Debatt Elizabeth Lanza og Unn Røyneland

Sterke forskingsmiljø tar lang tid å bygge opp og kort tid å rive ned

Det er særs uheldig for forskinga på språkvitskap at det ikkje er midlar eller politisk vilje til å finansiere eit slikt framifrå senter, skriv Elizabeth Lanza og Unn Røyneland.

Eitt av dei to sentra som ikkje fekk finansiering er eit humaniora prosjekt, og berre to av dei ni sentra som fekk finansiering, er knytt til humaniora eller samfunnsvitskapane, skriv Unn Røyneland og Elizabeth Lanza.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

For ein dryg månad sidan vart det kjent kva for leiande forskingsmiljø i Noreg som får finansiering frå Forskingsrådet som Senter for framifrå forsking (SFF) dei neste ti åra. Etter ein omfattande evalueringsprosess som har tatt nærmare to år og som har involvert vurderingar av internasjonale toppforskarar i både generalistpanel og ekspertpanel, vart 11 av opphavleg 161 søkarar innstilte til å få status som SFF. Det siste internasjonale panelet meinte at desse 11 har stort potensial for å kunne oppnå banebrytande, verdsleiande forsking innanfor sine felt. Det er dette som er målet for SFF-ordninga.

Som resultat av den økonomiske situasjonen i Forskingsrådet vart det likevel vedtatt av settestyret i Norsk forskningsråd (NFR) at SFF-tildelinga skulle kuttast slik at berre 9 av dei 11 faktisk får finansiering. Dei to søknadane som dermed blir snytt for finansiering, er Centre for Arctic Climate Transitions (ACT) ved UiO og Center for Language, Brain and Learning (C-LaBL) ved UiT/NTNU. Settestyret har sjølv uttalt at dette er svært uheldig.

Som noverande og tidlegare leiar av eit SFF, MultiLing, Senter for fleirspråklegheit (SFF-III), meiner vi at kritikken kan uttrykkast ein god del sterkare. I det følgande vil vi utdjupe kvifor.

«Grunnforskning kan ikke settes på vent» var bodskapen i ein artikkel i Aftenposten som 43 tidlegare og noverande senterleiarar sto bak. Det tek tid å byggje opp sterke, konkurransedyktige miljø og begge dei to søknadane som ikkje fekk senterstatus, oppnådde toppkarakterar i den internasjonale ekspertvurderinga. Dei vart begge vurderte til å vere leiande på sine forskingsfelt.

I ein artikkel i Khrono peiker søkarane bak ACT-søknaden (Dag O. Hessen, Andreas Kääb og Trude Storelvmo) på at vedtaket om å kutte ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til det store og omhyggelege arbeidet som ligger bak ein slik søknad. Dei argumenterer vidare for kor viktig det er å satse på det som er forskingsfokuset for ACT-søknaden nett no – og ikkje ved neste utlysing om (kanskje) fem år. Søkarane bak C-LaBL (Marit Westergaard og Terje Lohndal) har også uttrykt at SFF-ordninga burde vore skåna for kutt. Dette vil vi seie oss heilt samde i av følgande grunnar:

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play
  • SFF-ordninga har vore ein stor suksess. Den har bidratt til å heve kvaliteten, synleggjere og internasjonalisere norsk forsking, og til å sette forskinga vår på verdskartet. Ein internasjonal komité som var sett ned av NFR for å evaluere SFF-ordninga, konkluderte i 2020 med at SFF-ordninga har «fremmet vitenskapelig kvalitet i toppklasse og hatt svært positiv effekt for det norske forskningssystemet».
  • Framifrå forskingsmiljø ved universiteta er svært sårbare, med mange midlertidig tilsette. Ei utsetting av store forskingstildelingar vil difor innebere at mange unge lovande forskarar blir borte frå norsk akademia. Den grunnleggande, nysgjerrigheitsdrivne forskinga kan ikkje settast på vent og det er særleg viktig at unge talent vert beskytta.
  • Det finst få – og for humaniora ingen – andre moglegheiter for å finansiere eit grunnforskingssenter. Eitt av dei to sentra som ikkje fekk finansiering er eit humaniora prosjekt, og berre to av dei ni sentra som fekk finansiering, er knytt til humaniora eller samfunnsvitskapane.
  • SFF vert berre lyste ut kvart femte år. Kutta til NFR ser berre ut til å gjelde for 2022/2023. Dette er tilfeldigvis og uheldigvis nettopp det året NFR skulle tildele nye SFF. Det tyder at konsekvensane for SFF-ordninga blir mykje større enn for andre program.
  • Det er eit stort tap for Noreg som forskingsnasjon om desse framifrå sentra ikkje blir realiserte.

Vi vil utdjup synet vårt ved å sjå nærare på C-LaBL: Som tidlegare og noverande leiarar for MultiLing har vi på nært hald følgt med på korleis dette forskingsmiljøet ved Universitetet i Tromsø (UiT) og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) har utvikla seg til å bli eit svært sterkt miljø med mange lovande forskarar og eit stort internasjonalt nettverk. Gruppa har i løpet av dei siste åtte åra klart å skaffe eksterne og interne forskingsmidlar for å kunne bygge seg opp og dermed kome i posisjon til å kunne etablere eit Senter for framifrå forsking.

C-LaBL er eit radikalt nyskapande prosjekt innanfor språkvitskapen, som kombinerer lingvistikk og fleirspråklegheitsforsking med både nevrovitskap og læringsteori. Dei spør til dømes: Korleis påverkar språk kvarandre når dei eksisterer side om side i same hovud, kva skjer i hjernen til fleirspråklege gjennom livet, og korleis kan ein best legge til rette for læring av fleire språk? Dette er viktige spørsmål i ei verd med stor mobilitet, der det har vorte normalt å lære fleire språk på ulike stadium i livet.

C-LaBL har potensial til å bli eit nytt internasjonalt kraftsenter for forsking på fleirspråklegheit og utfylle den internasjonalt anerkjente forskinga som MultiLing har fått fram gjennom sine ti år som SFF. Trass i den noverande finansieringa til C-LaBL er det overhengande fare for at miljøet forvitrar utan senterfinansiering. Noverande finansiering er kortsiktig og alternative høve for finansiering nærmast ikkje-eksisterande, spesielt for humaniora.

Det er etter vårt syn særs uheldig for den viktige forskinga på språkvitskap generelt og fleirspråklegheit spesielt at det ikkje er midlar eller politisk vilje til å finansiere eit slikt framifrå senter. Det er likevel vårt håp at ein framleis kan finne finansiering for dei to framifrå prosjekta, slik som ein opplevde ved tildeling av midlar til Fellesløftet i fjor haust.

Powered by Labrador CMS