Debatt ● 10 Vitskapleg tilsette ved hvl, campus Stord
Tett på lærarutdanning i distriktet: Utfordringar og løysingar
Ei aukande urbanisering av lærarutdanning vil forsterka lærarmangelen i distrikta, skriv ti vitskapleg tilsette ved Høgskulen på Vestlandet, campus Stord.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Dette lesarinnlegget er meint å gi eit innblikk i eit lokalt lærarutdanningsmiljø sine utfordringar og visjon om ei lokalt og regionalt fundert lærarutdanning. Mange komande studentar sit i desse dagar og grublar på kva utdanning dei skal velja til hausten. Me håpar mange vel lærarutdanning - eit meiningsfullt, interessant og sikkert yrke.
Om ein student bestemmer seg for lærarutdanning, er det neste steget val av studiestad og institusjon. Studentlivet er ofte assosiert med eit urbant liv og straumen av studentar frå distrikta til byane er eit kjent fenomen. Samstundes veit ein også at 80 prosent av studentane blir verande nær den staden dei studerer. På sikt betyr det at ei aukande urbanisering av lærarutdanning vil forsterka lærarmangelen i distrikta.
Dersom me vil at fleire studentar skal velja lærarutdanning og at fleire av dei som tek lærarutdanning skal velja ein studiestad utanfor dei store byane: Kva må me då tilby av fordeler til studentane? Me er overtydde om at store campusar vil utkonkurrera dei små i kampen om lærarstudentar om ein ikkje tek aktive grep for å unngå det.
Fakultet for lærarutdanning, kulturfag og idrett på Høgskulen på Vestlandet har studiemodellar for grunnskulelærarutdanningane (GLU 1-7 og 5-10) som er like for alle dei tre campusane Stord, Sogndal og Bergen. Likskap vert ofte assosiert med rettferd og tryggleik og kan nyttast til å standardisera tenester og prosedyrar. Likevel kan denne likskapstanken for tre svært ulike campusar få uheldige utslag.
Det som slår tydelegast ut er ulike valmoglegheiter på dei tre campusane, der tanken om at mengde studentar på ein campus set grenser for kor mange fag dei får velja mellom. Dermed kan det bli slik at der det er færrast studentar blir det også minst valfridom. Ein slik logikk vil på sikt kunna føra til ein einsidig kompetanseprofil på lærarkreftene i distrikta om ein ikkje kompenserer på ein god måte.
På Stord har me hatt lærarutdanning sidan 1838, og vår utdanningskultur er alt anna enn ein bleik kopi av lærarutdanningane i dei store byane. Me driv vår lærarutdanning i «skulehagen», eit steinkast frå fjorden, der nærleiken til fjord, fjell og skog vert nytta i ei praktisk, studentaktiv og klasseromsnær utdanning. Me kjenner studentane og studentane kjenner oss.
Me trur at leiinga har hatt dei aller beste intensjonane om å sameina oss i ei felles lærarutdanning på Vestlandet på tvers av geografi, men nedgangen i studenttal på lærarutdanninga på Stord viser oss at nye idear må prøvast ut for å snu denne utviklinga. Leiinga i fakultet har teke initiativ til å oppretta ei samlingsbasert GLU 1-7 utdanning på Stord og i Sogndal, lenge med ein premiss om at dette var avgrensa til studentar over 25 år.
Når premissen om aldersgrense i siste del av prosessen truleg vart avvist av juridiske grunnar, fryktar me no at ei i utgangspunktet spennande og svært viktig form for lærarutdanning skal erstatta vår ordinære campusutdanning. Her meiner me det burde vera gode grunnar til å søka om lov til å setta ei aldersgrense likevel.
Dei siste dagane har også tilsette på Stord i møte med leiinga lagt fram mange idear om kva som skal til for å betra rekrutteringa til lærarutdanninga, og me har store forventingar til at dei vil spela vidare på den iderikdomen som ligg i utdanningsmiljøa våre.
Utdanningsforbundet på campus Stord har lenge meint at studiemodellane for lærarutdanning må reviderast og justerast i retning av meir campustilpassing for å dyrka eigenartar i lærarutdanningane ved HVL og at det vil vera for seint å venta til 2023. Dette er det også oppmoda om i campusutviklingsprosjektet, og no håpar me at fakultet grip sjansen.
Nasjonale forskrifter og retningslinjer for lærarutdanninga opnar opp for ulike profileringar i gjennomføringa av utdanningane. Ei tolking av dette handlingsrommet må dyrka tradisjonsrike, men nyskapande og distriktsorienterte campusar sine høve til å skapa alternative variantar av sentrale studietilbod.
Dei siste dagane har også tilsette på Stord i møte med leiinga lagt fram mange idear om kva som skal til for å betra rekrutteringa til lærarutdanninga (...)
Innleggsforfattarane
Så, kva kan då vera løysinga? Lærarutdanningsmiljøet på Stord brenn for å skapa ei ny lærarutdanning som er unik, både i regional, nasjonal og internasjonal målestokk. Dette veit me vil vera mogleg på grunn av fagmiljøa sin lange tradisjon for kreative løysingar innan utvikling av utdanningar. Forskarmiljøa innan GLU på Stord har nyleg vist oss kvalitetane som bur i fagmiljøet ved at dei er tildelte to store eksternt finansierte prosjekt som fokuserer på profesjonsøving og utdanninga si kopling til praksisfeltet.
Ei utvikling av ei ny og unik lærarutdanning på Stord innan HVL-paraplyen vil i tillegg kunna stå mykje sterkare dersom me inviterer Stord kommune og andre med i eit samarbeid. Då kan me utforska moglegheiter for meir arbeidslivsretting av GLU, bruk av årsstudium som springbrett inn i lærarutdanning og kanskje også ei lærarutdanning som femner om heile 1-10.trinnet.
GLU-miljøet på Stord har heilt sidan fusjonen arbeidd for å få til ein best mogleg modell for innpassing av årsstudium i utdanninga for studentar. Lat oss først få understreka at alle årsstudium på campus Stord har ei tydleg didaktisk innretting i sine emneplanar, og mange har innslag av praksisprosjekt i samarbeid med grunnskular.
Studieplanane for årsstudia på Stord er allereie tilpassa GLU-krav om fagleg innhald, didaktikk, praksis og fordjupingsoppgåve. Ein aktiv bruk av innpassing er heimla i §6 i forskrifta. Skal slike tiltak fungera rekrutterande til campus Stord, må dei utformast som særlege fordeler som berre kan oppnåast gjennom lokal tilpassing av utdanninga.
Utdanningsforbundet ved campus Stord meiner ein campusnær GLU-modell for Stord-studentane vil kunna opna opp for nyvinnande samarbeidsprosjekt mellom HVL og Stord kommune med nabokommunar om å forsterka lærarutdanninga si arbeidslivsretting. Med ein aukande lærarmangel i Stord kommune og regionen elles, vil ein kunne opna for kreative løysingar for tettare tilknyting mellom GLU-studentane og arbeidslivet som ventar dei.
Eit døme kan vera variantar av delte studentstillingar, der dei i syklus 2 (masterdelen) hadde faste dagar som studentlærarar kombinert med gjennomføring av praksis ved ein fast skule og faste undervisingsdagar på campus. Dette vil vera eitt døme på eit rekrutteringsgrep som gir lærarstudentar på Stord nokre særlege fordeler, nemleg tettare tilknyting til arbeidslivet og kanskje til og med løn under utdanning.
Fusjoneringa i universitets- og høgskulesektoren har gitt lærarar og studentar eit nytt utdanningslandskap, der målet var å både samla dei ulike styrkane, men og vidareutvikla profil og eigenart ved dei ulike studiestadene. Mange tilsette fortel om faglege gevinstar gjennom samarbeid med kollegaer på tvers av geografi, men det store saknet er ei lokal og myndiggjort utdanningsleiing av profesjonsutdanningane, som er tett på studentane, fagmiljøa og distrikta.
Det hastar med å utnytta dei urealiserte gevinstane ved å utvikla lokalt tilpassa utdanningar, slik at me sikrar studentrekruttering og behovet for lærarar over heile landet.
Innlegget er signert av desse ti vitskapleg tilsette ved campus Stord, Fakultetet for lærarutdanning, kulturfag og idrett, HVL:
- Ingrid Grønsdal, førstelektor musikk og arbeidsplasstillitsvalt for Utdanningsforbundet, campus Stord
- Hege Myklebust, førsteamanuensis, norsk
- Trond Egil Arnesen, førstelektor, kroppsøving
- Tone Iversen, høgskulelektor, pedagogikk
- Marit Kulild, førstelektor, pedagogikk
- Camilla Bjelland, førstelektor, pedagogikk
- Magne Espeland, professor i musikk og fagdidaktikk
- Michel Cabot, førsteamanuensis, engelsk
- Leif Tore Trædal, førsteamanuensis, samfunnsfag
- Kjetil Sømoe, førstelektor, kunst og handverk
Les også:
Fylg fleire debattar på Khronos meiningsside
Nyeste artikler
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Nøttesteik — på godt og vondt
Distriktsløft krever mer enn flere studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut