Universitetet i Bergen

Stemte ned forslag om komité for å leite etter rektor­kandidatar. — For seint

Sitjande rektor har ingen konkurrentar til det komande rektorvalet. Men styret ved Universitetet i Bergen ville ikkje opprette komité for å leite etter kandidatar.

Inga Berre ønskte å få styret med på å opprette tiltak for finne kandidatar til det komande rektorvalet. Sitjande rektor melde onsdag at ho stilller, men har ingen motkandidatar.
Publisert Sist oppdatert

— Det blir som at ein idrettsutøvar skal delta i VM året etter, og enno ikkje har begynt å trene.

Det var styremedlem Steinar Vagstads oppsummering i diskusjonen i styret ved Universitetet i Bergen (UiB). Spørsmålet var om dei skulle opprette ein leitekomité for å finne aktuelle kandidatar til rektorvalet våren 2025.

Vagstad meinte at forslaget kom for tett opp til rektorvalet og for «bardust».

— Dei som går rundt med ein rektor i magen er for seint ute, sa han.

Torsdag morgon melde sitjande rektor, Margareth Hagen, at ho ønskjer seg nye fire år på toppen. Så langt har ingen andre ytra interesse for å konkurrere om vervet.

Hagen gjorde det også klart at det ikkje var aktuelt for henne å drive valkamp, fordi «det er mye viktig og godt arbeid å konsentrere seg om i høst». Ho ville heller ikkje kommentere sitt kandidatur utover dette.

— Skape engasjement

Forslaget om å etablere ein søke- eller leitekomité vart sett fram av styrerepresentant for dei vitskapeleg tilsette, Inga Berre.

— Eg er opptatt av at vi skaper interesse og engasjement for universitetsdemokratiet, og eg trur at det å opprette ein slik komité kan bidra til nettopp det. Komiteen bør oppmode studentar og tilsette om å foreslå kandidatar, og skal utover det ikkje skal ha myndigheit, sa Berre.

Ho la til at det ikkje vil vere i strid med valreglementet å opprette komitéen.

Forslaget er også blitt sett fram i Khrono av tidlegare styremedlem og stipendiat, Gard Aasmund Skulstad Johnson. Han fryktar at den demokratiske ordninga med valt rektor vil miste legitimitet og forvitre, dersom ein ikkje set i verk tiltak for å sikre deltaking og reelle rektorval.

Dette var også argumentet Inga Berre la vekt på: Bekymring for at rektorvalet skal ende som eit liksomval, og at ordninga med demokratisk val til slutt blir umogleg å forsvare.

— Eg synest ikkje vi skal lage prosessuelle hindringar som ikkje er der. Dette er ikkje ein stor prinsippdiskusjon. Det handlar om å backe opp leiarmodellen vi har valt, og sikre den for framtida.

Men prosess og formalitetar var nettopp det motstandarane av komiteen la vekt på.

— Kva skal ein gjødsle?

Universitetsdirektør Tore Tungodden viste til at tiltaket ville måtte medføre endringar i valreglementet ved UiB. Han gav uttrykk for at det ville vere uheldig å gjere «prinsipielle endringar i eit valreglement så kort tid før eit val».

Det kunne, meinte han, bli oppfatta som at ein «grip inn i eit val». Han la også til at komiteen som var i arbeid ved førre val, ikkje klarte å finne nye kandidatar.

Tungodden fekk umiddelbar støtte for sine synspunkt frå eksternt styremedlem Morten E. Iversen, som også hadde nokre spørsmål.

— Dersom folk er fornøgde, dukkar det ikkje opp motkandidatar spesielt lett, meinte Jørgen Melve.

— Det overordna føremålet med å gjødsle universitetsdemokratiet er bra. Men kva skal eigentleg komitéen gjere? Sett frå perspektivet til det private næringsliv, så lurer eg på i kva situasjonar det er ein skal gjødsle, og kvar ein skal gjødsle. Korleis skal ein gjennomføre dette utan at det blir politisert? 

Jørgen Melve, som representerer dei teknisk/administrativt tilsette, meinte det var grunn til å stille spørsmål om det i det heile var grunnlag for fleire kandidatar til valet.

— Det er utfordringa med val. Dersom folk er fornøgde, dukkar det ikkje opp motkandidatar spesielt lett, sa Melve.

Eksternt styremedlem, Herlof Nilssen, delte «utgangspunktet for engasjementet». Men også hans vurdering var det er for seint og for kort tid fram til valet.

— Så kort tid før valet er det ikkje bra å dra dette i gang. Sett frå utsida kan det verke som vi leitar etter alternativ til ein sitjande rektor fordi styret er misfornøgd. Det ville vere forferdeleg om det skulle bli ettermælet for oss i denne saka her.

Studentrepresentant Victor Rovira Botnevik var bekymra for heilt andre effektar:

— Dersom vi kvart åttande år skal ha val med éin kandidat, kva slags rektorval har vi då? Eg forstår at vi må gjere jobben riktig, men eg trur vi alle ønsker eit levande universitetsdemokrati.

Botnevik var ein av dei fire som stemte for forslaget, som fall mot seks stemmer. 

Rektorvalet går normalt av stabelen i mars eller april. 

— Ingen formelle hindringar

Ifølgje leiar av Det sentrale valstyret ved UiB, jussprofessor Eirik Holmøyvik, ville det vere fullt mogleg for UiB-styret å opprette ein komité for å søke etter kandidatar. Han er einig i at det ideelt sett skulle ha blitt greia ut og etablert tidlegare.

— Men det er ingen formelle hindringar i vegen for å gjere det no, seier han til Khrono.

Professor Juridisk fakultet, Eirik Holmøyvik, er leiar av valstyret ved UiB, som har ansvaret for å sørge for at rektorvalet går rett for seg.

Holmøyvik meiner det kan vere gode grunnar til å opprette ein leitekomité, og viser til at Universitetet i Oslo har dette som ei regelfesta ordning ved rektorvala. I 2021 var han ein av dei som åtvara mot å opprette komité i Bergen, men han meiner situasjonen då var annleis.

— Den gongen var situasjonen at det var kjent at det var to kandidatar truleg ville stille til val. Slik er det ikkje i dag.

— Om eg skal uttale meg som jussprofessor, vil eg seie det er på tide å bestemme seg. Ein kan ikkje ha denne diskusjonen kvar gong. Eg meiner derfor det bør lagast ei sak etter valet som tar opp spørsmålet om det skal etablerast ein regelfesta søkekomité.

Retting 12.9.2024, kl. 2046: I saka stod det først at forslaget berre fekk to stemmer. Det rette skal vere at forslaget fall med fire mot seks stemmer. 

Powered by Labrador CMS