ytringsfridom på campus

— Vi blir alle djupt fornærma og det er algoritmane som oppmodar oss

Det som står på spel er korleis vi skal klare å ha siviliserte samtalar for å kunne halde demokratiet i live, meiner ein av forfattarane i ny bok om ytringsfridomen i akademia.

For tre år sidan oppdaga Mona Wille at det var gjort svært lite forsking på ytringsfridomen ved norske universitet og høgskular. No er ho redaktør for ei bok på feltet, og håper den vil motivere til meir forsking på nettopp ytringsfridom.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Vitsing eller ikkje i ein forelesningssal i Bergen. Krav om avkolonialisering av campus og pensum frå studentar ved høgskulen langs Akerselva i Oslo.

Er noko i ferd med å skje med ytringsrommet ved norske universitet og høgskular?

— Det er mange som meiner mykje og sterkt om det, men så har vi ikkje godt nok forskingsgrunnlag til å seie noko særleg om korleis stoda eigentleg er.

Det seier Mona Wille. Ho er aktuell som redaktør for antologien Freedom of expression in universities and univeristy colleges som vart gitt ut nyleg.

Kanskje kom boka i grevens tid?

Motivasjonen og arbeidet med boka hadde sitt utspring i ei masteroppgåve Wille skreiv i 2017. Ho oppdaga raskt at det var gjort svært lite forsking på ytringsfridomen i akademia og på campus i Noreg.

— Då eg starta med prosjektet, var det mange som sa at dei meinte det var så lite sannsynleg at det ville bli ein debatt om ytringsfridom i akademia. Men no ser ein tendensar etter dei sakene som har blitt omtalt i Noreg det siste året. No er debatten her, seier Wille.

Åtvarar mot tapt utvikling

Eit forskingsprosjekt er allereie i emning — Institutt for samfunnsforsking er for første gong i gang med å kartlegge ytringsfridomen i akademia i Noreg. I desse dagar har forskarar og undervisarar motteke ei spørjeundersøking i høve prosjektet.

Undersøkinga har allereie fått krass kritikk for spørsmålsstillinga av blant andre professor Heidi Østbø Haugen, som meiner den ikkje eignar seg til å bringe fram kunnskapen som trengst om ytringsrommet og fridommen til forskarar.

Andre og fleire spørsmål er det vel både rom og fridom til å stille for å få meir kunnskap kring dette.

Redaktør Wille meiner sjølv at det er tidleg å kringkaste ei stor uro, men likevel synest ho det er rart om det skal vere så veldig annleis i Noreg enn i andre vestlege demokrati, kor ein ser aukande tendensar til polariserte debattklima.

— Det er heilt avgjerande for den frie debatten og søken etter sanning at dei demokratiske verdiane som universitetet er tufta på, blir tatt vare på. Det heile handlar om ein kamp om kven som skal ha definisjonsmakta over kva ein kan meine, seie eller skrive. Ein må sørge for eit meiningsmangfald ved norske universitet og høgskular, seier Wille.

Om ikkje, åtvarar Wille mot at utvikling vil gå tapt.

— Studentar og tilsette må kunne tenke fritt for å kunne sørge for ny kunnskap. Kravet om konformitet og sensur i forkant av arrangement eller sjølvsensur fordi ein er redd for å seie det ein meiner, vil gjere rommet for kunnskapsutvikling trongt.

Wille har fått med seg fleire forskarar som bidreg til å kaste lys på ytringsfridomen frå fleire hald.

Boka har kapittelbidrag frå jurist Vidar Strømme, NUPI-forskar Minda Holm, ekstremismeforskar Lars Gule og tidlegare statssekretær og forskingsdirektør Bjørn Haugstad.

I tillegg er det kapittel frå Stijn Sieckelinck og Alison Scott-Baumann som skriv frå den nederlandske og britiske konteksten.

Redaktør Mona Wille håper boka vil vere eit viktig bidrag i debatten og føre til meir forsking på ytringsfridomen i akademia.

Digitale avatarar som er trente til å anta det verste

Professor ved School of Oriental and African Studies (SOAS) i London, Alison Scott-Baumann, har gjort omfattande undersøkingar rundt ytringsfridomen ved britiske universitet.

Fleire av innsiktene deler ho i kapittelet i boka, men på telefonlinja frå dei britiske øyane deler ho tankevekkande idear etter å ha høyrt om sakene som har prega mediebiletet i Noreg den siste tida.

— «The software works». Vi blir alle djupt fornærma i desse dagar, og det er algoritmane som oppmodar oss til det. Folk har utvikla ein oppførsel på nett, ein avatar som er trent til å anta det verste. Denne oppførselen har trengt seg inn i dagleg kontakt og påverkar vanlege samtalar, men den fungerer jo ikkje ansikt til ansikt. Eg trur ikkje folk er klare over kva slags måtar dei blir påverka av internett på, seier Scott-Baumann.

Difor er professoren uroa for at det også utover hausten er duka for mykje digital undervisning. Ho foreslår at ein må utvikle ein betre oppførselsprotokoll på Zoom.

— Vi er nødt til å gjenopprette den sivile og kraftige dialogen, seier professoren.

Med teoriar frå den amerikanske pragmatiske filosofoen C. S. Peirce, er Scott-Baumann i gang med ny forsking.

Ho trekkjer fram prinsipp frå Peirce sin teori om «community of inquiry» som ho meiner er særs aktuelle i dag.

— Det er verdt å gjere ein innsats for å snakke om tinga vi ikkje likar. Ein ser no at det er mindre aktuelt å snakke om dei vanskelege tinga. Uansett om ein ikkje kan kome til semje, så er det likevel viktig å kunne vere høfleg usamde. Det andre prinsippet handlar om at for å kunne halde fram som gruppe eller kollektiv, så må vi bli samde om kva verdiane våre er. Er gruppa samd om at nokre delar av vokabularet skal vere kontrollert? Desse tinga er openbert naudsynte for ytringsfridom, seier Scott-Baumann.

Professor Alison Scott-Baumann utfordrar skildringa om at studentar er skjøre snøfnugg besette av politisk korrektheit. — Det er ingen bevis på dette.

Campus ein arena for å skape kaos

Ho meiner det er interessant å studere ytringsfridomen ved universiteta og høgskulane. Scott-Baumann fortel at både universiteta og studentane fungerer i «midten».

— Og det er i midten folk med ulike agendaer treng å skape kaos. Det som skjer på campus blir ofte tatt til inntekt for eit «red flag», men er eigentleg eit teikn på eit mykje større samfunnsproblem, seier professoren.

Og dei som roper høgast er ytre høgre, fortel professoren, som i kapittelet i boka stiller spørsmål ved skildringa av studentar som skjøre snøfnugg som er besette av politisk korrektheit. Ho meiner dette er eit populistisk narrativ i Storbritannia.

— Der er ingen bevis på dette. Eg trur ikkje studentar er klare over kva som eigentleg skjer med dei, men dei blir misforståtte og manipulerte. Ytre høgre brukar sine plattformer for å prøve å bevise at det som skjer på campus er skammeleg. Og fleire intelligente folk aksepterer det: at studentar er venstreorienterte og farlege for demokratiet. Sanninga er at dei fleste studentane i Storbritannia er politisk uinteresserte, seier Scott-Baumann.

Det folk med ulike agendaer flaggar som ein trussel mot ytringsfridom, meiner Scott-Baumann heller er eit angrep på demokratiske prosessar.

— Ytre høgre og libertarianarar hevdar heile tida at ein skal vere fri til å seie akkurat det ein vil. Men legg merke til at dette er sagt av folk som har ei plattform. Eg har vore i eit ekteskap store delar av livet, og det er jo ikkje slik at ein snakkar opent om alt mogleg. Men dette er ikkje problemet som står på spel. Det som står på spel er korleis vi skal klare å ha siviliserte samtalar for å kunne halde demokratiet i live.

Redaktør Mona Wille håper at den vidare diskusjonen kring ytringsfridom i akademia har rom for nyansar.

— Sidan vi så langt berre ser tendensar og ikkje har konkrete forskingsdata kring ytringsfridomens kår, så tenker eg at folk ikkje har grunnlag for å vere så bastante og at det dermed ikkje er grunnlag for at debatten skal bli så polarisert. Det er nyansane som er interessante, spesielt i eit så komplekst tema som dette, seier Wille.

Mona Wille håper debatten vil gi rom for nyansane. — Det er dei som er interessante, spesielt i eit så komplekst tema som dette.
Powered by Labrador CMS