AVkolonisering

Universitet fjernar 1700-talsfilosofen David Hume etter skuldingar om rasisme

Universitetet i Edinburgh endrar namn på hovudbygg etter krav frå studentar.

Filosofen David Hume fekk ei snakkeboble rundt halsen under Black Lives Matter-demonstrasjonar i Edinburgh i juni. No har aksjonistar ved Universitetet i Edinburgh fått universitetsleiinga med på å endre namnet på ei av bygningane sine, som er kalla opp etter Hume.
Filosofen David Hume fekk ei snakkeboble rundt halsen under Black Lives Matter-demonstrasjonar i Edinburgh i juni. No har aksjonistar ved Universitetet i Edinburgh fått universitetsleiinga med på å endre namnet på ei av bygningane sine, som er kalla opp etter Hume.
Publisert Oppdatert

David Hume Tower skal heretter heite 40 George Square, ifølgje universitetsleiinga. David Hume blir rekna som ein av dei viktigaste opplysningsfilosofane.

Han var også ein rasist, og fortener dermed ikkje å ha namnet sitt på eitt av hovudbygga ved universitet, meiner studentar som i sommar starta ein kampanje for å få Humes namn viska bort frå namneskilta.

Ein student ved universitetet, Elizabeth Lund, som fronta kampanjen, samla meir enn 1700 underskrifter for å fjerne David Humes namn frå campus.

«Ingen forlangar at David Hume skal viskast ut av historia. Men vi bør heller ikkje promotere ein mann som støtta opp om kvitt overherredømme», uttalar Lund ifølgje BBC.

Får støtte frå Hume-spesialist

Hume Tower, ikkje lenger Hume Tower.
Hume Tower, ikkje lenger Hume Tower.

Ho har vist til eit essay filosofen skreiv i 1753 «Of National Characters» der han skal ha gitt uttrykk for at «negrar» er «naturleg underlegne kvite». Studentar bør lære om Hume, meiner ho, men «i kontekst».

Kampanjen har fått støtte frå tidlegare forskar ved universitetet, Hume-spesialisten Felix Waldman. Han var David Hume Fellow i Edinburgh i 2016 og arbeider no ved Universitetet i Cambridge:

«Det er ingen tvil om at Hume var ein brilliant filosof, som har forma moderne filosofi og skotsk kultur», skreiv han i avisa The Scotsman.

«Men historia og moralen i saka er klar: Hume var ein skamlaus rasist som var direkte involvert i slavehandelen».

No har altså leiinga ved universitetet bestemt at David Hume ikkje lenger skal gi namn til den sentrale bygninga på universitetsområdet. Humes utsenger om rase, «trass i at dei ikkje var uvanlege i samtida, fører likevel til ubehag (cause distress) i dag», heiter det i meldinga frå universitetet.

Kampanjen ved Universitet i Edinburgh kjem i kjølvatnet av fleire liknande aksjonar og demonstrasjonar i kjølvatnet av politidrapet på afro-amerikanaren George Floyd i USA. Dette har intensivert kravet om avkolonisering, også ved akademiske institusjonar.

I Noreg har striden særleg stått om statuane av Winston Churchill og Ludvig Holberg, etter at aktivistar kravde at dei måtte fjernast.

Påstanden mot Holberg er at han skal ha vore involvert i den dansk-norske slavehandelen. Saka har ført til debatt, mellom anna i Khrono.

Granskar fortida

Universitetet i Edinburgh kjem ikkje til å stanse med å endre namn på David Hume Tower. Ifølgje meldinga frå likestillings- og mangfaldskomiteen og ein Race Equality and Anti-Racist Sub-committee, vil det bli gjennomført ein grundigare gjennomgang av korleis universitetet er knytt til fortida.

«Det er viktig at campus, pensum og universitetssamfunna reflekterer både universitets samtidige og historiske mangfald og engasjerer seg i sine institusjonelle spor kringom i verda», heiter det i pressmeldinga frå universitetet.