taksonomi

Botanikarar vil luke ut krenkande plantenamn

Planteforskarar på stor internasjonal kongress skal stemme over forslag om å endre rasistiske eller på andre måtar krenkande artsnamn.

Hibbertia scandens, ein plante med ein vakker gul blome i Hibbbertia-slekta — som også har namn etter ein slavehandlar. No kan planten miste det gamle namnet.

Bør artar med rasistiske eller på andre måtar krenkande namn endrast?

Ja, meiner dei som står bak forslaget som botanikarar samla til ein internasjonal kongress i Madrid den komande veka skal ta stilling til. På lista står ei rekke artsnamn som forslagsstillarane meiner er rasistiske eller på andre måtar har krenkande karakter.

Eit anna forslag går ut på å etablere ein eigen komité som skal vurdere namneskifte på det som blir oppfatta som upassande namn.

Sidan 1864 har Den internasjonale botaniske kongressen hatt ansvaret for å fastsetje og forvalte vitskapelege namn på planter, sopp og algar. Ifølgje Nature er det første gong botanikarane offisielt skal ta stilling til om dei skal endre namn på artar som kan oppfattast som krenkande.

På lista står mellom anna 218 artar med det vitskapelege namnet caffra, som skriv seg frå eit ord kolonialistar i det sørlege Afrika brukte om svarte, og som har klare rasistiske konnotasjonar.

På bordet ligg også forslag om å endre namn på planter oppkalla etter historiske personar. Eitt av desse er Hibbertia, ei planteslekt med gule blomar i Australia, som har fått namn etter den engelske slavehandlaren George Hibbert.

Stor usemje

Det er taksonomane, spesialistar på systematikk og klassifisering, som har ansvaret for å gi namn til og halde orden på artane.

Men ikkje alle er samde om at det er ein god ide å skifte ut plantenamna. 

Ifølgje Nature er ein del av taksonomane urolege for at ei storstilt namneendring i den vitskapelege litteraturen skal føre til forvirring og rot i systematikken. I tillegg fryktar enkelte at endringane skal føre til ei utvikling der kva namn som helst, som noko finn fornærmande, skal bli kravd endra.

— Det er svært uheldig at namna er krenkande. Men å endre namn som allereie er i bruk vil føre til stor forvirring, seier ein botanikar, Alina Freire-Fierro frå Ecuador, som uttalar seg til Nature.

Erythrina Caffra, ei av dei mange plantene som ber namnet caffra, som skriv seg frå rasistisk ordbruk.

Tilhengarane av namneendringane ser annleis på det. Dei peikar på at taksonomien heile tida er i utvikling. Å luke ut nokre upassande plantenamn er ingenting i det store bildet, der nye oppdagingar og analysar i ein jamn straum fører til stadig nye delnamn på artar og underkategoriar, hevdar dei.

Ein av dei som står bak forslaget om å kvitte seg med caffra-namnet, Gideon Smith frå Nelson Mandela University i Sør-Afrika, meiner frykta for at namneendringane skal føre til kaos i plantekatalogane er overdrivne. Han meiner målet om å fjerne djupt krenkande namnebruk veg langt tyngre enn dei praktiske utfordringane det fører med seg.

— Eg kan ikkje sjå for meg nokon enklare måte å bli kvitt rasistisk ordbruk på, seier han.

Ei bille for Hitler

Spørsmålet om uheldige namn i både dyre- og planteriket bør fjernast har vore på dagsordenen ei god stund, næra av dei større diskusjonane om avkolonisering i akademia.

Den amerikanske ornitologiforeininga vedtok i 2023 å fjerne alle namn på fuglar oppkalla etter menneske. Målet var å sikre eit meir inkluderande miljø for fugleinteresserte og bli kvitt namn med rasistisk eller annan uheldig bagasje. 

Om lag på same tid erklærte den internasjonale kommisjonen som har ansvar for forvalting av vitskapelege namn i dyreriket (International Commission on Zoological Nomenclature) at endringar ikkje ville komme på tale

Kommisjonen meinte at å opne for namneendringar, fordi nokon forskarar finn dei fornærmande, ikkje var forsvarleg, fordi haldingar og kva som er fornærmande er ein flytande storleik som alltid er i endring.

Avgjersla utløyste heftig kritikk frå vitskapsfolk som var sterkt usamde med kommisjonen, ifølgje The Observer. Som kroneksempel framheva dei namnet på ei blind bille, som vart funnen i ei fuktig hole i Slovenia i 1937. Billa fekk namn etter Adolf Hitler, og ber framleis det vitskapelege namnet Anophthalmus hitleri.

… og møll for Trump

Å gi namn til artar etter namnet på dei som har oppdaga dei, har vore ein vanleg praksis. Men forskarane har opp gjennom tidene også gitt dyr og planter namn etter politiske eller kulturelle førebilete, som i tilfellet med Hitler-billa.

Også frå våre dagar finst dei lang liste med kjende namn som er blitt festa til funn frå naturen. Passande nok har BBCs berømte programleiar Sir David Attenborough ei lang liste artar oppkalla etter seg.

Meir overraskande for mange er det kanskje at popartisten Taylor Swift har gitt namn til eit tusenbein funne i USA i 2022 (Nannaria Swiftae), og at filmstjerna Brad Pitt gav namn til ein liten parasittisk veps med opphav i Sør-Afrika (Conobregma bradpitti).

Også Donald Trump er ein av dei mange kjende menneska som har gitt namn til ein art, etter at ein møll vart oppdaga i California i 2017: Neopalda donaldtrumpi.

Neopalda donaltrumpi , ein type møll med visse likskapar.

Forslaget om forbod mot å kalle planter opp etter personar, som no ligg på bordet på kongressen i Madrid er omstridd — også fordi eit slikt forbod kan stå i vegen for å rette opp kolonialistisk urett.

Det kan, seier botanikaren Freire-Fierro frå Ecuador til Nature, også føre til at vi mistar ein sjanse til å gi namn til nye artar etter lokale vitskapsfolk og urfolksleiarar.

Powered by Labrador CMS