UiO gir krisestipend til internasjonale studentar

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Internasjonale studentar ved Universitetet i Oslo (UiO) som har mista deltidsjobben, får no tilbod om eit krisestipend på 10 000 kroner, skriv Uniforum.

— Det kan søkjast om eit skattefritt stipend på 10 000 kroner kvar til dei sjølvfinansierande internasjonale studentane som går på UiO. Pengane må gå til husleige og mat, seier rektor Svein Stølen til avisa.

Rektor Svein Stølen seier UiO har lagt seg på same linje som OsloMet og UiB.

Universitetet gir dermed etter for presset og følgjer dermed etter både OsloMet og Universitetet i Bergen som tidlegare har oppretta krisefond.

Pengane skal takast frå reserven til universitetsleiinga ved UiO, skriv Uniforum, og universitetsstyret skal få ei orientering om saka på førstkomande møte 13. mai.

Ifølgje rektor Stølen er det snakk om rundt 600 studentar, 415 frå land utanfor EU og 177 frå EU-land, som no kan søke om stipend.

– Så langt har me ikkje heller fullt oversyn over kor mange som framleis er her i landet. Men det håpar me at me snart skal få eit svar på. No er støtteordninga på plass, og me har lagt oss på same linje som Universitetet i Bergen og OsloMet, seier Stølen til Uniforum.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS