Ukraina

Statsministerens løfte til Olena og Volodomyr

Universitet og skular blir bomba til grus, Ukrainas framtid står på spel. — Det viktigaste er å ikkje stille seg likegyldig, seier ukrainske studentar i Bergen.

Statsminister Jonas Gahr Støre i Bergen fredag, omringa av presse og flankert av dei ukrainske studentene Olena Mordas og Volodomyr Ilkiv .

— Unge menneske som er blitt drepne, enten i skyttargravene, eller fordi dei var på feil stad til feil tid. Det er kanskje det som gjer aller sterkast inntrykk på meg, sa statsminister Jonas Gahr Støre.

Universitetet i Bergen (UiB) mønstra til storstilt markering på eittårsdagen for den russiske invasjonen i Ukraina fredag. Med eitt breitt program vart det mellom anna sett fokus på korleis dokumentasjon, rettferd og rettslege oppgjer kan sikrast i kjølvatnet av dei mange krigsbrotsverka.

Sterkast inntrykk, i alle fall på statsministeren, gjorde likevel dei unge studentane: Både dei som ikkje er meir, og som er blitt offer for Russlands brutale krigføring — og dei som stilte på scenen som levande håp for Ukrainas framtid.

Ubrukte vitnemål

Ukrainas forskings- og utdanningssystem langt på veg lamma av krigen, eller lagt i grus. Støre lovar at Noreg skal bidra til å bygge opp igjen, når den tid kjem.

På veg inn til aulaen der konferansen vart avvikla, hang den enkle, men svært verknadsfulle utstillinga som ukrainske studentar i Bergen har laga: «Unissued diploma», ikkje utlevert vitnemål.

«An intelligent, easy-going, and energetic girl». Lidiia (17) fekk aldri vitnemålet. Frå utstilling ved UiB.

Vitnemåla på veggen var utstyrt med enkle portrettfoto av unge menneske, studentar med draumar håp og framtid, i nesten omgang borte, offer for russiske kuler og rakettar.

Kampen

24. februar 2022 vakna Volodomyr Ilkiv opp tidleg på morgonen. Det første han gjorde var å plukke opp telefonen og ringe familie og venner ulike stader i Ukraina.

— Brørne mine i Kyiv fortalde at bomber fall rett i nærleiken. Venner fortalde om russiske styrkar som hadde overteke den lokale flyplassen. Det var ein kjensle av panikk. Men etter nokre veker endra den kjensla seg til ein kampvilje.

Nøyaktig eitt år seinare stod Ilkiv opp i Noreg og Bergen for å delta i årsmarkering av invitasjonen, i samtalen med den norske statsministeren og universitetsrektorar.

På scenen var Ilkiv saman med Olena Mordas, som var student i Kyiv fram til ein månad før invasjonen, då også ho reiste til Bergen for å studere. Her skulle dei etter planen vere eit halvt år. Slik blei det ikkje.

— Vi rakk ein månad med normalt studentliv, få nye venner, bli kjent med denne vakre byen, fortel ho til Khrono.

Deretter har det vore eit år utanfor heimlandet, med indre og ytre kamp — for å støtte dei heime som står i missilregnet, på slagmarka — og ikkje minst for å hente støtte til Ukraina frå alle dei møter.

Denne dagen var det altså statsministeren i Norge.

Mange fleire ukrainske studentar er komne til, ikkje på utveksling, men som flyktningar. Saman har dei danna ei ukrainsk studentforeining, som no er ein av spydspissane i universitetsmiljøet i kampen for frigjeringa av Ukraina.

— Ingen kan spå

Frå talarstolen og i samtalar med studentane lova Støre full støtte, i form av meir våpenstøtte til landet. I talen sin tok han også opp det langsiktige bistandsprogrammet regjeringa legg opp til, med 75 milliardar kroners innsats årleg i fem år framover.

Statsminister Jonas Gahr Støre i Bergen flankert av dei ukrainske studentene Olena Mordas og Volodomyr Ilkiv 24. februar 2023.
Møtet med Olena Mordas og Volodomyr Ilkiv gjorde sterkt inntrykk på statsministeren, som forsikra om at Noreg vil hjelpe ukrainske studentar og utdanningsinstitusjonar.

Kor lenge krigen faktisk vil vare og korleis han vil utvikle seg er det ingen til del å svare på, ikkje statsministrar, og heller ikkje dei skarpaste hjernane på universiteta.

— Ingen har skriptet på ein krig. Krigen følgjer ingen plan. Sanninga er det første offeret. Og ingen kan spå utfallet, når og korleis den vil ende. Då må vi ikkje gjere den feilen, at vi står på eit universitet og prøver å fortelje korleis krigen skal slutte. Det som skjer i dag er ei motstandskamp, og dei som står i denne motstandskampen fortener vår støtte. Dei som går til ro mot slutten av dagen, og må frykte at eit missilangrep skal ramme dei i løpet av natta, sa Støre frå talarstolen.

«Gi oss våpen»

Rektor ved UiB, Margareth Hagen, formidla også det sterke engasjementet for Ukraina, og delte minnet om sitt første møte med ein ukrainsk student i Bergen. Ho ramsa opp alt institusjonen ønskte å stille opp med. Praktisk hjelp, lege, bustad. Deretter spurde ho den kvinnelege studenten kva ho tenkte. Svaret kom overraskande den gongen, rett etter at invasjonen var blitt ein realitet:

«Du vil gi oss psykolog. Gi oss våpen!».

— Eg skal innrømme at det var ei sjokkerande ytring for meg der og då, sa Hagen.

Både Olena Mordas og Volodomyr Ilkiv kjem frå ein forstad til Kyiv. Der er det meste av familiane deira framleis. Brørne til Volodomyr Ilkiv er begge journalistar, faren underviser på universitetet.

— Utan elektrisitet er både kvardagslivet og undervisninga vanskeleg. Brørne mine jobbar for å nå ut med informasjon både nasjonalt og internasjonalt, så godt dei greier. Det er eit veldig viktig arbeid no. Og det er eit veldig farleg arbeid. Mange journalistar, ikkje berre ukrainske, er blitt drepne av russiske styrkar i løpet av krigen, seier Ilkiv.

Ikkje meir Russland

Fram til angrepet på Ukraina var Russland eitt av Noregs prioriterte hovudsamarbeidsland for forsking og utdanning utanfor EØS. I tråd med internasjonale sanksjonar vart alt institusjonelt forskings- og utdanningssamarbeid med Russland lagt på is — med eitt unntak: forskings- og forvaltningssamarbeidet mellom Havforskingsinstituttet og russiske havforskarar om ressursforvaltninga i Barentshavet.

Dr. Ihor Zhovkva, nestleiar ved presidentkontoret i Kyiv, var direkte inne i aulaen fredag.

Barentshavet er også eit av dei viktigaste barometera for dei globale klimaendringane. I Khrono uttalte nyleg direktør i Polarinstituttet, Ole Arve Misund, at «det er en isfront, men forholdet er ikke knust. Samarbeidet kan nok reetableres dersom situasjonen skulle bli annerledes».

Ifølgje Jonas Gahr Støre er det lite sannsynleg at det vil skje i overskodeleg framtid, verken for klima- og miljøforskinga i Barents-regionen, eller andre forskingsfelt.

— Det har vi ikkje vurdert til no. Vi ser at ved alle lærestader er omfanget av samarbeid og akademisk kontakt på eit minimum.

— Er det mogleg å sjå for seg at samarbeid med Russland innan forsking og utdanning skal takast opp igjen i noko omfang i overskodeleg framtid?

— Nei, ikkje på kort sikt.

Det viktigaste

På årsdagen for invasjonen, som Støre karakteriserte som ein «imperialistisk, fullskala erobringskrig», var det offeret, Ukraina det framfor alt handla om.

Olena Mordas og Volodomyr Ilkiv skal eigentleg ha eksamen til våren. Det er ein mikroskopisk test, sett opp mot det dei to studentane i den ukrainske studentforeininga i Bergen står i til dagleg.

— Vi oppmodar alle både norske og internasjonale studentar til å gjere det dei kan. Kom gjerne på arrangementa våre, prøv å få meir kunnskap om det som hender, seier Mordas.

— Kva er det aller viktigaste?

— At ein ikkje stiller seg likegyldig.

Powered by Labrador CMS