institutt-konflikt
Tilsette ønskjer å byta institutt etter krangel
Fem professorar ved Universitetet i Bergen ber om å få flytta frå Institutt for samanliknande politikk til Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. Bakgrunnen er konflikt om samanslåing av dei to institutta.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fem professorar frå Institutt for samanliknande politikk (sampol) ved Universitetet i Bergen (UiB) har bede om å få byta institutt, til Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap (admorg).
Dette skjer etter at det har vore ei konflikt knytt til samanslåing av dei to institutta. Som Khrono har skrive, er det eit fleirtal av dei vitskapeleg tilsette ved sampol som ikkje ønskjer ei samanslåing. Ved admorg er stemninga meir avventande. Fakultetsleiinga ønskjer samanslåing, og no er det ein prosess på gang, der ei arbeidsgruppe skal vurdera meir samarbeid, og der samanslåing skal vera eitt av temaa.
Støtte frå leiinga
BLI VARSLET
OM SISTE NYTT
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Men også i sampol-miljøet er det tilsette som ønskjer ei samanslåing. Blant desse er professorane Ragnhild Muriaas og Elisabeth Ivarsflaten, som begge har fått eit ERC-stipend - og som no ber om å få flytta. Siri Gloppen leiar Centre on Law & Social transformation, og ho har også bede om å få byta arbeidsstad. Det same har professorane Lise Rakner, som no leiar arbeidsgruppa som skal sjå på samarbeid, og Anne Lise Fimreite. Fimreite var tidlegare tilsett ved nettopp admorg.
— Desse fem har uttrykt ønske om å få flytta. Fakultetsleiinga støttar dette, men saka må opp i fakultetsstyret, seier dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet, Jan Erik Askildsen.
Fakultetsstyret vart orientert om saka onsdag 24.mars, og saka om flytting skal handsamast på første ordinære møte 20.april.
I orienteringa heiter det at dei fem professorane meiner at eit skifte av arbeidsmiljø vil verka positivt på deira moglegheit til å kunne trivast og for å kunne gjennomføra forskinga og undervisninga si på ein god måte. Det heiter òg at i tillegg til instituttleiarane ved dei to institutta har vorte kontakta, har òg hovudverneombod ved fakultetet vore orientert.
«Fakultetsledelsen anerkjenner at dette er en krevende situasjon spesielt for de fem det gjelder og for Institutt for sammenliknende politikk som mister fem av sine ansatte. Vi er takknemlige for at instituttledelsen ved Institutt for sammenliknende politikk har understreket at de ønsker å opprettholde et godt samarbeid med de som forlater instituttet og vil bistå som best de kan i overgangsprosessen», heiter det.
Gler seg til å gå vidare
Professor Elisabeth Ivarsflaten fortel at utfordringane med arbeidsmiljøet på sampol er strukturelle og samansette og strekkjer seg langt tilbake i tid.
— Diskusjonen om samanslåing av institutta var ikkje årsaka til desse problema, men kunne vore ei moglegheit til å løysa opp i dei om ein hadde gått inn i diskusjonen på ein annan måte. Slik det utvikla seg vart situasjonen heilt fastlåst, og eg hadde til slutt ikkje lenger tillit til at han let seg løyse, seier Ivarsflaten.
Ho seier at det var naudsynt at fakultetsleiinga tok tak i samarbeidsproblema.
— Det er trist at det vart slik, men eg har tru på at me no har ei løysing som alle kan leva med. Me har vorte ønska varmt velkommen av komande kollegaer på admorg. Eg gler meg no til å gå vidare, seier Ivarsflaten til Khrono.
Ho understrekar at ho ikkje klandrar enkeltpersonar eller grupper ved sampol for situasjonen som har oppstått.
Instituttleiar Jan Oskar Engene skriv i ein epost til Khrono at det er trist og eit stort tap for insitutet å mista gode og høgt verdsette kollegaer.
— Det er eit stort fagleg tap for instituttet. Me er òg triste over at situasjonen har vorte som han er. Instituttleiinga ønskjer å halda oppe eit godt samarbeid med dei som forlet oss og vil bistå som best me kan i overgangsprosessen, seier Engene.
Ønsker roleg og sakleg debatt
Dekan Askildsen seier at professorane argumenterer med at dei vil få høve til å jobba med både forsking og utdanning på ein god måte, og med senter og ERC-løyvingar, dersom dei får byta institutt.
— Kan ein berre byta instititutt på denne måten?
— Det er ei arbeidskontrakt mellom UiB og kvar einskild tilsett, så dette er noko ein må verta samde om, seier Askildsen.
— Kva tenkjer du som dekan om dei konfliktene som no er ved dei to institutta?
— Eg har stor respekt for at det er ein debatt. Men mitt ønske er at uansett om det vert instituttsamanslåing eller ikkje, noko ein for tida greier ut, så skal ein kunne diskutera roleg og sakleg.
Instituttleiar Engene seier at det som no skjer, set prosessen med struktur og samarbeid i eit nytt og underleg lys.
— Eg trur det mange lurer på no, er nettopp kva som skjer med denne prosessen.