Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Ytringsfridom
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Med prosjektstøtte frå Fritt Ord, er Institutt for samfunnsforsking (ISF) saman med kollegaer ved Universitetet i Bergen, NTNU og jurist Vidar Strømme i gang med å kartlegge ytringsfridomen i akademia i Noreg.
Prosjektet er ei vidareføring av tidlegare statusprosjekt om ytringsfridomen som vart gjort i 2013-2014 og 2015-2017, som ISF også tidlegare har leia på oppdrag frå Fritt Ord.
— Denne gongen er det spesielt fokus på kunnskap og kunnskapen sitt rom. Det har aldri før blitt gjort. Difor håper eg at flest mogleg vil svare, seier prosjektleiar Kjersti Thorbjørnsrud ved ISF.
Thorbjørnsrud seier dei søkte om midlar for forskingsprosjektet i fjor haust, men seier at det ikkje akkurat har blitt mindre aktuelt å undersøke ytringsfridomens kår i akademia den siste tida.
Kvifor ytringsfridomen i akademia ikkje tidelegare har blitt forska på, har ikkje Thorbjørnsrud eit godt svar på.
— Godt spørsmål. Kanskje går ein litt blind når det handlar om seg sjølv? Det er ikkje ofte ein tek eit steg tilbake og forskar på seg sjølv, seier Thorbjørnsrud.
I tillegg til ei meir generell befolkingsspørjeundersøking, som vert sendt ut til eit representativt utval, får rundt 74.500 av medlemmane i fagforeiningane NTL, Forskarforbundet og tre underforeiningar av Den norske Legeforeininga (Norsk overlegeforeining, Yngre Legers Foreining og Foreininga for legar i vitskapelege stillingar) i desse dagar tilsendt ei spørjeundersøking på e-post.
Det er alle dei i både faste og mellombelse vitskapelege stillingar, forskarar og undervisarar, som blir bedne om å svare.
— Kva slags virkning kan det få at det no blir sett fokus på ytringsfridomen i akademia?
— Auka fokus kan føre til ei auke i opplevinga av at vi kanskje har eit problem. Men ein kan også oppnå det motsette. Mykje av debatten i Noreg er påverka av den i USA, men vi veit lite om problemstillingane der, som «safe spaces» eller «cancel culture», er like her. Dette er ein slags test som både kan sette eventuelle problemstillingar i fokus, men det kan også vere ei slags moderering, seier Thorbjørnsrud som er svært spent på resultata frå undersøkinga.
Nøkkelfunn frå prosjektet er venta å kome til våren. I slutten av 2021 skal ei bok om prosjektet vere klar.
Nylige artikler
Når ingen forventer noe av studentene, gjør vi det heller ikke selv
Konferansen avslørte KI-bruk med ny metode. Avviste 500 artikler
NTNU-lab med storeslem i Horisont Europa
Uker med konflikt: Rektor fikk sparken
Oppfordrer til IT-studier. — Vi trenger at folk velger teknologi
Mest leste artikler
Søknaden ble vraket. Klage ga ny sjanse og tommel opp
Stipendiatens tidligere veileder krevde at avhandlingen skulle underkjennes
Store forskjeller mellom de mest og minst fornøyde studentene i sykepleie
Disse henter mest og minst fra Forskningsrådet
Ho veit at det kjem ein ny, vondarta svulst. No har ho tatt doktorgrad