fusk

Tal frå klagenemnd: 65 prosent auke på to år

Den sentrale klagenemnda ved Universitetet i Bergen handsama 143 saker i 2021. Auken er særleg stor for juksesakene.

Pandemien og omlegginga av eksamen har ført til auke i juksesaker.
Publisert Oppdatert

«2021 har vært preget av flere fuskesaker enn foregående år. Økningen knytter seg primært til studenter som har fusket, eller har vært mistenkt for fusk, etter å ha gjennomført vurderinger som skulle vært avviklet som tradisjonelle skoleeksamener, men som har blitt lagt om i forbindelse med covid-19».

Dette heiter det i årsmeldinga frå den sentrale klagenemnda ved Universitetet i Bergen (UiB). Tala er klare: Samanliknar ein med 2019, har talet på handsama saker auka med heile 65 prosent. I 2021 var talet 143. 65 av desse sakene kan knytast til juks. Av desse 65 vart 19 av sakene lagt vekk utan konsekvens for studenten.

Dei andre sakene i klagenemnda er reine klagesaker, der studentar klagar på til dømes på avslag på søknad om lokalt opptak, avslag på søknad om permisjon, avslag på ulike dispensasjonssøknader, vedtak om tap av eksamensrett eller tap av studierett, klage på formell feil, klage på innpassing av fag og så videre.

Prorektor: Vanskeleg å unngå samarbeid

Khrono har ved fleire høve skrive om ein auke i juksesaker under pandemien. Dette har òg ført til at sakshandsamingstida i den nasjonale Felles klagenemnd har gått kraftig opp. I 2021 mottok sekretariatet til klagenemnda 364, noko som er meir enn ei tredobling om ein ser attende til 2019. 80 prosent av desse sakene dreiar seg om fusk, og Khrono har mellom anna skrive om studenten som er utestengt etter sjølvplagiering.

— Eg plar seia at digital heimeeksamen er noko som eigentleg ikkje finst. Me skal framleis ha heimeeksamen, men det er noko heilt anna enn ei omgjering av ein skuleeksamen.

Det seier Pinar Heggernes, prorektor for utdanning ved UiB.

Ho seier at UiB trur den største årsaka til auken i juksesaker er nettopp pandemien og ei omlegging.

— Me ser at det i nokre tilfelle nok har vore vanskeleg å unngå samarbeid. Ein har hatt studentar som bur saman og som skal ha same eksamen same dag. Det er eigentleg litt umenneskeleg å ikkje skulle kommunisera, når ein sit der rundt same kjøkenbord, seier Heggernes.

Ho seier at fleire studentar har innrømma å ha samarbeidd, sjølv om dei veit at dei ikkje skal gjera det. Ei anna utfordring er at på ein digital skuleeksamen vert datamaskinene låst. Når dei sit heime, har dei tilgang til heile Internett.

Mange av eksamensoppgåvene vert køyrde gjennom eit tekstgjenkjenningsverktøy, seier prorektor Pinar Heggernes. Slik kan ein mellom anna oppdaga plagiat og samarbeid.

Gir tilfeldige oppgåver

Før jul 2021 var det nokre studentar som hadde skuleeksamen. Både Khrono og andre redaksjonar skreiv om reaksjonar på dette. Men Heggernes meiner det er viktig at nokre eksamenar vert avvikla nettopp som klassisk skuleeksamen.

— Førebels ventar me jo på beskjed frå styresmaktene om korleis det vert framover. Men per no tenkjer me at dei eksamenane som er planlagt som fysisk frå no og utover semesteret skal vera fysiske, seier prorektoren.

Ho seier at for å minska faren for samarbeid, har fleire av dei emneansvarlege byrja bruka moglegheita til å generera tilfeldige oppgåver, som ligg i det digitale eksamensverktøyet.

— Då må faglærar laga fleire oppgåver, men det minskar sjansen for at studentar får akkurat dei same oppgåvene, seier Heggernes.

Informerer yngre studentar

Martine Baarholm likar sjølv best heimeeksamen der ho har fleire dagar på seg. Den første i 2022 skal ho ha allereie i slutten av februar.

Martine Baarholm er studentrepresentant i klagenemnda og har tidlegare leia studentparlamentet ved UiB.

Ho er samd med Heggenes i at såkalla multiple choice-oppgåver kan vera ei god løysing.

— I alle fall så lenge dei har same vanskelegheitsgrad.

Baarholm er masterstudent i administrasjons- og organisasjonsvitskap og er seminarleiar for førsteårsstudentar. Ho seier at ho fortel dei ho underviser at det er viktig at dei set seg inn i reglane for kva som skal til for at eit arbeid skal vera sjølvstendig.

— Eg snakkar mellom anna om kjeldeføring, seier ho.

Masterstudenten seier ho trur at mange av tilfella av juks som er avdekka under pandemien er tilfelle som ikkje er gjort med vilje.

— Det er ikkje akkurat slik at ein har skrive på innsida av eit viskelær.

Powered by Labrador CMS