Debatt Oscar Dos Santos Kvalsvik

Stryk­karakter til Ola Borten Moe

«Statsråden har overtala meg og mine medstudentar om at han ikkje er oppteken av verken studentanes meiningar eller sektorens integritet.»

Det Ola Borten Moe ignorerer er at det mogleg er han som er krisa i sektoren, ikkje NFR eller institusjonane i sektoren, skriv Oscar dos Santos Kvalsvik.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Den 12. mai kom beskjeden om at statsråd Ola Borten Moe kasta styret i Forskingsrådet, og varsla kutt for universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren).

Han skildra uforsvarleg drift av forskingsfinansiering og ein sektor i krise. Det han ignorerer er dei tydelege tilbakemeldingane frå det avgåtte NFR-styret, DFØ og Riksrevisjonen om at finansieringsfloka har ei løysing, utan å kutte i UH-sektorens budsjett.

Det han ignorerer er at det mogleg er han som er krisa i sektoren, ikkje NFR eller institusjonane i sektoren. Det han ignorerer er at med desse kutta vil ein setje i gong ein unødig og kritisk kjedereaksjon for sektoren – hjerneflukt.

Sidan regjeringsskiftet i fjor har Ola Borten Moe vore statsråd for høgare utdanning og forsking. Dette var ei avgjersle han tydeleg ikkje var nøgd med, og om realiteten er annleis er han heller ikkje god til å overtale meg og mine medstudentar at han har eit varmt ynskje for UH-sektorens framtid og framsteg.

Det statsråden har overtala meg og mine medstudentar om er at han ikkje er oppteken av verken studentanes meiningar eller sektorens integritet.

Forskingsrådet er ikkje perfekt, det er faktumet for alle offentlege etatar i Noreg. Likevel er det useriøst å kaste styret til NFR på dagen og statsråden agerer som ein maktgalen fyrste på tokt over forskings-Noreg som berre bidreg til uro.

Eg var oppgitt før den 12. mai, men no er eg forbanna.

Oscar dos Santos Kvalsvik, fag- og forskingsansvarleg ved Studentparlamentet (UiB)

Forsking og utdanning går hand i hand. Dette har eg trudd på sidan eg byrja som kjemistudent ved Universitetet i Bergen i 2019. Å dyrke fram vetelysta hos folk gir store utbyter for samfunnet – dette kan eg som herøyværing sjå til i May-Britt Moser, som i dag er ein av verdas fremste hjerneforskarar.

Hadde ikkje samfunnet satsa på forskarar som May-Britt, hadde eg og hundrevis av studentar aldri byrja på studia vi går no. Det er kritisk for samfunnets framsteg at den frie forskinga ikkje vert ramma.

Å vere student i 2022 er vanskeleg – det er allereie godt dokumentert med våre krav om mellom anna høgare studiestøtte og betre tiltak for psykisk helse. Det siste vi treng er at moglegheitene våre for å satse på kunnskapen vert avkappa før vi greier eingong å danne eit grunnlag å stå på.

Studentar vil truleg leggje merke til kutta på sine studiar:

  • Færre bachelor- og masteroppgåver kan verte tilgjengelege, sidan mange oppgåver kjem frå langvarige forskingsprosjekt som blir påverka av kutta.
  • Færre kandidatstillingar ved institusjonar kan verte utlyste, sidan forskingsprosjekta ikkje har finansieringa til å dekkje kostnadar for ein tre-fire varig stilling.
  • Færre ambisjonar kan verte fremja for unge forskarar som kan bidra enormt mykje til samfunnet, fordi ein har måtte satsa mindre på internasjonal deltaking i forskingsprosjekt som følgje av budsjettkutt.

Og skada er allereie gjort - ein treng ikkje å sjå langt enn på Twitter der forskarar uttrykker frustrasjonen sin over tilskotsstoppet, i prosjekt som skulle påbyrjast. Ein treng ikkje å tenkje lenge før ein innser at om ein kuttar i forskinga, kuttar ein i utdanninga òg.

Eg var oppgitt før den 12. mai, men no er eg forbanna. Statsråden – og Støre-regjeringa – vis tydeleg at dei ikkje satsar på forsking og høgare utdanning. Dei er tydelege på at studentar fortener å vere fattige og stressa. Dei er tydelege på at dei ser på UH-sektoren som ein butikk, ikkje som den ressursen sektoren er for vårt samfunn.

Det er skammeleg, useriøst og lite tillitvekkande. Professor i statsvitenskap, Lise Rakner, spurte i salen under eit føredrag eg deltok i:

«Kor er dei vaksne i alt kaoset?»

Eg har dessverre ikkje eit godt svar fordi no ser eg eit departement drive av ein person som er meir oppteken av personleg vinning og populistisk politikkføring framfor alt anna.

Er det nokon som fortener ein strykkarakter, er det Ola Borten Moe.

Les også:

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS