Universitetet i Bergen har satsa spesielt på kontakt med styresmaktene og på universitetspolitikk, strategi og leiarstøtte, seier direktør Kjell Bernstrøm som ei delforklaring på at talet på tilsette rundt han aukar. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Universitetet i Bergen med vekst på toppen

Dei siste to åra har det vorte fleire tilsette ved universitetsdirektøren sitt kontor på Universitetet i Bergen. Samstundes skal administrasjonen kutta årsverk.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Per oktober har 17 personar, rett nok ikkje alle i full stilling, universitetsdirektøren sitt kontor på Universitetet i Bergen som kontoradresse, skriv På Høyden.

Det er fleire enn for berre eit par år sidan. Sidan hausten 2015 har det vorte tilsett tre personar i til saman 2,6 stilling som har ansvar for kontakt med styresmaktene. I tillegg er Ingar Myking tilsett som avdelingsdirektør med ansvar for universitetspolitikk, strategi og leiarstøtte. Den gamle stillinga hans, kommunikasjonsdirektør, er lyst ut.

– Me i Parat synest ikkje noko om denne utviklinga. Kvar omstilling ved Universitetet i Bergen har gjort at ein har fått fleire leiarar. Då eg vart tilsett for ti år sidan, hadde ein til dømes ikkje seksjonsleiarar, seier Randi Heimvik.

Ho er hovudtillitsvalt i Parat.

Ikkje garantert vikar

Kvar omstilling ved Universitetet i Bergen har gjort at ein har fått fleire leiarar.

Randi Heimvik

UiB-rektor Dag Rune Olsen er blant leiarane i sektoren som har vore kritisk til regjeringa sine såkalla effektiviseringskutt. Tre år på rad har offentleg sektor fått eit samla krav om effektiviseringskutt. Universitetsstyret ved UiB har vedteke å kutta til saman seksti årsverk i administrasjonen.

Les også: Universitetet i Bergen skal kutte

I budsjettsaka, som universitetsstyret skal handsama torsdag, ligg det inne at administrasjonen skal kutta to prosent i effektiviseringstiltak. Fakulteta skal kutta 1,2 prosent til strategiformål og 0,53 prosent i effektivisering.

— Kutta kjem nederst i organisasjonen, der oppgåvene vert utførte. Me ser at det ikkje er sjølvsagt å få inn vikar dersom tilsette er borte i lengre permisjonar, i mange tilfelle får då kollegaene som er att fleire oppgåver, seier Heimvik.

— Samstundes ser me at det er ein stor vekst i talet på tilsette på Muséplass.

– Haug med direktørar

— Me er skeptiske til denne utviklinga. Men det er eit klassisk kutt – leiinga kuttar lengst unna seg sjølve. Bernstrøm har no ein haug med direktørar og tilsette som skal samordna kommunikasjonen. Men det er òg andre oppgåver ved UiB, seier Jørgen Melve.

Han er hovudtillitsvalt for NTL.

Også Steinar Vagstad, hovudtillitsvalt i Forskerforbundet, har lagt merke til at det flyttar fleire tilsette inn på Muséplass 1.

— Dersom ein samanliknar 2012 og 2017, så ser ein at det både har vore større vekst i årsverk og i løn i dei teknisk-administrative stillingane enn i dei vitskaplege. Ein får altså fleire årsverk, og ein får ein sterkare lønsvekst her enn for andre grupper, seier Vagstad.

Fem under Elvbakken

Då Kari Tove Elvbakken slutta som universitetsdirektør vinteren 2014, var det berre fem personar som stod med universitetsdirektørens kontor som kontoradresse. Sidan den gong har det vore nokre administrative endringar, mellom anna er no kollegiesekretariatet plassert under Bernstrøm. Der er det seks tilsette – men dei kjem i tillegg til dei 17 namna på oktober-lista.

Kjell Bernstrøm skriv i ein epost til På Høyden at noko av veksten skuldast omorganisering og intern flytting.

— Samstundes er det slik at noko skuldast at universitetet har satsa spesielt på kontakt med styresmaktene og på universitetspolitikk, strategi og leiarstøtte.

– Kva oppgåver har dei med rådgivar eller seniorrådgivar-tittel?

— I tillegg til dei nemnde satsingane har kontoret ansvaret for arrangementsdrifta av universitetsaulaen, for ein rekke komitear og nemnder og for dagleg drift og leiarstøtte. Universteitet har òg styrka den juridiske kapasiteten vår, seier direktør Bernstrøm.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS