Dekanval

Stiller til val som dekan sjølv om han rundar 70 i perioden

Sitjande dekan Jan Erik Askildsen (66) ønskjer fire ny år, men vil ikkje svara på kva han tenkjer å gjera når han når pensjonsalder i perioden. — Uryddig, seier motkandidaten.

Jan Erik Askildsen er dekan ved SV-fakultetet, og 66-åringen ønskjer seg fire nye år - sjølv om han i løpet av dei neste fire åra vil fylla 70.
Publisert Oppdatert

Ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet (SV) ved Universitetet i Bergen (UiB) er det kamp om dekanvervet. To lag stiller til val, det eine leia av professor og sitjande dekan Jan Erik Askildsen, det andre av professor Kristin Strømsnes.

Askildsen fyller 70 år hausten 2024, og vil då ha nesten eitt år att av dekanperioden sin dersom han blir attvald.

Aldersgrense for statstilsette er 70 år.

Lov om aldersgrense for statstilsette seier at ein skal gå av ved første månadsskifte etter at ein har fylt 70 - men lova opnar for å gjera unntak.

Sitja perioden ut?

Om Askildsen kjem til å be om å få sitja perioden ut eller ikkje, har vore løfta på debattplass i På Høyden. Der går det føre seg ein livleg debatt knytt til dekanvalet.

— Askildsen, kva er planen din?

— Me stiller som eit team, og stiller til val på at me ønskjer eit framtidsretta fakultet, seier Askildsen.

— Men har du tenkt å søkja om å forlenga perioden, eller skal prodekan Siri Gloppen ta over?

— Det vil eg ta stilling til når den tid kjem. Me stiller som eit team, og prodekan er alltid avløysar, uansett årsak. Alle kan til dømes få ei blomsterpotte i hovudet.

Strømsnes: Bør vita kven ein røystar på

— Uryddig, seier motkandidat Kristin Strømsnes.

— Ein ting er at det ikkje er klart for meg kven som er motkandidat, men eg meiner veljarane bør vita kven det er dei røystar inn.

Askildsen sin prodekankandidat er Siri Gloppen.

Ho er ein av professorane som har bytta institutt frå Institutt frå samanliknande politikk til Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, og har òg vore tydeleg på at ho ønskjer ei samanslåing av dei to statsvitskapelege fakulteta.

Motkandidat Strømsnes har vore tydeleg på at ho ikkje ønskjer ei samanslåing. Ho er professor ved Institutt for samanliknande politikk.

Valet handlar ikkje om samanslåing

— Kor viktig er samanslåingssaka i dekanvalet?

— Det er eit godt spørsmål. Det er nok ein del av diskusjonen, men det har vore lite diskutert på valmøta. Vårt dekanlag er for heile fakultetet og seier i plattforma vår ikkje noko om samanslåing, me ventar på den utgreiinga som no skal gjerast, og seier at me vil lytta til fagmiljøa, seier Askildsen.

— Valet handlar ikkje om den saka. Nokon har prøvd å hekta mitt team på henne, men det er det andre teamet som verkeleg er oppi dette - både dekan- og prodekankandidaten. Dei to andre på mitt team har verkeleg ingenting med dette å gjera, seier Strømsnes.

Ho seier at saka likevel har gjort henne meir motivert for å stilla til val.

— Ikkje på grunn av saka i seg sjølv, men fordi eg synest det har vore ein dårleg prosess som har vist kva som ikkje fungerer ved fakultetet.

— Når bestemte du deg for å stilla til val?

— Det er ikkje veldig langt tilbake i tid, men i byrjinga av mars hadde eg vel bestemt meg.

— Askildsen, når bestemte du deg for å stilla til val for ein periode til?

— Det er ikkje så unaturleg at ein stiller til ein andre periode. Det er noko eg har tenkt på i løpet av det siste året.

Kristin Strømsnes stiller som dekankandidat. Ho seier at saka om samaslåinga av to institutt mobiliserte henne til å stilla til val.

Har ikkje søkt

Det var Gunnar Grendstad, professor ved Institutt for samanliknande politikk, som i På Høyden tok opp at Askildsen bør klargjera kva som er planen for den neste fireårsperioden. Han viser til at dette har vore tema på eit valmøte.

HR-direktør Sonja Dyrkorn ved Universitetet i Bergen seier at det har vore nokre tilfelle der tilsette har fått forlenga stillinga si utover fylte 70. Dette skjer etter søknad, og søknadane vert individuelt vurdert.

— Har UiB-leiinga allereie diskutert dette no i saka på Det samfunnsvitskapelege fakultetet?

— Nei, Askildsen har ikkje søkt, og det har ikkje vore gjort noka vurdering.

Jussprofessor: Ryddig å informera

Som Khrono har skrive, har både Det humanistiske fakultetet og Det psykologiske fakultetet vald dekanar. Det same har Det juridiske fakultetet gjort, og her går Karl Harald Søvig inn i sin andre periode frå august. Jussprofessor Søvig sat òg i utvalet som kom med forslag til endringar i universitets- og høgskulelova.

— UH-lova utelukkar ikkje at ein kan stilla til val sjølv om ein fyller 70 i løpet av perioden. UiB sitt valreglement seier heller ikkje noko om dette, seier Søvig.

Han seier at saka har tre utfall: Anten vert aldersgrensa i Staten auka til 72 år, slik det er føreslege. Alternativ to er at Askildsen søkjer om å få halda fram etter fylte 70, og alternativ tre er at han gir seg.

— Sidan det då er mindre enn eitt år att av perioden, kan prodekan ta over, seier Søvig.

Han legg til:

— Det ville vore ryddig å allereie no gjera greie for kva ein tenkjer om dette. Men sidan dekanvalet no er i gang, får denne diskusjonen venta til etter valet.

Digitalt val

Kristin Strømsnes stiller til val saman med prodekankandidat Asbjørn Grønstad. Han er professor ved Institutt for informasjon- og medievitskap. Visedekankandidat er Frode Meland, professor i økonomi.

Askildsen og Gloppen har Kristine Jørgensen, professor i medievitskap, som visedekandandidat.

Valet er digitalt, og vert avslutta tysdag 25.mai.

Powered by Labrador CMS