normering

Vil lovfesta ansvar for norsk språk

Fleire tek til orde for at ansvaret for å halda oppe det vitskaplege dokumentasjonsarbeidet som normeringa av norsk språk byggjer på, må lovfestast.

Namnegransking, terminologi og leksikografi bør vernast, meiner fleire. Den ferske språklova er no til handsaming på Stortinget.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Statleg ansvar for normering bør lovfestast.

Det sa Edmund Austigard då Familie- og kulturkomiteen på Stortinget hadde høyring i saka om ny språklov. Austigard er direktør i Samlaget, men i denne samanheng representant for Nemda for norsk ordbok.

Fakta

Språksamlingane

  • Samlingane er sette saman av ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet.
  • Språksamlingane ligg mellom anna til grunn for Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk ordbank, matrikkelutkastet frå 1950, Norske Gaardnavne og Norsk Ordbok 2014. Desse er fulldigitale, sentrale publikumstenester for norsk språk.
  • UiO fekk ansvaret for språksamlingane på 1970-talet. Då fekk dei òg ein øyremerka sum til å drifta samlingane.
  • Hausten 2014 blei det klar at styret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet ikkje lenger ville ha råd til å ta ansvaret for språksamlingane.
  • 15. juni 2017 tok UiB formelt over ansvaret for å drifta bokmål- og nynorskordboka på nett. Det er òg utvikla ein app.
  • UiB er òg i gang med å revidera bokmåls- og nynorskordboka.
  • UiB har sjølve òg liknande samlingar som kom over fjellet frå hovudstaden.

I nemnda sitt skriftlege innspel heiter det at «det trengst lovfesting av det statlege ansvaret for å halda oppe det vitskaplege dokumentasjonsarbeidet som normeringa av norsk språk byggjer på».

— Ein må ha ei forståing av at språkarbeidet er grunnleggande for Noreg og for nasjonen, og at det må sikrast. Det handlar ikkje berre om ansvar for eige språk, men òg om det som ligg framføre ein av digitale prosjekt, seier Austigard til Khrono.

Immune

I 2014 vedtok Universitetet i Oslo (UiO) at dei ikkje lenger ville ha ansvar for språksamlingane, eit ansvar dei vart tildelt, og fekk pengar for, på 1970-talet. Saka enda med at Universitetet i Bergen (UiB) overtok både ansvar for språksamlingane og Norsk ordbok. Språksamlingane ligg i dag under Universitetsbiblioteket i Bergen.

Austigard seier at forslaget om lovfesting handlar om nettopp å sikra språkarbeidet i eit langsiktig perspektiv.

— Det handlar om å gjera seg immune mot eit slikt administrativt vedtak som vart fatta ved UiO. Det er ingen grunn til å tru at UiB vil gi opp, eg er imponert over det arbeidet som er gjort der. Men eg meiner ein må lovfesta som eit tryggleikstiltak, seier Austigard.

Også Venelaget Samlagsrota meiner ei lovfesting er naudsynt. Oddrun Grønvik, som sjølv jobba med språksamlingane ved UiO, sa under høyringa at Samlagsrota meiner at dokumentasjon og normering må vera eit offentleg ansvar ved ein norsk offentlig institusjon.

— Eg minner om redningsaksjonen knytt til språksamlingane, som delvis skjedde i denne komiteen. Me meiner det trengs eit vern i lov som eit offentleg fellesgode, sa Grønvik.

Skulle fremja nynorsk

Oddrun Grønvik er namnegranskar, emerita, men framleis engasjert i språksamlingsarbeidet.

Det var midt i mai kulturminister Abid Raja forslaget til ny språklov. I pressemeldinga som følgte med, heitte det mellom anna at «offentlege organ eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, slik at alle har den tilgangen til nynorsk som gjer at språket blir sikra som bruksspråk og kulturarv».

I sommar har Khrono skrive om at det slett ikkje står særleg bra til med nynorskbruken ved norske universitet og høgskular, og heller ikkje i Raja sitt eige departement. Hans kollega Henrik Asheim, som er forskings- og høgare utdanningsminister i Kunnskapsdepartementet, har ikkje meir å skryta av. Han har sagt at det er mykje å ta tak i.

Men i forslaget til ny språklov er det, som Khrono har skrive, ikkje forslag til at ein kan verta straffa med sanksjonar dersom ein har for lite nynorsk - eller for den del bokmål.

Ressursar

Lova er no til handsaming på Stortinget.I lovforslaget har UiB nærast fått sitt eige kapittel. Under overskrifta «språkvitskapelege disiplinar» nemner ein både ordbokarbeid, termportal og stadnamn – og stort sett UiB i same setning.

— Me er glade for at me har fått ei sentral rolle. Men UiB treng finansiering for å gjennomføra det som vert nemnd i lova.

Det har Jørgen Sejersted, som er dekan ved Det humanistiske fakultetet ved UiB, tidlegare sagt. Under høyringa i komiteen, som gjekk føre seg digitalt, var både rektor Dag Rune Olsen og Anders Fagerjord, som er instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, invitert til å koma med sine innspel. Det same var Peder Gammeltoft, som er leiar for Språksamlingane. Både Fagerjord og Gammeltoft peika på at det trengs fleire ressursar.

— Me kan ikkje bygga opp miljø kring terminologi og stadnamn med dei ressursane me har i dag, sa Fagerjord.

I dag har Språksamlingane fått ei øyremerkt løyving over statsbudsjettet, medan Norsk ordbok har fått to millionar kroner i året dei siste åra frå Kulturdepartementet. Då handlar det om å digitalisera dei første banda av den store nynorske ordboka. I tillegg har ein fått ei femårig løyving for å revidera bokmålsordboka og nynorskordboka. Dette er det Språkrådet som finansierer.

— Den grunnløyvinga me får, skal gå til undervisning og forsking. Men desse fagområda har knapt studentar, og dei som jobbar med ordbøkene har stort sett ikkje tid til å forska, dei skal skriva ordboksartiklar, seier Fagerjord til Khrono.

Han seier òg at han ønskjer seg ei varig løysing for normeringsarbeidet.

— No vert det gjort ei digitalisering. Men det tek ikkje lang tid før det vert gamalt. Det trengs ei stabil organisering, seier Fagerjord.

Vil samla leksikografar i Bergen

Fagmiljøet for desse språkvitskapane er lite, og i lovforslaget ligg det inne at det norske leksikograf-miljøet bør samlast ved UiB. Nemda for norsk ordbok meiner dette er eit godt forslag. Anders Fagerjord er heller ikkje negativ.

Peder Gammeltoft leiar språksamlingane. Dei kom på lastebil etter lastebil frå Oslo sommaren 2016.

— UiB er klare for å ta det ansvaret, men dette handlar om miljø me ikkje bestemmer over, seier han.

Under høyringa sa instituttleiaren at det frå hausten vil verta gitt undervisningstilbod i leksikografi. Det er også stipendiatstillingar knytt til både leksikografi og stadnamngransking.

— Korleis kan ein få studentane interesserte i desse emna?

— Det me kan gjera, er at me kan bygga opp gode og interessante undervisningstilbod. Mange studentar er opptekne av jobbmoglegheiter, det er nok noko av grunnen til at lektorutdanninga vår er populær. Men dersom me òg peikar på at leksikografar får jobb, kan det henda det vil hjelpa.

Powered by Labrador CMS