forskingsrådet

39 prosjekt fekk til slutt midlar frå Fellesløftet

Forskingsrådet har flytta på pengar, og den såkalla fripro-potten vert ikkje rørt.

Mari Sundli Tveit var tidlegare sjølv universitetsrektor. No er ho leiar i Forskingsrådet, og har vore kritisk til manglande pengar til Fellesløftet. Her saman med UiO-rektor Svein Stølen, som leiar universitetet som hentar heim midlar til flest fellesløftprosjekt.

Forskingsrådet har omprioritert internt på budsjettet sitt og 39 prosjekt har - noko forseinka - fått støtte i det såkalla Fellesløftet - der Kunnskapsdepartementet ikkje ville finansiere 500 millionar kroner i år.

Pengane er flytta frå følgjande postar: Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi, Norsk senter for molekylærmedisin, utgåande stipendordning, optimaliseringsmidlar for framifrå forsking og optimaliseringsmidlar for humaniora.

Ikkje på statsbudsjettet

Forskningsrådet fekk ikkje dei 500 millionane dei hadde rekna med til den siste Fellesløft-utlysinga. Tildeling frå potten, der institusjonane sjølve bidreg med halvparten, låg ikkje inne i forslaget til statsbudsjett for 2022. Pengane vart heller ikkje lagt til då budsjettet vart drøfta og vedteke i Stortinget.

Forskingsrådet må finna pengar sjølv, innanfor den potten dei allereie har fått, var den klare beskjeden frå forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i fjor haust. Men pengar skulle det verta, lova han.

— Det som er heilt sikkert, er at dei forskarane som skulle fått pengar tildelt i denne runden av Fellesløftet vil få det, sa Borten Moe i slutten av november.

174 søknader

— Ein slik plan sikrar finansiering over heile den aktuelle perioden, og innanfor eksisterande framtidige budsjettrammer og påverkar ikkje aktivitetsnivået på fripro (fri prosjektstøtte, journ.anm.), heiter det i saksframstillinga til Forskingsrådet sitt styremøte i desember i fjor.

Det heiter òg at basisløyvingane til Sars-senteret i Bergen og finansieringa av Norsk senter for molekylærmedisin er ordningar som skal verta avslutta i 2022 og 2024.

Forskingsrådet sin del av finansieringskaka er 440 millionar kroner.

Forskingsrådet skriv på eigne nettsider at universiteta har prioritert mellom eigne kvalifiserte søknader og har hatt moglegheit til å auka bidraget sitt til Fellesløftet for at ein kunne innvilga fleire søknader. Dei andre institusjonane fekk tilbod om å samfinansiera dei søknadane som var kvalifiserte.

Totalt vart det behandla 174 søknader. Når 39 til slutt fekk midlar, gir dette ein prosentdel innvilga søknader på 22,3.

I tillegg har tre prosjekt knytt til utlysinga klima- og polarforsking, med tema klima og jordsystemet fått midlar.

Flest til UiO

Universitetet i Oslo (UiO) 12

NTNU 7

Universitetet i Bergen (UiB) 5

Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) 3

Universitetet i Stavanger (UiS) 2

UiT Noregs arktiske universitet (UiT) 2

Norsk institutt for bioøkonomi 2

Nord universitet 1

Universitetet i Agder (UiA) 1

Noregs handelshøgskole 1

Høgskulen på Vestlandet 1

Havforskingsinstituttet 1

Sunnaas sykehus 1

Ei liste over alle prosjekta finst her.

Fordelinga av Fellesløftet-pengane er basert på fordeling av fri prosjektstøtte (fripro) dei siste åra. Institusjonane må òg prioritera mellom eigne prosjekt.

Universitetet i Bergen har allereie laga ei liste på eigne nettsider over dei som fått midlar frå Fellesløftet.

Der seier rektor Margareth Hagen at ho er glad for at Fellesløftet kunne realiserast også i eit år med stramme budsjett.

Både rektorar og Universitets- og høgskulerådet (UHR) var kritiske til at det ikkje låg midlar inne i statsbudsjettet for 2022.

— Fellesløftet fremjar forskingsinitierte problemstillingar, og er difor ein viktig del av Forskingsrådet sine utlysingar, seier Hagen.

Powered by Labrador CMS