Fire universitet med eigen reiseavtale

Svartelista reisebyrå tapte anbodskamp

FN-rapport om drift på israelsk-okkupert palestinsk område var med på å vippe reiseselskapet Egencia ut av konkurransen om kontrakt med universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.

Dei fire eldste universiteta samarbeider om innkjøp av tenester . Det gjer at mellom andre rektorane ved Universitetet i Bergen og NTNU, Dag Rune Olsen og Anne Borg, (bildet) får ein eigen avtale med reisebyrå, på sida av resten av staten.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei fire universiteta var i februar midt i anbodsprosessen for å inngå kontrakt for reisetenester då informasjon om den høgaktuelle kandidaten Egencia kom på bordet gjennom ein artikkel i Khrono:

FAKTA

Statens reisebyrå

  • Egencia, som er del av den amerikanske reisegiganten Expedia, er blant dei 112 selskapa med aktivitet i israelske busetjingar på okkupert, palestinske område, ifølgje ei liste frå FNs menneskerettskontor (Human Rights Council) som vart lagd fram 12. februar.
  • Den norske staten har avtale med to reisebyrå som skal ta hand om dei tilsette sine reiser. Det eine er Egencia, det andre er GTravel. Egencia har fått tilbod om å inngå ny kontrakt med staten, delt med Berg-Hansen. Eit hovudkriterium i den siste anbodsrunden for reisetenester i staten var miljø- og klima.
  • Kunnskapsdepartementet med sine underliggande verksemder som universitet og høgskular er det største departementsområdet i staten med rundt 50 000 tilsette.
  • Det er totalt 166 000 tilsette i staten. Statstilsette gjennomfører kring 450 000 flyreiser årleg , 70 prosent av desse er innanlands.
  • Det er førebels uklart når statens avtale med Berg-Hansen og Egencia kan tre i kraft, ettersom Kommunal- og moderniseringsdepartementet har motteke eit krav om såkalla midlertidig forføyining. Det fører til at kontrakten ikkje kan signerast før retten har tatt stilling. Det er Digitaliseringsdirektoratet ved Statens innkjøpssenter som har ansvar for anbod og kontraktar.

Ein rapport frå FNs menneskerettskontor (Human Rights Council) plasserte Egencia, gjennom sitt morselskap Expedia, på ei «svarteliste» med 112 selskap som tener pengar i israelske busetjingar på okkupert, palestinsk område.

Den norske staten hadde då gjennom Statens innkjøpssenter nettopp fornya tilliten til Egencia som eitt av to selskap med kontrakt på å selje reiser til 166.000 norske statstilsette dei komande åra. Universitets- og høgskulesektoren er blant dei største kundane i staten.

No er det klart at Egencia tapte kampen om oppdraget for dei fire universiteta i det såkalla BOTT-samarbeidet, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU og UiT Noregs arktiske universitet. Også Universitetet i Agder er del av kontraktssamarbeidet for felles reisebyrå.

Khrono har fått stadfesta at opplysningane om Egencias plass på «svartelista» i FN-rapporten var del av vurderingane kring tildelinga.

NTNUs innkjøpsgruppe, som har ansvar for forhandlingane på vegne av BOTT, har også tidlegare gjort det klart at dei ville gjere «nærmere undersøkelser» og at «deltakerne i BOTT-samarbeidet er oppatt av etisk handel».

— Bør følgje lover og reglar

Økonomi- og eigedomsdirektør ved NTNU, Frank Arntsen, som har leia arbeidet med anbodet for BOTT, ønskjer ikkje å kommentere saka utover å slå fast at Berg-Hansen blir leverandør og at han meiner problemstillinga derfor ikkje er aktuell.

Ein av rektorane i BOTT-samarbeidet, Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen, er derimot tydeleg om at han har «tatt for gitt» at tematikken har vore del av vurderingane. Olsen er også leiar av sektorens interesseorganisasjon, Universitets- og høgskolerådet (UHR).

Rektor ved OsloMet, Curt Rice (til venstre) og Dag Rune Olsen er begge kritiske til at staten har avtale med eit reisebyrå med koplingar til israelske busetjingar på okkupert palestinsk territorium.

Olsen seier til Khrono at hans eiga og Universitetet i Bergens haldning er at ein ikkje skal teikne kontrakt med selskap som ikkje innrettar seg etter lov og rett.

— Alle offentlege innkjøp bør vektlegge at selskapet ein teiknar kontrakt med følgjer internasjonale lovar og reglar og opererer i tråd med menneskerettane, seier han.

Han viser også til at UiB tidlegare har avvist tilbydarar fordi dei er blitt vurderte å kunne vere til skade for omdømmet til universitetet.

UHR-leiaren og UiB-rektoren gir uttrykk for at staten bør bruke innkjøpsmakta si i denne saka, med tanke på at Egencia deler på sal av reisetenester med Berg-Hansen i staten – no med unntak av BOTT-universiteta.

Curt Rice: Vil be om oppfølging

Tilsette ved ei rekke institusjonar i kunnskapssektoren er pålagte å kjøpe reisene sine frå Egencia.

Blant desse er høgskulane i Innlandet, Østfold og Volda, OsloMet, Universitetet i Stavanger, Universitet i Sørøst-Norge og Kunnskapsdepartementet. Inntil BOTT-avtalen blir operativ, er også Universitetet i Oslos tilsette omfatta av avtalen med Egencia.

Rektor ved OsloMet, Curt Rice, seier at universitetet tar avstand frå all lovstridig verksemd og brot på menneskerettane.

— Som eit statleg universitet er vi pålagt å bruke statens standardavtalar, og eg forventar at Digitaliseringsdirektoratet ved Statens innkjøpssenter knyter til seg leverandørar som operer forsvarleg, seier Rice.

Han legg til at han vil be Statens innkjøpssenter om ei orientering og oppfølging av saka vidare.

NTLs fagforeining ved OsloMet vedtok i 2016 ei fråsegn der dei gjekk inn for full boikott av Israel

UD: Risikerer å støtte folkerettsbrot

Bladet Bistandsaktuelt har spurt den politiske leiinga i Utanriksdepartementet om deira haldning til Egencia og FN-lista selskapet har hamna på. Det vil ikkje statssekretær Audun Halvorsen (H) meine noko om.

Derimot forsikrar han om at «regjeringen anser de israelske bosettingene på okkupert område for å være i strid med folkeretten». Han seier til Bistandsaktuelt at dette medfører ei plikt til «å motvirke aktiviteter som støtter opp under de ulovlige bosettingene. Selskaper som opererer på okkupert område kan risikere å støtte opp under folkerettsbrudd».

På spørsmål om Utanriksdepartementet vil vurdere å bruke eit anna selskap som reisebyrå, viser statssekretæren til Statens innkjøpssenter. Statens innkjøpssenter vil på si side ikkje kommentere spørsmål utanom det tildelingstekniske.

Khrono har spurt den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet, som er kunde hos Egencia, om ein kommentar, men er blitt vist vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som administerer Statens innkjøpssenter. Avdelingsdirektør i Statens innkjøpssenter, Kjetil Østgård, skriv i e-post til Khrono at «vår anskaffelsesjuridiske vurdering er at vi verken har rett eller plikt til å avvise Egencia fra konkurransen som følge av de omtalte forholdene».

Kritiske fagforeiningar

Fagforeiningane Forskerforbundet og NTL, som organiserer 50 000 medlemmer, har tidlegare stilt seg kritiske til at Egencia får halde fram som leverandør av reiser i staten så lenge selskapet opererer på okkupert land.

— Vi forventar at det ikkje blir inngått ny avtale etter at dette er blitt kjent, uttalte NTL-leiar Kjersti Barsok med adresse til innkjøparane i BOTT-samarbeidet.

NTLs landsmøte vedtok i 2014 ei erklæring med krav om internasjonal boikott av handel og investeringar i dei okkuperte områda.

Khrono har kontakta Expedia/Egencia som ikkje ønskjer å kommentere saka utover følgjande e-post:

«Expedia Group (herunder Egencia) har ikke kontorer i de okkuperte palestinske områdene. FNs menneskerettighetsråds henvisning til Expedia (sammen med andre store reiseselskaper) omhandler kun visse overnattingssteder i disse områdene som er oppført på våre hjemmesider. Expedia Group er opptatt av å gi våre kunder fullt innsyn når det gjelder reiser til omstridte territorier over hele verden. I de okkuperte palestinske områdene omtaler vi disse overnattingsstedene som "israelske bosetninger" inne på palestinsk område. Vi gjennomgår kontinuerlig den informasjonen vi gjør tilgjengelig for våre reisende, ikke bare når det gjelder de okkuperte palestinske områdene, men også andre omstridte territorier globalt, for å sikre at de reisende får tilstrekkelig innsyn for å kunne ta veloverveide reisebeslutninger i slike komplekse situasjoner.»

Powered by Labrador CMS