Debatt ● Oddmund Hoel

Vil Høgre reversere sletting av studielån i distrikta?

Høgre forsøker å skape usikkerheit om eit av dei viktigaste distriktstiltaka på lang tid. Men det er ingen grunn til uro.

Utsikt over Bagn i Sør-Aurdal
Bagn i Sør-Aurdal ligg i sentralitetssone 5 og er ein av mange tettstader der ein kan få sletta delar av studiegjelda med forslaget frå regjeringa.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Frå og med 1. januar 2026 vil innbyggjarar i 189 kommunar få sletta 25.000 kroner i utdanningsgjeld. Det garanterer denne regjeringa.

Regjeringa vil innføre ei målretta ordning for å sikre tilgang på arbeidskraft til bedrifter og kommunar i heile landet. Skal vi utvikle Noreg treng vi verdiskapande næringsliv og gode velferdstenester i heile landet. Det gjer vi på den mest effektive måten – direkte i lommeboka.

Gjennom den nye ordninga vil ein nyutdanna arbeidstakar kunne spare fleire hundre tusen kroner.

Vi gjer det enkelt og ubyråkratisk: Alle som bur i ein av dei 189 minst sentrale kommunane i Noreg, vil få sletta 25.000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må være busett i ein av desse kommunane, og vere yrkesaktiv, i minst eit år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt, så lenge du oppfyller vilkåra. Tiltaket gjeld all type utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er tatt opp.

I tillegg blir vilkåra for gjeldssletting i Finnmark og Nord-Troms betydeleg bedra: Satsen blir dobla frå 30.000 kroner i året, til 60.000 kroner i året frå 2026. Vi har gode erfaringar frå Nord-Noreg gjennom mange år med denne ordninga, vi veit at ho verkar. Til saman har vi rekna ut at dette vil koste om lag 1,3 milliardar kroner i året, frå 2026. Til dei som måtte lure: Det er denne regjeringa som legg fram budsjettet for 2026 – og vi garanterer at disse pengane kjem.

Vi stussar over at Høgre er imot ei ordning som er så viktig for verdiskaping og næringsliv i distrikta, men det er ikkje noko nytt at Høgre har problem med gode tiltak som ligg langt frå Oslo. Det var ei tid då Høgre marknadsførte seg med slagordet «nye ideer og bedre løsninger». Det konseptet må vere gravlagt, om vi skal døme ut frå politikken deira innanfor forsking og høgare utdanning. Her ser alle idear ut til å vere tenkte for mange år sidan, og dei fleste forsøk på utvikling skal skytast ned.

Å debattere politikken for forsking og høgare utdanning med Høgre kan av og til kjennast som å debattere med ei papegøye som berre kan gjenta ordet «nei».

Når vi snakkar om tiltak for å sikre kompetanse i heile landet, er det iallfall garantert at Høgre er i mot.

Å debattere politikken for forsking og høgare utdanning med Høgre kan av og til kjennast som å debattere med ei papegøye ...

Oddmund Hoel

Men at dei skulle byrje å rope opp om juks og triksing, det var eg ærleg talt ikkje budd på. Det er nesten ikkje så ein trur kva ein les og høyrer: «kreativ talltriksing» og å «føre velgerne bak lyset», seier Høgres Margret Hagerup. Bakgrunnen for desse oppsiktsvekkande og grunnlause påstandane, er at det skal vere ei oppteningsperiode på eitt år, frå 1. januar 2025 til 1. januar 2026.

Det er heilt standard for slike ordningar. Og vi vil jo sjølvsagt inspirere folk til å2 flytte til desse kommunane!

Regjeringa har vore særs tydeleg på korleis denne ordninga vil fungere. Det er berre å lese NRK si sak frå lanseringa 18.september, Aftenposten si sak frå same dag eller pressemelding frå Kunnskapsdepartementet då budsjettet ble lagt fram på måndag. Den dagen ordninga vart gjort kjent, sto dette klart og tydeleg: «For dei som bur i desse kommunane, betyr det at ein kan få sletta 25.000 kroner av studielånet sitt årleg frå januar 2026» (NRK).

Høgre, derimot, gjer no sitt beste for å skape usikkerheit. Vil dei fjerne ordninga så fort dei kan, dersom dei får sjansen? Vil dei svekke eller fjerne heilt ordninga for gjeldssletting i Nord-Troms og Finnmark? Unge Høgres leiar kallar ordninga «regelrett galskap», Margaret Hagerup seier at dette ikkje er «noe vi har prioritert i våre budsjetter så langt» og Erna Solberg seier at dette «kanskje ikke et tiltak vi ville gjort så generelt som de gjør». 

Vi er, og har vært, heilt tydelege på kva vi skal gjere. Men kva med Høgre?

Powered by Labrador CMS