vår om korleis vi kan redusere klimagassutsleppa våre, mellom anna knytt til reiser, seier Nybølet.

Han seier også at Diku, som altså har fått oppgåva med å finstille kriteria for å måle berekraft i sektoren, arbeider med sine eigne retningslinjer for reising.

Dei 18 flyreisene frå Bergen til Oslo er ikkje nødvendigvis det første som står for hogg.

— For eit direktorat etablert utanfor Oslo, som vi er, er det naturleg at det blir mange reiser til Oslo, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Harald Nybølet er direktør for Diku. — Vi er meir enn internasjonalisering, seier han, som ei av forklaringane på det sparsommelege programmet for utanlandsreiser. Foto: Diku

Han seier at mange av møta har vore med den politiske leiinga og fagavdelingane i Kunnskapsdepartementet.

— Når du er utanfor Oslo, har du eit behov for både å oppretthalde og etablere nettverk både inn mot departementet og til andre etatar og leiarar i sektoren. Veldig mange av dei er i Oslo, seier Nybølet.

Når det gjeld det heller beskjedne talet på utanlandsreiser, peikar han på at det relativt nye direktoratet Diku ikkje berre har internasjonalisering som oppgåve, slik forgjengaren SiU (Senter for internasjonalisering av utdanning) hadde. Det er dessutan mange i Diku som i kraft av sine oppgåver og ansvarsområde reiser meir utanlands enn det han gjer.

— Vi er mykje meir enn «berre» internasjonalisering i dag, sjølv om det fortsatt er ein viktig del. Målgruppene våre er primært på eit nasjonalt nivå.

— Ikkje opptatt av individnivå

John-Arne Røttingen seier til Khrono at han ønskjer å redusere talet på reiser, både sine eigne og for Forskingsrådet generelt.

— Det har med klima å gjere, men eg er ikkje opptatt av dette på individnivå. Det er totalen som er målestokken. Det ligg også eit effektivitetsperspektiv bak og eit ønskje om å bruke tida best mogleg. Vi har relativt gode fasilitetar for video og digitale møte, og vil gjerne ta det endå meir i bruk, seier Røttingen.

Det er likevel ikkje lett for ein administrerande direktør i Forskingsrådet kutte i reiseprogrammet.

I 2019 har ein stor del av det vore direkte knytt til direktørrolla, medan andre reiser er gjort for å følgje opp andre verv. Tidlegare har Røttingen hatt ei bistilling som professor i global helse på Harvard i USA, no har han ha ei stilling som visiting fellow i Oxford. Det medfører nokre reiser av fagleg karakter. I tillegg har han styremøte i den internasjonale innovasjonsorganisasjonen PATH, som har base i Seattle, og der Røttingen er styremedlem.

Han seier han har ein avtale om å kunne vidareføre noko av den faglege aktiviteten på sitt fagområde, men ikkje knytt til nokon norsk institusjon.

Det siste året har arbeidet med det såkalla Plan S, som Røttingen har leia retningslinjearbeidet for, medført mange reiser til Brussel. Endeleg medfører direktørstillinga møter i internasjonale fora, som det globale forskingsrådet (Global Research Council) og tilsvarande fora på europeisk og nordisk nivå reiser, forklarer Røttingen.

— Dette er litt låst, og strukturen legg opp til at toppleiarane skal møte. Om vi vil vere med på desse arenaene, er det ingen veg utanom.

Vil ha videomøte

Røttingen understrekar at han generelt argumenterer for meir bruk av videomøte, både internasjonalt og nasjonalt. Han er ikkje redd for at dei få reisene til norske forskingsinstitusjonar, samanlikna med talet på utanlandsreiser skal ha negativ signaleffekt her heime.

— Berre dersom ein vel å framstille det slik, seier han.

Talet på nasjonale møter er mykje høgare da dei fleste av desse fellesmøta er lagt til Forskningsrådet eller hos andre aktørar i Oslo.

Om han greier å gape over alt?

— Ja, men det er ein grunn til at vi jobbar med å redusere reiser, det stel for mykje tid.

Powered by Labrador CMS