Debatt Eline Øverbø Roaldsøy

Studentar har krav på god, forskingsbasert utdanning. Dette må gjelda eksamen òg

Å bli tatt for juks på eksamen kan ha mange årsaker, og dei fleste har lite med moral å gjera, skriv Eline Øverbø Roaldsøy.

Eline Øverbø Roaldsøy er fagpolitisk ansvarleg i Studentorganisasjonen i Agder. Ho meiner at argumentasjonen til Silje Nathalie Luvåsen for bruk av skuleeksamen blir for individualistisk.
Eline Øverbø Roaldsøy er fagpolitisk ansvarleg i Studentorganisasjonen i Agder. Ho meiner at argumentasjonen til Silje Nathalie Luvåsen for bruk av skuleeksamen blir for individualistisk.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Denne hausten har det vore spesielt mykje diskusjon om kor mykje studentar juksar ved eksamen. Tysdag skriv Silje Nathalie Luvåsen i Khrono at dersom studentar juksar ved eksamen er det på grunn av deira dårlege moral, og at dei fortener å bli utestengde frå høgare utdanning på grunn av det. Luvåsen skriv vidare at skuleeksamen er ein god måte å vurdere kunnskap på og at skuleeksamen legg opp til god læring.

Å bli tatt for juks på eksamen kan ha mange årsaker, og dei fleste har lite med moral å gjera. Når mange får endra eksamensform frå det dei er vande med, treng studentane god informasjon om kva som er greitt ved ein heimeeksamen, og kva som ikkje er greitt. Eg trur mange tenkjer at ved heimeeksamen har dei lov til å diskutere med andre studentar, eller søke opp fakta på nett. Ikkje alle underviserar i høgre utdanning har laga eksamen som passar til det nye formatet, og ikkje alle universitet har gitt god nok informasjon som samstundes når ut til alle det gjeld.

Å tillegga medstudentar dårleg moral er ikkje greitt. Det er heller ikkje konstruktivt. Innlegget til Luvåsen er eit svar til eit intervju med professor Arild Raaheim. I intervjuet presenterer Raaheim løysingar for gjennomføring av vurdering når tradisjonell skuleeksamen ikkje er eit alternativ. Alle må tenka nytt no, og då bør universitet og høgskular høyra på dei gode forslaga som kjem. Studentar har framleis krav på eksamensoppgåver med god kvalitet, og ein god eksamen nyttar forma han er i, på best mogleg måte.

Når éin student juksar kan det kanskje seia noko om denne eine studenten. Når mange juksar kan det vera eit symptom på ei større utfordring. Når me ikkje ser skogen for berre trær treng me professorar som Raaheim for å sjå det store biletet.

Eline Øverbø Roaldsøy

Argumentasjonen til Luvåsen for bruk av skuleeksamen blir for individualistisk. Ingen er ueinige i at studentar ikkje skal jukse på eksamen. Når éin student juksar kan det kanskje seia noko om denne eine studenten. Når mange juksar kan det vera eit symptom på ei større utfordring. Når me ikkje ser skogen for berre trær treng me professorar som Raaheim for å sjå det store biletet.

Luvåsen har rett når ho skriv at studentar har ansvar for eiga læring. Det tyder ikkje at universitetet eller høgskulen ikkje har ansvar for at undervisning og vurdering er av så høg kvalitet som mogleg. Som studentar skal me få ei forskingsbasert utdanning som gir oss fagleg tyngde, og som er relevant for arbeid etter avslutta utdanning. Vurdering er ein viktig del av utdanninga, og ved å høyra på Raaheim kan vurderinga vera relevant samstundes som me unngår at eksamen ender med juks.

Det er mange måtar eksamen kan vera relevant på. Luvåsen skriv at skuleeksamen gir liknande stress som ein lærar vil oppleva i undervisning. Eg er sjølv lærarstudent, og eg vil tru at Luvåsen er einig med meg i at lærarjobben ikkje berre skjer inne i eit klasserom. Lærarane vurderer eigen innsats etter timen. Dei diskuterer med kollegaer. Dei les teori og søker på nett for å gjera undervisninga betre neste gong. Det same gjeld for fleire arbeidsgrupper. Dette må eksamen vera med på å spegla. Då kan det ikkje alltid vera juks å snakka med ein medstudent eller sjekka kjelder.


Eit av Luvåsen sine argument mot å bruka alternative vurderingsformer er at ueigna studentar ikkje blir plukka ut. Eg trur ikkje ho treng å frykta det. Det er mange gode og relevante vurderingsformer. Dette semesteret har eg blitt vurdert gjennom praksis, refleksjonsnotat og ein heil haug med arbeidskrav. Den neste månaden har eg heimeeksamen og munnleg eksamen. Kombinasjonen vurderer meg på kor eigna eg er, utvikling over tid, improvisasjon, hukommelse og evna til å finna relevant informasjon.

Variasjon i vurderingsform er ein god ting. Studentar får visa seg frå si beste side, og forma kan bli gjort relevant for framtidig arbeid. Blir det gjort riktig, kan me òg unngå juks. Universiteta og høgskulane i Noreg burde bruka høvet dei har no til å prøva ut nye vurderingsmetodar. Det er kanskje meir arbeid i byrjinga, men løna vil vera betre kvalitet over utdanningane våre over tid.

Powered by Labrador CMS