Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det eine av den norske statens to reisebyrå, Egencia, er blant bedriftene som opererer på palestinske, israelsk-okkuperte territorium, ifølgje ei liste lagt fram av FN.
Egencia, som er del av den amerikanske reisegiganten Expedia, er blant dei 112 selskapa med aktivitet i israelske busetjingar på okkupert, palestinske område, ifølgje ei liste frå FNs menneskerettskontor (Human Rights Council) som vart lagd fram 12. februar.
Egencia er i dag eitt av to reisebyrå med kontrakt til å selje reiser til 166.000 norske statstilsette, der universitets- og høgskulesektoren er blant dei største kundane. Sidan 2018 har selskapet selt reiser til kring 140 offentlege verksemder i Noreg.
Nyleg vart det klart at Egencia får fornya tillit som statens reisebyrå for ein ny periode.
Egencia er etter det Khrono erfarer også ein av interessentane i konkurransen for å sikre seg kontrakt med dei såkalla BOTT-universiteta. BOTT er eit samarbeid mellom NTNU, Universitet i Oslo, Universitetet i Bergen og UiT Noregs arktiske universitet om felles administrative system og verktøy. Dei har ønskt å gå ut av den statlege reiseavtalen, og skal i løpet av eit par månader ha eigen leverandør på plass.
Den israelske okkupasjonen av dei palestinske områda (Vestbreidda, Gazastripa, Golanhøgdene og Aust-Jerusalem) er i strid med folkeretten blant andre ifølgje den norske regjeringa.
Noreg og store delar av det internasjonale samfunnet meiner okkupasjonen er i strid med folkeretten og til hinder for ei fredsløysing mellom Israel og palestinske styresmakter. Generalforsamlinga i FN og Den internasjonale domstolen i Haag er blant organa som reknar okkupasjonen som lovstridig.
Israelske styresmakter er ueinige, og har fordømt lista over selskap som no er presentert over selskapa som opererer i busetjingane. Trump-administrasjonen endra politikken i 2019 og seier no at USA ikkje lenger ser på busetjingane som ulovlege. Samstundes er den ulovlege busetjinga av israelske settlarar i områda i stadig utviding. FNs tryggingsråd vedtok seinast i 2016 ein resolusjon som kravde stans i all utbygging og stempla okkupasjonen som lovstridig.
94 av selskapa i den nye rapporten frå FN er heimehøyrande i Israel, 18 er frå andre land, mellom dei Nederland og USA.
I tillegg til Expedia, som har forretningsreiseoperatøren Egencia i porteføljen, står fleire andre reiseselskap på lista. Blant desse er Airbnb, Tripadvisor og Booking.com.
I arbeidet med FN-rapporten og lista over dei 112 bedriftene er det sett som kriterium at selskapet er fysisk representert på okkupert palestinsk territorium, i tillegg til at det har kommersiell gevinst som følgje av bruk av naturressursar.
Leiar i Universitets- og høgskolerådet (UHR), Dag Rune Olsen, som ikkje har vore kjent med Expedia/Egencias kopling til dei okkuperte områda, seier til Khrono at han no vil ta kontakt med Egencia.
— Vi forventar at selskap vi kjøper tenester frå opererer i tråd med menneskerettane og internasjonal lov og rett. Det er uheldig dersom vi støttar opp om selskap som ikkje gjer det, og vi må ta opp ein dialog med leverandøren om dette, seier Olsen.
UHR-leiar Olsen er rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), eitt av BOTT-universiteta som har trekt seg ut av avtalen som statens reisebyrå har for alle verksemder i staten.
Fristen for reisebyrå som vil konkurrere om anbodet som reisebyrå for BOTT-universiteta går ut i desse dagar. Avtalen med Egencia er, etter det Khrono forstår, fortsatt operativ ved Universitetet i Oslo. Det har på grunn av vinterferie ikkje lykkast Khrono å få kommentar frå rektor Svein Stølen ved UiO.
Blant universiteta og høgskulane som står utanfor BOTT-smarbeidet og har avtale med Egencia er Universitetet i Stavanger, Universitetet i Sørøst-Norge, Nord universitet, OsloMet og høgskolane i Volda, Molde og Innlandet.
Kunnskapsdepartementet står også på kundelista til Egencia.
LOs fagforeining, NTL ved OsloMet, vedtok i 2016 å arbeide for full boikott av Israel, også akademisk.
Khrono har vore i kontakt med direktør Carl Wilhelm van Kervel Barth, som seier han ikkje har høve til å kommentere saka på vegner av Egencia. Førespurnaden er send vidare til Expendias internasjonale pressekontakter, som så langt ikkje har svart.
Nylige artikler
Sidetall — et enkelt grep mot KI-fusk
Ei berg- og dalbane å vera stipendiat, seier Lisa
Forskningsetikk: Dette synes forskere er mest uakseptabelt å gjøre
Rektor Olsen tilbake på viddene
Ho veit at det kjem ein ny, vondarta svulst. No har ho tatt doktorgrad
Mest leste artikler
Søknaden ble vraket. Klage ga ny sjanse og tommel opp
Studenter på deltid i et fulltidsstudium
Oppfordrer til sensurnekt
Her er de mest fornøyde lærerstudentene
72 norsk-israelske samarbeid i Horisont Europa. — Det er sjokkerende