Lovund-modellen
Har teikna opp «framtidens distriktsskole» for politikarane
Lakseoppdrettar Aino Olaisen og resten av ressursgruppa for framtidsskulen samlar eit knippe politikarar til debatt i Bodø onsdag.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Ein uventa allianse av aksjonistar som kjempar for gjenoppliving av lærarutdanninga i Nesna på Helgeland og ein laksemilliardær frå den vesle øya Lovund: Initiativet for ein ny kurs i lærarutdanninga har vekt debatt, blant anna i Dag og Tid, etter at Khrono først publiserte professor Rune Slagstads kritiske teser om norsk utdanningspolitikk.
Onsdag blir rapporten som Olaisens ressursgruppe har arbeidd fram lansert som eit «forprosjekt» for vegen vidare.
Med seg rundt frukostbordet på arrangementet i Bodø har dei politikarane Bjørnar Skjæran (Ap), Mona Fagerås (SV), Trine Fagervik (Sp), Bård Ludvig Thorheim (H) og Edel Marie Haukland (KrF).
Diskusjonen om framtidas distriktsskule har gått rett inn i den nasjonale utdanningsdebatten i opptakta til stortingsvalet til hausten. Medan Sp, SV og Ap har erklært støtte til vidare liv i utdanninga på Nesna i ei eller anna form, har den noverande regjeringa lagt fram andre planar for sikre utdanning i heile landet.
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
— Vi håper politikarane har svar på utfordringane distrikta står overfor, og at dei vil ta med seg tiltaka frå forprosjektet vidare. Vi håper forprosjektet, basert på erfaringar frå Helgeland, kan bidra til utforming av skulepolitikken for distrikta i Noreg, seier Aina Olaisen.
I ressursgruppa, som saman med Olaisen har jobba med prosjektet, sit pedagogar frå Helgeland, og aksjonistar knytt til lærarutdanninga på Nesna. Eit mål med prosjektet, i tillegg til å «bidra til utforming av skolepolitikken for distriktene i Norge», er etablere ei lærarutdanning på Nesna frå 2022, særskilt innretta for å utdanne lærarar til dei små skulane i utkantar og distrikt.
Campus Nesna, som sidan 2016 har vore ein del av Nord universitet etter ein omstridd fusjon, er vedtatt nedlagt frå neste år.
Frukostseminaret i Bodø kan følgjast HER onsdag frå klokka 8.30
Nylige artikler
Fafo fjernet maleri av Rød-Larsen fra lokalene
En løsbar forskningskrise
Høyreekstrem student drept. Minister ber universiteter avlyse politiske arrangement
Trakk seg fra lederstilling etter e-poster om utstilling med mindreårige modeller
Masteroppgavens verdi ligger i selve arbeidet — ikke kun i det ferdige produktet
Mest leste artikler
— Aktører ville stoppe munnen på meg
Epstein-oppvask i akademia: Stadig flere blir strippet for oppgaver
De fleste har enekontor og faste plasser. Men det er to unntak
Foreleser mistenkes for å ha funnet opp sin egen «nobelpris» og gitt den til seg selv
Forsker hevdet at død pasient ga samtykke