Debatt
Unnatakssituasjonen kjem til å vare til hausten
Fakultetet vil framleis ha dette som sine tre fremste prioriteringar: Undervisning, undervisning, undervisning.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Då den norske regjeringa 12. mars annonserte at dei stengde campus og ordinær undervising for studentar i høgare utdanning, var det ein del av ein breiare strategi for å nedkjempe spreiinga av Covid-19 gjennom å stenge ned heilt sentrale samfunnsinstitusjonar.
Det var ei avgjerd teken under stor grad av uvisse, ikkje berre om viruset, men også om kva konsekvensar avgjerda ville få for undervisingstilbodet og for studentane sin situasjon og deira moglegheiter for å fortsetje studiet og ta eksamen. Vi hadde grunn til å tru at det ville få negative konsekvensar, men kor omfattande dei ville bli, visste vi lite om.
Dette er kinkige problemstillingar, dei handlar om likebehandling og fleksibilitet, men og om pengar og om betydninga av og grensene for arbeidsgjevar sitt ansvar utanfor kontorlandskapet.
Oddgeir Osland
No, tre månader seinare, er vi i ferd med å planlegge eit nytt semester under uvisse, men vi veit litt meir enn for tre månader sidan. Vi er nok mange rundt om i landet som no nesten febrilsk søkjer å kombinere å få laga eit godt og nokolunde føreseieleg undervisingsopplegg for hausten, med det å summere opp erfaringar som gjer det mogleg for oss å halde fast ved det som gjekk bra, og korrigere feilsteg.
Ved fakultetet vårt er vi i ferd med å lage eit rapportutkast om covid-19-responsen vår, for diskusjon i fakultetsstyret. Her er nokre av oppsummeringspunkta våre så langt, som eit diskusjonsbidrag og ei helsing til kollegaer ved andre fakultet i landet:
Det viktigaste vi kan ta med oss er at vi verkeleg klarte å effektivt legge om undervisingstilbodet i løpet av nokre få hektiske dagar og veker. Og vi følgde opp med endringar i eksamen nesten like umiddelbart. Ved eit fakultet med over 4000 studentar og 300 tilsette, har det kome få eller ingen klager eller negative tilbakemeldingar frå studentar og undervisarar i samband med omlegginga. Og sjølv om biletet heilt sikkert vil bli nyansert når vi får eit betre kunnskapsgrunnlag, trur eg likevel dette vil stå seg:
Det er imponerande at så mange kunne omstille så mykje på så kort tid. Det har sjølvsagt samanheng med eit særtrekk ved sektoren vår, han er bekvinna med menneske som er vane med å arbeide sjølvstendig og mot rikare mål enn dei som er kodifisert i kvart einskild læringsutbytte. Og han kviler på kollegiale fellesskap, fellesskap som i denne situasjonen raskt sette i gong omfemnande erfaringsdeling, i det nærliggande fagmiljøet, på facebook og andre arenaer.
Men ein viktig faktor - tilsynelatande prosaisk, men avgjerande i denne samanhengen - var hurtigheita frå Kunnskapsdepartementet si side når dei endra studie- og eksamensføreskrifta slik at vi kunne legge om undervisninga vår. Og tilsvarande raskt reagerte beredskapsleiinga på OsloMet: Det studieadministrative apparatet gjennomførte effektivt naudsynte endringar med tilhøyrande informasjon til fagtilsette, og IKT- seksjonen og støttefunksjonane for digitale undervisingsformer jobba døgeret rundt i startfasen.
Annleis oppsummert: Med stengt campus og påtvinga omlegging til digital undervising var vi i ein situasjon der det etablerte fagleg-pedagogiske handlingsrepertoaret til mange vart kraftig innskrenka, men Kunnskapsdepartementet og våre eigen administrasjon lagde rom for at undervisarane kunne redefinere dette handlingsrommet og ta det naudsynte ansvaret for undervisninga overfor studentane.
Her ligg også ein viktig lærdom for den usikre hausten vi går i møte. Kunnskapsdepartementet bør forlenge den midlertidige forskrifta utover 1. oktober og minst til 1. februar, og fakultet som heilskap må framleis ha som sine tre fremste prioriteringar: undervisning, undervisning, undervisning.
Vi lukkast altså med å halde fram med utdanningstilbodet vårt, men kor godt gjekk det, eigentleg? Korleis opplevde studentane undervisinga? Kva tapte dei av kunnskapstileigning? Korleis slo dette ut i ulike studentgrupper? Kven klarte seg like bra som dei elles ville gjort, kven fall frå? Dette veit vi mindre om, inntil emne-evalueringar vert systematiserte og eksamensoppmøte og -resultat begynner å tikke inn.
Det er gjort interessante og viktige studentevalueringar av fagtilsette ved andre institusjonar som vi skal ta med oss vidare, og som vil prege diskusjonane på fakultetet til hausten. Då kan og bør vi også setje i gang meir systematiske analyser av fråfall og eksamensresultat basert på FS-data og å setje i gong undersøkingar av og saman med studentane. For unnatakssituasjonen kjem til å vare ved hausten, no er vi førebudde til å setje i gong meir systematiske analyser. Dei færraste av våre folk var det i vår.
Men nokre av kollegaene våre hadde sett i gong eller fekk sett i gong forskingsprosjekt som vil kunne gje oss tidsseriedata som gjer det mogleg å samanlikne situasjonen før, under og etter Covid-19 nedstenginga. Så vi vil få interessante og viktige forskingsbidrag i åra framover, vonaleg styrka av at Forskningsrådet kjenner si besøkstid i tildeling til slike prosjekt. Her det også verd å merke seg at det relativt ressurskrevjande Studiebarometeret og undersøkingar med tilsvarande design neppe vil gje oss mykje kunnskap om kva konsekvensar eit eksternt sjokk som Covid-19 krisa har hatt i sektoren.
Vi veit også for lite om korleis tilsette har hatt det i denne perioden, både når det gjeld arbeidsoppgåver og -situasjon. Men noko veit vi, både frå pågåande forskingsprosjekt, dei det gjeld og personalleiarane deira. Frå mitt utsiktspunkt vil eg i dag, når eg skal tenke kva vi kan gjere framover mot hausten, dele dei tilsette i tre hovudgrupper.
Ei gruppe har opplevd situasjonen med heimekontor og endra arbeidsoppgåver som relativt uproblematisk, for nokre sitt vedkomande til og med positivt. Dei har, som oss alle, måtte forhalde seg til den usikkerheita smitte, dødsfall og sosial distansering, har ført til i samfunnet. Men dei har hatt eit bra heimekontor, vore del av godt fungerande sosiale fellesskap som ikkje kravde uhaldbart mykje av dei, dei har hatt luft og rom dei kunne bevege seg fritt i, innandørs og utandørs, dei har klart å oppretthalde motivasjonen og – når Covid-krisa først ramma - opplevd heimekontor som auka fridom i ei elles innestengd tid.
Ei anna gruppe er dei som har hatt eit eller fleire mindre, men ikkje uvesentlege problem: Eit litt vel heimesnekra kontor med tilhøyrande sjaber sitte- og skrivestilling framfor ein litt liten skjerm, ei oppleving av sosial isolasjon som likevel har vore handterleg, litt vrien familie-arbeidslivsbalanse når kontoret blei flytta heim på for tronge rom, omsorgsansvar som med rette måtte trumfe arbeidskrava.
På slike område må vi, både som fakultet, OsloMet og sektoren som heilskap, utvikle ei klarare forståing av korleis ansvarsdelinga mellom arbeidsgjevar og tilsett skal vere, gitt at vi også til hausten har ein situasjon med meir eller mindre pålagt heimekontor. Dette er kinkige problemstillingar, dei handlar om likebehandling og fleksibilitet, men og om pengar og om betydninga av og grensene for arbeidsgjevar sitt ansvar utanfor kontorlandskapet.
Ei tredje gruppe tilsette er dei som gjennom pålagt heimekontor har kome i ein situasjon der dei har hatt nesten umoglege arbeidstilhøve. Her har nok situasjonen vore varierande frå utdanningsinstitusjon til utdanningsinstitusjon. Ved OsloMet tolka beredskapsleiinga Kunnskapsdepartementet si tilvising til Helsedirektoratet sine retningsliner om heimekontor dit at det skulle vere umogleg for tilsette å kome seg inn på kontoret utan vektar til stades - med unntak for dei som hadde verksemdskritiske funksjonar.
Ved vårt fakultet innebar det, etter det eg kjenner til (og eg burde kjenne til det), at alle 320 tilsette var utestengt frå kontoret i nesten to månader. Blant desse var det altså ei relativt lita (men for meg, vesentleg) gruppe tilsette som var i ein vanskeleg arbeidssituasjon som tilgang til kontor langt på veg kunne løyst. Medan vi som har personalansvar og eg som har ansvaret for det samla personalansvaret, altså ikkje hadde myndigheit til å ta slike omsyn.
Eg vil ikkje overdrive denne saka, eller konsekvensane ho har fått. Når vi no – som samfunn – går inn i ein fase der vi skal prøve å forstå kva covid-19 krisa har skapt av meir eller mindre midlertidig tapt nærleik, tapte inntekter og tapte fellesskap, kjem nok dei fleste av oss statstilsette i høgare utdanning ut blant dei meir privilegerte.
Slik sett er det problemet vi stod andsynes, at leiarar fekk innskrenka handlingsrommet for å ta ansvar for dei tilsette, mest interessant som ei allmenn etisk problemstilling som mange i andre sektorar har kjent tyngre på dei månadane vi har bak oss. Kva skal vi tenke om, og korleis skal vi agere, dersom styresmaktene sine restriksjonar hindrar oss i å ta og utøve det moralske ansvaret vi har overfor personar vi har særlege plikter overfor, gitt dei yrkesetiske krava vi bør stille overfor oss sjølve?
Som læraren eller spesiallæraren som er forhindra frå å stille opp for dei elevane som hen veit no er i ein kritisk fase, psykologane som ikkje får møte pasientane sine. Kva gjer vi når fullmaktsfunderte reguleringar undergrev vilkåra for at vi kan opptre moralsk ansvarleg? Og, kanskje mindre skarpt, men meir reelt: Kva gjer ein når grupper ein har ansvar overfor vert spreidde ut på den digitale veven, når vi har vanskar med få det kunnskapsgrunnlaget vi treng for å ta dette ansvaret, fordi denne kunnskapen ofte veks fram gjennom ei anna type samhandling, og ikkje så lett lar seg innhente gjennom digitale medium.
Det siste spørsmålet har nok også mang ein undervisar kjent på dei siste månadane, i ei tid der det er fare for at arbeidsløysa bit seg fast på eit alt for høgt nivå, og der eit av våre bidrag kan vere å motverke fråfall frå høgare utdanning med tilhøyrande utvandring mot sosial og økonomisk marginalisering. Og det er vel, og bør vel vere, ein av dei viktigaste diskusjonane vi tek når vi skal korrigere feiltrinn vi har gjort, inn mot eit uoversiktleg haustsemester der vi skal ta i mot ein ny generasjon studentar.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut