Utdanningspolitisk konferanse

Trur lakseallianse kan redde utdanning på Nesna: — Dette blir sett og lytta til

Aksjonistar og oppdrettsnæring er ei sterk blanding, meiner bygdeforskar Bjørn Egil Flø, og får støtte av samfunnsforskar Rune Slagstad. Denne veka deltar begge på utdanningskonferanse på Helgeland.

Tidlegare i år var Aino Olaisen (i midten til høgre) og representantar for utdanningssektoren på Helgeland og Folkeaksjonen for høgare utdanning samla på Lovund for å starte prosjektet for framtidas distriktsskule, som er tenkt knytt til ei ny lærarutdanning på Nesna. .
Tidlegare i år var Aino Olaisen (i midten til høgre) og representantar for utdanningssektoren på Helgeland og Folkeaksjonen for høgare utdanning samla på Lovund for å starte prosjektet for framtidas distriktsskule, som er tenkt knytt til ei ny lærarutdanning på Nesna. .
Publisert Oppdatert

Med bråket i kjølvatnet av strukturendringane ved Nord universitet har det skjedd ei uventa utvikling, meiner Bjørn Egil Flø, som i meir enn 20 år har forska på utviklingstrekk i distrikts-Noreg.

— Universitets- og utdanningspolitikk er brått blitt distriktspolitikk igjen, seier han.

Det er minst 25 år sidan sist, meiner bygdeforskaren og sosiologen.

— Utdanningspolitikk har ikkje vore distriktspolitikk sidan opprettinga av Universitetet i Tromsø i 1968.

Torsdag held Flø innlegg på den utdanningspolitiske konferansen på Nesna, som blir arrangert av Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland.

Hovudinnleiar på konferansen er den kjende samfunnsforskaren Rune Slagstad, som også meiner utdanningspolitikken er i endring. Han har varsla ei breiside mot «fusjonismen» og «de siste siste tiårs forfeilede høyskole- og universitetspolitikk», med «universitet overalt».

Fleire politikarar, både frå regjeringsparti og opposisjon, står også på programmet.

— Klassisk samfunnsbyggar

Kampen for høgare utdanning ved den tidlegare lærarutdanninga på Nesna på Helgeland har gått for full maskin sidan nedleggingsvedtaket til Nord universitet våren 2019. Høgskulen vart fusjonert inn i Nord universitet i 2016, som eit svar på Solberg-regjeringas såkalla strukturreform.

— Aino Olaisen er representant for den klassiske samfunnsbyggaren, motsatsen til John Fredriksen, meiner forskar Bjørn Egil Flø.
— Aino Olaisen er representant for den klassiske samfunnsbyggaren, motsatsen til John Fredriksen, meiner forskar Bjørn Egil Flø.

Konferansen som går av stabelen digitalt frå Nesna denne veka er ledd i kampen for fortsatt høgare utdanningstilbod på staden.

Tidlegare i år vart det kjent at eigar i lakseindustrien på den vesle øya Lovund på Helgelandskysten, Aino Olaisen, slår seg saman med aksjonistane med sikte på å blåse liv i utdanninga og skape «Framtidas distriktsskule».

— Det er ein veldig interessant og sterk allianse. Dette er noko som blir sett og lytta til, seier Flø.

— Olaisen er representant for den klassiske norske samfunnsbyggaren. Det finst mange av denne typen langs kysten – dei blir ikkje kjempestore, likevel ganske store, dei er internasjonale, men insisterer på den lokale forankringa. Dei er motsatsen til John Fredriksen, seier Flø, og siktar til forretningsmannen og skatteflyktningen med store eigarinteresser i norsk oppdrett.

Rune Slagstad har også merka seg det spesielle gruppearbeidet på Helgeland, med Olaisen i spissen.

Slagstad: Laksemilliardær som danningsagent

I foredraget han skal halde på konferansen legg han fram ni teser der han trekker lange linjer i utdanningspolitikken i Noreg og internasjonalt. I den første tesen hevdar Slagstad at vi i dag står i eit mogleg regimeskifte frå «konkurransestaten» til «kunnskapsstaten». Konkurransestaten har ifølge Slagstad vunne fram gjennom det ideologiske klimaskiftet i den vestlege verda dei siste 40 åra, gjennom ei rad milepålar, frå Margaret Thatchers regjering i Storbritannia i 1979, via Berlin-murens fall i 1989 — til våre dagar, då også sentrum- og venstrepartia har gitt etter for ei stadig meir marknads-teknokratisk orientering.

Dette hadde store utdanningspolitiske følgjer, særleg illustrert ved Bologna-prosessen, som vart sett i verk frå 1999 med mål om standardisere høgare utdanning i Europa.

For å illustrere den lokale dimensjonen i det gryande brotet med konkurransestaten peikar Slagstad på Helgeland, studentane på Nesna og Lovund:

Rune Slagstad har varsla ei breidside mot den norske utdanningspolitikken i foredraget sitt.
Rune Slagstad har varsla ei breidside mot den norske utdanningspolitikken i foredraget sitt.

«Når laksemilliardærer blir dannelsesagenter, gis de utdanningspolitiske opponenter en finansiell kraft til å utvikle retningsgivende alternativer for kunnskapsstaten: en fremtidens skole», skriv Slagstad i den første delen av foredraget, som Khrono har fått sjå.

Både Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Sp har lova å støtte høgare utdanning på Nesna i ei eller anna form dersom dei kjem til makta ved stortingsvalet til hausten.

Samstundes har andre initiativ, mellom anna frå SV i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite for å få ein gransking av nedlegginga på Nesna, ikkje ført fram. Regjeringa har sagt at det er uaktuelt å gripe inn for å reversere nedlegginga av studiestaden på Nesna eller støtte re-etablering av ei ny utdanning.

Må skubbe pendelen

Annonse

BLI VARSLET
OM SISTE NYTT

Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
-

BLI VARSLET OM SISTE NYTTLast ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg-

Flø er langt frå sikker på at dei distriktspolitiske vindane som bles over landet, med rekordmålingar og potensiell regjeringsmakt for Senterpartiet, vil føre til varige og meir djuptgripande endringar for utdanning i distrikta.

— Det kjem mellom anna an på kor uthaldande opprørarane er. Pendelen kjem ikkje til å svinge av seg sjølv, den må skubbast. Det vi ser no er konturane av eit protestval. Det kan i beste fall føre til at alle parti igjen må ta inn den distriktspolitiske tenkinga, seier han.

Tida då distriktspolitikken var definerande for politikken generelt er forbi, ifølgje Flø.

— Tidlegare var den såkalla «store distriktspolitikken» den som alle andre politikkområde måtte ta omsyn til: forsvar, fiskeri, utdanning, helse, alle hadde distriktpolitisk element. Men dette har krympa, særleg dei siste 25 åra. I dag er ikkje utdanningspolitikk lenger distriktspolitikk. Fråskrivinga av det distriktspolitiske ansvaret har auka tilsvarande, seier Flø.

På Helgeland, med «laksealliansen», ligg det ei kraft som kan bidra til å skubbe pendelen, trur han.

Og sjølv om Flø generelt nøler med å erklære seg for optimist på utkantane sine vegne, kjem han til å treffe mange av tilhøyrarane til Nesna-konferansen heime når det gjeld synet han har på verdien av utkantane.

— Vi skal lage det grøne skiftet, blir det sagt. Verken eg eller du veit heilt kva det er, men det vi veit, er at det må baserast på dei lokale ressursane og eigarskap til ressursane. Då er det heilt nødvendig med kompetanse til å bruke dei. Dersom du for eksempel er skogeigar, men ikkje lever med den eller veit noko om korleis du skal bruke skogen, er sjansane store for at du sel skogen til Kina og Russland. Det kan gi ressursar til å halde liv i skule og eldreomsorg – ei stund. Men ikkje på lang sikt. For å lykkast må du ha engasjement og kunnskap om dei stadeigne ressursane, seier Flø.

Læring i periferi

Då er nettopp høgare utdanningstilbod med nærleik til realitetane i periferien avgjerande, meiner han.

— Visse ting lærer ein berre ved å vere der det skjer.

Bygdeforskaren skriv også under på eit av kjerneargumenta som er blitt sett fram av Nesna-aksjonistane: Mange unge i regionane ønskjer geografisk nærleik til utdanningane – og sjansen for at dei etablerer seg i utkantane dei kjem ifrå er langt større enn om dei drar til dei større byane.

— Slik er det. Og sjølv om ein kjem langvegsfrå til utdanningsstaden, aukar sjansen for å bli verande då, også, seier Flø.

Den utdanningspolitiske konferansen på Nesna startar kl. 12 torsdag og går digitalt.

Konferansen kan følgjast direkte HER eller i videovinduet under.

Powered by Labrador CMS