Ny språklov

Kan framleis bryta språklov utan å få straff

Litt trist om staten skulle gi bøter til seg sjølv, seier språkdirektør Åse Wetås. Ho får framleis ingen sanksjonar å trua med om universitet og høgskular brukar for lite nynorsk.

Direktør Åse Wetås (til venstre) i Språkrådet har vore kritisk til namna til fleire av utdanningsinstitusjonane - som Høgskolen i Innlandet og OsloMet - storbyuniversitetet. Universiteta er her representert ved rektorane Kathrine Skretting og Curt Rice.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Staten skal nytta begge dei norske målformene, nynorsk og bokmål. Det slår mållova fast. Men norske universitet og høgskular gjer det i svært varierande grad, har Khrono tidlegare skrive.

Kva skjer då, dersom ein institusjon ikkje fyller krava? Ingenting. Det kjem det framleis ikkje til å gjera dersom forslaget til den nye språklova, som nyleg vart offentleggjort, vert vedteken i Stortinget.

Då forslaget var på høyring, låg det ikkje inne forslag om sanksjonar. Det gjer det heller ikkje i det ferdige lovforslaget, sjølv om det heiter at «i høyringa er det ei rekkje instansar som etterlyser sanksjonar. Departementet er klar over at det med ei ny lov er forventningar om betre etterleving av språkpolitikken».

Les også: Ber departementet vurdera strengare norskkrav for lærarstudentar

Vil ikkje dela ut raude kort

Åse Wetås, direktør i Språkrådet, er ikkje blant dei som ønskjer straff.

— Det viktige er å få alle til å skjøna at grunnen til at ein skal skriva både nynorsk og bokmål ikkje er at Språkrådet skal verta nøgde. Ein gjer det fordi alle innbyggjarane skal få eit godt tilbod i møte med staten. Me vil pøsa på med rettleiing slik at alle hugsar dette, det er betre enn at me deler ut raude og gule kort, seier Wetås, og legg til:

— Ein bør unngå at staten gir bøter til seg sjølv. Det er noko trist i det.

Men samstundes er ho tydeleg på at dersom bruken av begge målformene ikkje vert betre enn før, treng ein ei rask evaluering av lova. I 2018 var det Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet som var flinkast. HVL hadde berre vel 25 prosent innhald på bokmål på nettsidene sine. Verst i klassen var Universitetet i Sørøst-Norge, som hadde ein nynorskdel på 2,1 prosent dersom ein såg på innhaldet på nettsidene deira .

Ikkje må-krav

Spørsmålet er kven som skal svara dei som nyttar mindretalsmålforma når dei tek kontakt med staten – eller fylkeskommunane, som kjem inn i lova for første gong. I forslaget til lova heiter det at «statsorgan og fylkeskommunar skal syte for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter lova her. Statsorgan og fylkeskommunar skal kunne krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk».

Dette er noko mellom anna Noregs mållag har reagert på. Leiar Peder Lofnes Hauge seier til NRK at ansvaret for å oppretthalda bruken av begge målformer vert flytta til dei statlege organa, i staden for at alle statstilsette må kunne skriva begge målformer.

– Det er vanskeleg å sjå korleis ein skal nå målet om å styrkje nynorsken som det minst brukte språket, samstundes som ein føreslår eit regelverk som i ytste konsekvens gjer at berre ei handfull personar i kvart statsorgan treng å meistre begge dei to jamstilte norske språka, seier Hauge.

— Det er mindre må-krav i dette lovforslaget enn det var tidlegare. Den einaste måten ein kan syta føre at tilsette har kompetansen er god opplæring, seier Wetås.

Kan ein nekta bokmål

— Det er ikkje ei stor intellektuell utfordring å læra seg nynorsk, seier Endre Brunstad.

Han er professor i nordisk språkdidaktikk ved Universitetet i Bergen – det einaste universitetet som nesten klarte 25 prosent nynorsk i 2018. 23 prosent på nettsidene og 28 prosent i sosiale media - og ein langt større prosentdel dersom ein ser på lengre tekstar.

Det er Brunstad som førte UiB sin høyringsuttale i pennen. UiB meiner at ein bør krevja at tilsette meistrar både nynorsk og bokmål.

— I lova no har ein ikkje noko individuelt ansvar, seier Brunstad, og peikar på at haldningar spelar ei viktig rolle.

— Det er mange som seier at dei ikkje kan nynorsk. Fleire underkommuniserer nok kunnskapen sin. Men dette vil ikkje verta betre om ein fjernar kravet, då vil det verta meir arbeid på dei som skriv nynorsk. Ein jobbar ikkje for seg sjølv, ein jobbar for det offentlege, seier professoren.

Wetås peikar på at ikkje berre administrativt tilsette, men òg vitskapeleg tilsette, må meistra nynorsk. Dette er viktig når ein til dømes skal rettleia og laga eksamensoppgåver.

— Brunstad, kunne ein snudd problemstillinga på hovudet? Kunne du som vitskapeleg tilsett sagt at du dessverre ikkje meistra bokmål?

— Det hadde vore interessant om det hadde skjedd. Men alle som kan nynorsk kan bokmål. Ein lærer seg bokmål når ein lærer seg å lesa og skriva. Slik er det, brukarane av eit mindretalsspråk vil læra seg fleirtalet sine normer.

Les også: Alle Khrono sine saker om Språkrådet

OsloMet hadde ikkje vore lov

Då Oslo fekk sitt andre universitet, kom det reaksjonar på namnet: OsloMet – Storbyuniversitetet var eit namn som mellom andre Språkrådet ikkje var særleg begeistra for.

— Dersom navneforslaget skulle verta godkjent, vil det jo òg senda eit signal om at staten ikkje held eigne reglar og retningslinjer for god namneskikk, sa Wetås.

Språkrådet meinte at om ikkje anna burde namnet i alle fall skrivast Oslomet.

No vil det ikkje vera lov med slike namn. I lovforslaget heiter det at namn på statsorgan skal vera skrivne på korrekt norsk.

Wetås understrekar at dette ikkje er ein omkamp frå Språkrådet si side, og lova vil naturleg nok heller ikkje få tilbakeverkande kraft.

— Dette gjeld fleire namn. Det er ein klarspråkstrategi i lova, som seier at språket skal vera klårt og korrekt, seier Wetås.

Andre namn Språkrådet tidlegare har reagert på, er Norec – som tidlegare heitte Fredskorpset. Nord universitet fekk heller ingen applaus då det vart valt som namn på eit fusjonert universitet. Andre namn som truleg ville kome inn under den nye lova, er Vy og Norce.

Powered by Labrador CMS