Reagerer på Reiseselskap i Okkuperte, Palestinske område
Krev at staten og universiteta droppar reiseoperatør
Fagforeiningar forlangar at staten revurderer avtalen med reisebyrået Egencia, som mellom anna sel reiser til universitets- og høgskuletilsette.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Som Khrono tidlegare har skrive er Egencias morselskap Expedia på ei FN-liste over 112 selskap med aktivitet i israelske busetjingar på okkupert, palestinsk område. Lista vart lagt fram av FNs menneskerettskontor 12. februar.
No reagerer både Norsk tenestemannslag (NTL) og Forskerforbundet.
«(…) det burde ikke være for mye forlangt at selskapene staten handler med opererer i tråd med internasjonal lov og rett og ikke minst menneskerettighetene», skriv NTL i eit brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet».
Egencia har nyleg fått fornya tillit som statens reisebyrå for ein ny periode.
— Vi meiner staten må vere svært bevisst på innkjøpsmakta si, og vi forventar at dei ryddar opp, seier leiar i NTL, Kjersti Barsok.
«Nærmere undersøkelser»
Etter det Khrono erfarte i februar var Egencia blant interessentane i konkurransen om rettane til å selje reiser for dei såkalla BOTT-universiteta, som har ønskt å gå ut av den statlege reiseavtalen. BOTT er eit samarbeid mellom NTNU, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og UiT Noregs arktiske universitet om felles administrative system og verktøy.
Tilbod frå tre operatørar er leverte inn innan fristen 5. mars.
Khrono har vore i kontakt med innkjøpsgruppa ved økonomiseksjonen på NTNU, som har ansvar for forhandlingar med aktuelle reisebyrå. På e-post skriv gruppeleiar for innkjøpsseksjonen, Ina Therese Sørfonden, at «Egencia en av flere potensielle leverandører til å levere tilbud i konkurransen». Ho opplyser samstundes at det «det er naturlig å gjøre nærmere undersøkelser dersom vedkommende leverer tilbud i konkurransen» og at «deltakerne i BOTT-samarbeidet» er opptatt av etisk handel».
Leiar i Universitets- og høgskolerådet (UHR), Dag Rune Olsen, har tidlegare sagt til Khrono at sektoren forventar at selskap ein kjøper tenester frå opererer i tråd med menneskerettar og internasjonal lov og rett.
Til Khrono seier leiar i Forskerforbundet, Guro Elisabeth Lind, at dei sluttar seg til dette.
Saman med NTL, som med sine 50 000 medlemmer er den største fagforeininga i staten, organiserer Forskerforbundet ein stor del av dei tilsette ved universitet og høgskular.
I strid med folkeretten
Noreg og størstedelen av det internasjonale samfunnet meiner okkupasjonen av dei palestinske områda (Vestbreidda, Gazastripa, Golanhøgdene og Aust-Jerusalem) er i strid med folkeretten og til hinder for ei fredsløysing mellom Israel og palestinske styresmakter. Generalforsamlinga i FN og Den internasjonale domstolen i Haag er blant organa som reknar okkupasjonen som lovstridig.
Israelske styresmakter er ueinige, og har fordømt lista over selskap som no er presentert over selskapa som opererer i okkuperte områder og israelske busetjingar.
I tillegg til Expedia, som har forretningsreiseoperatøren Egencia i porteføljen, står fleire andre reiseselskap på lista. Blant desse er Airbnb, Tripadvisor og Booking.com.
NTLs landsmøte vedtok i 2014 ei erklæring med krav om internasjonal boikott av handel og investeringar i dei okkuperte områda. I 2016 gjekk NTLs avdeling ved OsloMet å arbeide for akademisk boikott.
— Viktig med press
— Vi ønskjer ei tostatsløysing, og då er det viktig at det internasjonale samfunnet øver press. Eit bevisst val av reisebyrå er ein måte å gjere det på, seier Kjersti Barsok.
Ein eventuell avtale med Egencia som leverandør av reisetenester for BOTT-universita er ikkje akseptabelt for NTL-leiaren.
— Vi forventar at det ikkje blir inngått ny avtale etter at dette er blitt kjent, seier ho.
Khrono har tidlegare blitt vist til Expedias internasjonale pressekontaktar for kommentarar, men har ikkje fått svar på sine førespurnader.
NTL har så langt ikkje mottatt svar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet på sitt brev som vart sendt 5. mars.