avkolonisering

Vedtok endring av rasistiske plantenamn. — Eg er glad, stolt og letta

Eit knapt fleirtal på internasjonal kongress stemte for å endre artsnamn som blir oppfatta som krenkande. Norsk botanikar er glad for vedtaket.

Charlotte Sletten Bjorå, professor botanikk, ønskjer ei pragmatisk tilnærming til avkolonisering.

Botanikarar frå heile verda er samla til kongress i Madrid i desse dagar. Ei av oppgåvene er å bli einige om namn på planter, sopp og algar som er oppdaga sidan  førre kongress for seks år sidan.

I år stod eit særskilt omdiskutert tema på dagsordenen: Burde gamle namn på planter som kan oppfattast som krenkande skiftast ut?

Med knapp margin stemte deltakarane på kongressen for dette. 

Vedtaket gjeld ei mengde artar med variasjonar av det vitskapelege namnet caffra, som skriv seg frå eit ord som er blitt brukt i det sørlege Afrika om svarte, og som har klare rasistiske røter og konnotasjonar.

Det nye namnet er afer (som betyr afrikansk).

— Stort behov for avkolonisering

— Eg er glad, stolt og letta over vedtaket, seier Charlotte Sletten Bjorå, som er ein av dei norske representantane på kongressen i Madrid.

Bjorå er professor i plante- og soppsystematikk ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

På bordet låg også forslag om å etablere ein fast komité for å behandle og ta stilling til krenkande artsnamn, men dette forslaget vart avvist av forsamlinga. Derimot gjekk kongressen inn for å etablere ein komité som skal jobbe med etikk i samband med krenkande artsnamn fram mot neste kongress i Cape Town i 2029.

— Tanken bak er at vi ser eit stort behov for å avkolonisere samlingar og arbeidsmetodar. Men ingen er tent med panikk-vedtak, seier Bjorå til Khrono.

Ho seier at stemninga var svært spent, og at diskusjonane gjekk høgt i forkant av avstemmingane. Normalt skjer dei med handsopprekking, men i dette tilfellet vart det bestemt å gjennomføre hemmeleg avstemming.

— Eg veit ikkje korleis eg skulle sett mine sørafrikanske kollegaer i auga etterpå om ikkje namneendringa hadde blitt vedtatt, seier Bjorå.

Ikkje rasistisk

Eit anna forslag, om å legge ned forbod mot å kalle opp artar etter personar, gjekk ikkje gjennom.

Forskarane har gjennom åra gitt namn etter kjende personar til mange nyoppdaga plantar og dyr, og nokon av dei har hamna på historias skraphaug. 

Ein av dei som i nyare tid har gitt namn til ein art, er tidlegare president i USA, Donald Trump. Han fekk ein møll oppkalla etter seg Neopalda donaldtrumpi, i 2017.

Neopalda donaldtrumpi, ein møll oppdaga i California i 2017 som gav assiosjonar til Donald Trumps hårsvesis.

Botanikk-kongressen, som har forvalta artsnamn sidan 1864, vedtok derimot at nyoppdaga artar ikkje kan få namn som blir oppfatta som nedlatande mot ei gruppe. Denne regelen skal gjelde frå 2026.

— Heldigvis fekk ikkje dette tilbakeverkande kraft. Vi står midt i ei biodiversitets-krise, og vi må heller bruke tida vår på å beskrive all den ukjende diversiteten, før artane forsvinn, og for å prøve å unngå at dei forsvinn. I tillegg er det viktig med stabilitet i namneverket. Om artar får nytt namn ofte, mistar vi fort oversikta, seier Bjorå.

Ho legg til at dei som stemte imot namneendringar ikkje gjorde det fordi dei er rasistiske, men nettopp frykta at vedtaket skulle føre til ein tidkrevjande kaskade av namneendringar.

— Pragmatisk

Debatten om avkolonisering har til tider gått høgt i akademia. Krav om endringar av pensum, namn bygg og fjerning av historiske monument skaut fart etter Rhodes must fall-kampanjen som begynte i Sør-Afrika i 2015, og seinare etter politidrapet på George Floyd i USA i 2020.

Bjorå er glad botanikarane har lagt seg på det ho ser på som ei pragmatisk linje.

— Kva ein opplever som støytande varierer frå person til person, og det er noko av det som gjer dette vanskeleg. I den norske Artsdatabanken har vi for eksempel mange namn med orde ‘lapp’ i seg. Nokon vil oppfatte det som rasistisk, andre ikkje. Men namn som heilt openbert er rasistiske, må vi kunne bytte ut, seier ho.

Powered by Labrador CMS