13 vil bli infotopp i Bergen

PublisertTorsdag, 5. oktober 2017 - 19:09-OppdatertTorsdag, 5. oktober 2017 - 19:11
Ledelse. Tre kommunikasjonssjefar og ein redaktør står på den offentlege søkjarlista til stillinga som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen. Fire kandidatar er unntekne offentlegheit.

Totalt 13 søkarar ønsker seg tidlegare kommunikasjonsdirektør Ingar Myking sin gamle jobb ved Universitetet i Bergen.

På den offentlege delen av søkarlista til stillinga som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen står det ni namn; tre kvinner og seks menn. Fleire av desse har kommunikasjons- eller mediebakgrunn, skriv På Høyden.

På Høyden-redaktør har søkt

Dag Hellesund (44) har òg søkt stillinga. Han er ansvarleg redaktør for På Høyden og har bakgrunn frå mellom anna Bergensavisen (BA), Dagbladet og Dagsavisen. 

Hellesund seier i ei kommentar til Uniforum at han meiner han har gode føresetnader for å vurdere kva jobben går ut på. 

Hellesund meiner han har gode føresetnader for å vurdera kva jobben går ut på.

— Eg har sett det på nært hald, og eg har difor mange oppfatningar om kva som kan gjerast i ei slik stilling, seier han

På Høyden-redaktøren synest ifølge Uniforum heller ikkje at det gjer noko at det blir offentleg kjent at han er mellom søkarane.

– Sidan vi i i det journalistiske arbeidet vårt i På Høyden heile tida er på jakt etter søkarlista til viktige stillingar som blir lyste ut i staten , synest eg det er viktig å spela med heilt opne kort når eg søker ei stilling.  Då skal namnet vera offentleg. Ei slik prinisipiell haldning bør alle som søker jobb i staten ha, synest Dag Hellesund.

Vil ikkje bli intervjua

Ein av søkjarane er Lubna Jaffery (37). Ho er i dag kommunikasjonssjef i Tide. Tidlegare har ho mellom anna vore politisk rådgivar for Arbeiderpartiet og statssekretær i kulturdepartementet.

Marita Monsen (37) er i dag kommunikasjonssjef i Sammen, Studentsamskipnaden på Vestlandet. Det har ho vore i ti år.

Ingen av dei to kvinnene ønsker å kommentere ovanfor På Høyden kvifor dei har søkt stillinga ved universitetet.

Asle Haukaas (51) er òg kommunikasjonsdirektør i dag. Han jobbar i dag ved Veterinærinstituttet. Tidlegare har han hatt tilsvarande stillingar hos Noregs Forskingsråd og NHH. PÅ 1990-talet jobba han som redaktør og journalist ved universitetsavisen På Høyden, ved nettopp Universitetet i Bergen.

    Fakta

    Komm.direktør ved Universitetet i Bergen

    Her er søkarlista:

    • Prodromos Zachariadis (47), Global Manager, Os.
    • Francisco Lillo (31), Project manager, Lo barneches.
    • Njål Richard Soleng (42), Samnanger.
    • Olga Kölsch (36), Marketing Communications Coordinator, Bergen.
    • Mannleg søkjer unntatt offentlegheit.
    • Mannleg søkjer unntatt offentlegheit.
    • Mannleg søkjer unntatt offentlegheit.
    • Marita Monsen (37), Kommunikasjonssjef Studentsamskipnaden på Vestlandet, Bergen.
    • Lubna Jaffery (37), Kommunikasjonssjef, Bergen.
    • Dag Hellesund (44), Ansvarleg redaktør, Bergen.
    • Asle Haukaas (51), kommunikasjonsdirektør, Bergen.
    • Kvinneleg søkjer unntatt offentlegheit.
    • Bjørn Humblen (60), Siviløkonom, Lindås.

    Ved å melde deg på vil du jevnlig få nyhetsbrev fra Khrono på epost.

    Tips oss gjerne om aktuelle saker på tips@khrono.no.

    Vennlig hilsen Tove Lie,
    ansvarlig redaktør, Khrono

    Nyhetsbrev

    Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

    Fakta

    Komm.direktør ved Universitetet i Bergen

    Her er søkarlista:

    • Prodromos Zachariadis (47), Global Manager, Os.
    • Francisco Lillo (31), Project manager, Lo barneches.
    • Njål Richard Soleng (42), Samnanger.
    • Olga Kölsch (36), Marketing Communications Coordinator, Bergen.
    • Mannleg søkjer unntatt offentlegheit.
    • Mannleg søkjer unntatt offentlegheit.
    • Mannleg søkjer unntatt offentlegheit.
    • Marita Monsen (37), Kommunikasjonssjef Studentsamskipnaden på Vestlandet, Bergen.
    • Lubna Jaffery (37), Kommunikasjonssjef, Bergen.
    • Dag Hellesund (44), Ansvarleg redaktør, Bergen.
    • Asle Haukaas (51), kommunikasjonsdirektør, Bergen.
    • Kvinneleg søkjer unntatt offentlegheit.
    • Bjørn Humblen (60), Siviløkonom, Lindås.

    Fra seksjonene

    Siste

    Debatt

    Karriere

    Campus

    Samfunn

    Mest lest

    Debatt

    Meninger · Nikab. I Norge viser vi vårt ansikt. Og vi viser kanskje vårt sanneste ansikt når vi på autoritært vis vil bestemme hvordan folk skal kle seg, mener forfatter og lærer Assad Nasir. 
    Meninger · Nikab. Forbud mot ansiktsdekkende hodeplagg gjør at brukerne effektivt blir stengt ute fra akademia, skriver seks bekymrede studentledere i dette innlegget.  
    Meninger · Trakassering. Universitetet i Stavanger har gitt professor Nils Rune Langeland undervisningsfri i ett år som straff. Stipendiat Vibeke Narverud Nyborg er foruroliget ikke bare av saken, men også av ringvirkningene universitetets behandling kan få. 

    Campus

    Samfunn