Seier nei til lovund-modellen
Asheim: — Vi reformerer ikkje for moro skyld
Regjeringa seier ja til lokale initiativ, men avviser ideen om å om etablere lærarutdanning for distrikta på Nesna.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er, som Khrono tidlegare har fortalt om, laksemilliardær Aino Olaisen på den vesle øya Lovund i Nordland som har tatt initiativet til å skape ein modell for «verdas beste distriktsskule», ei lærarutdanning retta mot dei små skulane i Utkant-Noreg.
Målet er mellom anna å re-etablere høgare utdanning på Campus Nesna, som Nord universitet har vedtatt skal leggast ned frå 2022.
Det er uaktuelt for dagens regjering.
— Trappe opp arbeidet
«Regjeringen har ingen planer om å opprette en egen lærerutdanning på Nesna. Hvordan universitetene og høyskolene organiserer sine studiesteder har et samlet Storting, bortsett fra Senterpartiet, sagt skal være opp til dem», skriv forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i e-post til Khrono.
Opposisjonspartia Sp, Ap og SV har alle lova å gjenreise høgare utdanning på Nesna i ei eller anna form, dersom dei kjem til makta etter stortingsvalet til hausten. Den tradisjonsrike lærarhøgskulen vart i 2016 fusjonert inn i Nord universitet i kjølvatnet av Solberg-regjeringas strukturreform. I 2019 vedtok Nord å legge ned studiestaden til store protestar frå lokalsamfunnet.
— Det vi kjem til å gjere meir av frå regjeringa si side, er å trappe opp arbeidet med desentralisert og fleksibel utdanning, slik at et blir enklare for alle uavhengig av kvar ein bur eller kva liv dei lever å ta ei utdanning, seier Asheim.
Han viser til at regjeringa skal utarbeide ein strategi for dette.
— Tilpassa arbeidsmarknaden
Aino Olaisen, som har ei fortid som varaordførar for Ap i Lurøy kommune, er ein av eigarane av det suksessrike oppdrettselskapet Nova Sea på den vesle øya Lovund.
Det er på hennar initiativ ei arbeidsgruppe no er i full gang med å utvikle eit pedagogisk opplegg retta inn mot dei små skulane i utkantane som er tenkt sett ut i livet på Nesna.
Høgrestatsråden kjem ikkje til å støtte næringslivsleiaren frå Lovund i dette arbeidet.
— Regjeringa seier ja til lokale initiativ, men det er også viktig at universitet og høgskular tilpassar organiseringa til etterspurnaden frå studentane og arbeidsmarknaden. Det er styra for universiteta og høgskulane som har ansvaret for å vurdere kva studiestader universitet skal, og korleis utdanninga og forskinga skal organiserast, skriv Asheim.
Han seier at regjeringa vil at lærarane skal ha same, gode kompetanse uansett kor dei er utdanna.
Prosjektørane i Lovund-prosjektet meiner dei minste skulane taper på grunn av ei stadig sterkare satsing på meir spesialiserte lærarar. Utkant-skulane, som har fleire trinn i same klasse, treng lærarar som kan undervise på tvers av fag og trinn. Men denne lærartypen er på veg ut, ettersom politikarane har satsa på strengare kompetansekrav og masterutdanning for grunnskulelærarane gjennom fleire reformer under skiftande regjeringar.
Pedagogikkprofessor ved Høgskulen i Volda, Peder Haug, er blant dei som fryktar sentraliseringseffekten.
— Utdanning for storbyane
— Reformene har ført til ei lærarutdanning som er lage for storbyane, sa Haug til Khrono nyleg.
Statsråd Asheim er ikkje einig med professoren:
— Vi reformerer ikkje for moro skuld, men når det er behov for endringar. Behovet for større fordjuping og færre fag i lærarutdanninga er dokumentert gjennom evalueringar og forsking, skriv han.
Asheim seier det er viktig å hugse på at det ikkje nødvendigvis er den institusjonen som er nærast som trekker studentar, men større byar.
— Det heng saman med arbeidsmarknaden. Mange som har studert andre stader flyttar også til større byar for å jobbe. Løysingane for å sikre at det bur folk i distrikta må knytast til fleire sektorar, som knyter bu- og arbeidsmarknader saman, og ein politikk som bidrar til å skape ny lønsame arbeidsplassar i privat næringsliv i heile landet, heiter det frå Asheim.
Fleire initiativ for Nesna
Sjølv om Sp, Ap og SV står saman om å støtte gjenoppretting av høgare utdanning på Nesna, har Ap gjort det klart at dei ikkje vil gå inn for ein eigen regional variant av lærarutdanninga, retta mot distrikta. Sp har tydelegast signalisert at dette kan vere aktuelt å gå inn i for.
Sist veke fremja partiet forslag i Stortinget om full re-etablering av tilbodet på Nesna med grunnskule- og barnehagelærarutdanning.
På Helgeland er i mellomtida fleire initiativ på gang for å blåse nytt liv i studiestaden. I tillegg til Lovund-gruppa arbeider representantar for 18 kommunar saman med fylkeskommunen og næringslivet på Helgeland for å kartlegge moglege vegar til framtidig utdanningstilbod. Også UiT Noregs arktiske universitet er med i denne gruppa.
Nyeste artikler
Har varslet behov for å kutte opp imot 100 årsverk. Kun åtte får tilbud om sluttpakke
Tilbake til penn og papir?
Hva vil vi med barnevernspedagogutdanningen?
Risikofylt forskning, pandemier og biovåpen
Åpen forskning muliggjør forskningsnær utdanning
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Juss-nestor mener Kjerkols fuskesak må behandles på nytt
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024