forskingsrådet

Ti år etter at arbeidet med prosjektet starta, kom Kerim gjennom nålauga

Kerim Hestnes Nisancioglu får nesten 24 milionar kroner frå Forskingsrådet. Han er sjølvsagt nøgd, men: — Det svir å vita at nålauga er så trangt, seier klimaforskaren.

Kerim Hestnes Nisancioglu har forska på Grønland i mange år. No er Grønland og øyar i Stillehavet tema for det store forskingsprosjektet han skal leia.

Kerim Hestnes Nisancioglu, professor ved Universitetet i Bergen (UiB) og Bjerknessenteret, skal leia eit prosjekt som får over 24 millionar kroner frå Forskingsrådet. Han nådde opp i Forskingsrådet sin siste tildelingsrunde med prosjektet «Exchanging local narratives and scientific understanding of climate changes in indigenous communities of Greenland and the southwest Pacific».

— Det vert mykje forsking for desse pengane, smiler Nisancioglu forsiktig.

Fekk EU-midlar

Han veit at det ikkje er ei sjølvfølge å nå opp i konkurransen.

— Dette prosjektet har eg søkt om i toppforsk-kategorien tidlegare, faktisk begynte eg å arbeida med dette for ti år sidan, fortel Nisancioglu.

I mellomtida har han fått pengar frå EU sitt forskingsråd ERC, men dei midlane var oppbrukt for to år sidan. No utvikla han det ti år gamle prosjektet - og fekk pengar.

— Det er frustrerande å vita at ti prosent når gjennom. I ERC var det tre prosent då eg kom gjennom. Det svir å vita at nålauga er så trangt, seier Nisancioglu.

Han omtalar seg sjølv som ein etterkvart vaksen forskar, og seier at han ser at han ser at han får tilslag oftare enn før.

— Slik sett er det ein nyttig prosess. Ein må vera sta, og ha pågangsmot.

Vurderer å berre forska åleine

Forskingsrådet (NFR) si tildeling av midlar like før jul i fjor, fekk mykje kritikk. Fleire forskarar var frustrerte over tilbakemeldingar dei meinte ikkje var gode nok. Også no er det frustrasjon å finna.

I Trondheim sit Anne Gjelsvik, professor i filmvitskap, og lurer på om ho skal søkja fleire gongar. På Twitter skriv ho om kategorien «forskingsprosjekt for fornying» at «tipper at det var mer enn 1000 støtteverdige prosjekt i denne bunken. Demotiverende».

Gjelsvik fortel at ho var med på ein søknad som ikkje kom gjennom målauga. Ho leiar òg eit NFR-prosjekt som går ut i år.

— Som professor er det mi oppgåve å rekruttera, til dømes gjennom ph.d.-stillingar. Det har eg i prosjektet mitt no. Eg meiner at eg òg bør stå bak arrangement i fagmiljøet og legga opp til samarbeid på tvers. Men no er eg i tenkeboksen; eg synest eigentleg det er meir attraktivt å forska åleine, seier Gjelsvik.

Som sakprosaforfattar kan ho søkja om støtte til bokprosjekt. Men sjølv om ho som fast tilsett professor i utgangspunktet ikkje treng eksterne midlar, rekk ikkje dei interne midlane til prosjekt med internasjonale partnarar.

— Men ein kunne fått publisert ein artikkel i eit nivå 2-tidsskrift med same ressursbruk som ein brukar på ein søknad til Forskingsrådet, seier ho.

Vil ha anna system

Dag Wollebæk støttar Gjelsvik.

— Lite rasjonell tidsbruk, seier han om tida som går med til å skriva forskingssøknader.

Wollebæk, som er forskar 1 ved Institutt for samfunnsforskning, var med på eit prosjekt no, som ikkje fekk midlar. På Twitter skriv Wollebæk at «to månedsverk som jeg aldri får igjen, avtaler med internasjonale partnere, teoriutvikling og innhenting av tilbud, skreddersøm til søknadsprosa, budsjetter. Ingen ting blir noe av, i likhet med 1400 andre prosjekter».

— Dette er ein ressursbruk forskinga ikkje er tent med, seier Wollebæk, og peikar på sakene Khrono har skrive om at fleire universitet hyrer inn eksterne konsulentar som skal hjelpa til med søknadsskriving.

Sjølv er han tilsett ved eit forskingsinstitutt, og må få inn eksterne midlar.

— Er det fare for at universitetstilsette droppa å søkja?

— Er det ei fare? Kanskje vert det meir forsking om ein droppar å søkja, seier Wollebæk tørt.

— Bør ein legga søknadssystemet opp på ein annan måte?

— Ja, det synest eg er innlysande. Kanskje kunne ein hatt ei prekvalifisering, eller kanskje ei anna fordeling av pengar mellom Forskingsrådet og institusjonane. Men eg trur ikkje ein skal fjerna konkurranseelementet, seier han.

Prioriterte vekk søknadsskriving

Johan Tønnesson hadde ein periode der han ikkje søkte Forskingsrådet om midlar. Etter å ha fått tre avslag, bestemte han seg for nokre år sidan at han ville prioritera skriving. Etter nokre år har han tatt opp att søknadsskriving. I denne NFR-runden var han med på to søknader. Ingen av dei fekk tilslag.

— Men eg synest ikkje tilbakemeldingane er så dårlege no som dei var i førre runde, seier Tønnesson, som er professor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo.

— Får ein kjensla av at arbeidet er bortkasta når ein ikkje når gjennom?

— Kjensla er der, ja. Og òg når fornufta koplar inn, kan ein tenkja det, seier Tønnesson.

Han seier at ein bør legga gode planar for korleis ein kan gjera forskingsideen om til artiklar dersom ein ikkje når opp.

Men om det let seg gjera, kjem an på kva type prosjekt ein har, seier Stein Tønnesson. Seniorforskaren ved PRIO var opprørt etter attendemeldingane han fekk i fjor. Då sa han til Khrono at han hadde bestemt seg for å gå av med pensjon dersom han ikkje fekk prosjektmidlar frå NFR.

Den planen har han framleis, og går av med årsskiftet.

— Dersom ein har lagt opp til eit einpersonsprosjekt, kan det verta publisering. Men det er vanskelegare dersom kvalitetetn i prosjektet ligg i samarbeidet, seier Tønnesson.

Han meiner Forskingsrådet har ein for stor del av forskingspotten i Noreg, og viser til Sverige. Der er det fleire forskingsfond.

— Då kunne dei konkurrert om dei beste forskarane.

Stein Tønnesson skulle forska til han var 70, var planen. No fyller han 68, og gir seg i arbeidslivet til nyttår.

Millionar til prosjekt om leiing

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Kerim Hestnes Nisancioglu, som altså har fått mange millionar no, seier at sjølv om han er fast tilsett ved eit universitet, er han avhengig av å få inn eksterne midlar.

— Karrieren min er over dersom eg ikkje får inn eksterne midlar, det er ikkje eit alternativ for ein klimaforskar å ikkje gjera det.

Det tverrfaglege prosjektet han skal leia, som har både samfunnsvitarar, kunstnarar, lokalbefolking og barn og unge med på laget, skal prøva å forstå klimaendringane som skjer i små samfunn både på Grønland og på øyar i Stillehavet. For når klimaendringar gjer at temperaturen stig, vert det meir land på Grønland. Smeltevatnet renn ut i havet, og gjer at havnivået stig langt borte - og får konsekvensar for øyane i Stillehavet.

Også Mari Rege treng midlar - sjølv om ho er fast tilsett økonomiprofessor ved Universitetet i Stavanger. Forskargruppa hennar driv nemleg med felteksperiment og det er kostbart. Saman med Simone Haeckl-Schermer skal ho leia prosjektet «Experimental Field Investigation of Leadership Practices Supportive of Work-Satisfaction, Engagement, Performance and Creativity», som får ti millioner kroner.

— Forsking viser at mange leiarar ikkje lukkast i å engasjera og støtta dei tilsette, og heller ikkje legga til rette for læring og utvikling hos dei. Me skal undersøkja kvifor mange leiarar ikkje lukkast i å utøva det som vert kalla støttande leiarskap, seeir Rege.

Mari Rege er professor ved UiS Handelshøyskolen, og skal leia eit prosjekt som får 10 millionar frå Forskingsrådet.

Med utgangspunkt i både psykologi og åtferdsøkonomi skal forskarane ha store randomiserte, kontrollerte forsøk i fleire verksemder. Gjennom å testa intervensjonar forskarane har utvikla, skal dei prøva å hjelpa leiarane, og òg finna ut kvifor det er skilnader.

— Det er svært krevjande å få til slike randomiserte kontrollerte forsøk ute i feltet. Då me starta opp med dette for fleire år sidan, skåra me ofte lågt på realisme og kom difor ikkje gjennom, trass i høg skår på det vitskaplege. No har me fleire vellukka felteksperiment å visa til, og skåra nok derfor høgt på realisme i tillegg til vitskapeleg kvalitet, seier Rege.

Men sjølv om prosjektet no kom gjennom nålauga, har ho fått avslag tidlegare - seinast då ho søkte om eit Senter for framifrå forsking.

— Då var panelet ikkje interesserte i felteksperiment som metode, og me vart ikkje vurdert som gode nok til å koma til andre runde.

Rege seier ho har stor sympati med alle som ikkje får midlar for Forskingsrådet. Om seg sjølv seier at ho er i ein heldig situasjon.

— Eg jobbar med anvendt forsking, noko som vil seia at det er mange prosjektkategoriar som er relevante å søkja i. Me samarbeider til dømes både med barnehagar, skular og næringsliv, og eg hadde tenkt at dersom me ikkje fekk midlar no, ville eg søkja i ein samarbeids-kategori.

Powered by Labrador CMS