krigen i ukraina

Har ikkje fylt studie­plassane, men desse fire studerer norsk i Stavanger

Dei tusen studieplassane som vart oppretta for ukrainske flyktningar er ikkje fylt opp. Men ved Universitetet i Stavanger går nær 50 ukrainarar som vil kvalifisera seg for vidare studium i Noreg.

Bildet viser fire ukrainske studenter i en trapp ved UiS. : Karyna Kholodar, Anastasiia Yelistratova, Yuliia Kuzmych og Anastasiia Akhizarova
Karyna Kholodar har studert matematikk i heimlandet Ukraina, Anastasiia Yelistratova kinesisk, Yuliia Kuzmych informatikk og Anastasiia Akhizarova pedagogikk. No studerer dei norsk språk og kultur ved Universitetet i Stavanger, og planen er å kvalifisera seg for å kunne ta høgare utdanning på norsk.
Publisert Oppdatert

— Eg har studert kinesisk språk. Eg trur norsk er enklare, seier Anastasiia Yelistratova.

Ho er ein av 48 ukrainarar som studerer norsk språk og kultur ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Målet for Yelistratova og dei andre studentane er først å nå det som vert kalla B1-nivå. Meistrar ein det, kan ein klara seg godt i dagleglivet på norsk. Men for å kunne studera ordinære fag ved norske universitet, må ein meistra norsk på eit endå høgare nivå, B2.

— Eg har studert pedagogikk og kan jobba som lærar for dei yngste elevane. Men for å kunne jobba som lærar i Noreg må eg først læra norsk betre. I tillegg må eg kanskje studera meir pedagogikk, seier Anastasiia Akhizarova.

Litt færre enn i fjor haust

I fjor vår var forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kjapt på bana: Det skulle gå fort for ukrainarar å få godkjent utdanninga si når dei kom til Noreg, og det skulle verta oppretta studieplassar for denne gruppa. Som Khrono har skrive før, vart det oppretta tusen studieplassar som vart fordelte på utdanningsinstitusjonar i heile Noreg.

I haust var berre 531 av desse studieplassane fylte. Det var ein stor auke samanlikna med vårsemesteret i fjor.

Samla tal frå vårsemesteret 2023 er ikkje klare i database for høgare utdanning. Difor har Khrono bede om tal frå utdanningsinstitusjonane som hadde fleste studentar hausten 2022. Dei viser at talet på ukrainske studentar er ganske stabilt samanlikna med førre semester:

Universitetet i Oslo hadde 45 studentar hausten 2022, og har 39 våren 2023. NTNU hadde 45 i haustsemesteret og 44 i vårsemesteret, medan Universitetet i Bergen har gått ned frå 100 til 77.

Ved UiS var det 80 studentar i haust og 72 no. Nokre av desse tek mastergrad eller følgjer ordinære studieprogram, men dei aller fleste vil altså kvalifisera seg for vidare studium i Noreg.

— Eg har studert datavitskap og informatikk i Ukraina. Dersom eg kan studera det på engelsk, vil eg klara meg med B1-nivå i norsk, men dersom eg skal studera på norsk, må eg læra meir norsk først, seier Yuliia Kuzmych.

Tal på ukrainske studentar

InstitusjonVår 2022Haust 2022Vår 2023
NTNU154544
OsloMet52529
Universitetet i Agder (UiA)104030
Universitetet i Bergen 8UiB)2010077
Universitetet i Oslo (UiO)354539
Universitetet i Stavanger (UiS)158072

Kjelde: DBH og tal frå institusjonane

Først rein norskopplæring

Espen Iden er universitetslektor i norsk ved UiS og underviser halvparten av dei ukraniske studentane som skal læra norsk. Han fortel at det første året er det rein norskopplæring.

— På det me kallar trinn 3, altså B2-nivå, er det oppretta 25 studieplassar frå hausten. Då er studiet meir omfattande, med både dialektlære og litteratur, seier Iden.

Mange av dei ukrainske studentane er som kvinnene Khrono snakkar med: Dei har med seg utdanning frå heimlandet.

— Me ser at mange har god studieteknikk. Ein god del av dei som no studerer her hos oss, er i 20-åra. Men me har òg nokre som er yngre, seier Iden.

Vidaregåande skule i Ukrania vert avslutta når elevane er 17, slik at nokre av dei som er i studentalder er yngre enn kva som er vanleg for norske studentar.

Bildet viser universitetslektor Espen Iden som underviser ukrainske flyktninger.
Espen Iden er universitetslektor ved Universitetet i Stavanger og underviser ei av to grupper i nrosk språk og kultur. Han seier at mange av studentane frå Ukraina har god studieteknikk frå før.

Vil vurdera behovet

Per 30. januar 2023 hadde det kome vel 38.000 ukrainske flyktningar til Noreg. Mange av dei kom siste halvår i 2022. Aftenposten skreiv i oktober at då hadde talet på ukrainske flyktningar vorte 30.000. Noreg var då eitt av landa der det kom mange flyktningar. Men framleis er det Polen og Tyskland som saman med Russland har teke imot desidert flest.

Ukrainske studentar hausten 2022

Institusjon Tal på studentar
Universitetet i Bergen100
Universitetet i Stavanger80
NTNU45
Universitetet i Oslo45
Universitetet i Agder40
OsloMet25
Nord universitet25
Universitetet i Søraust-Noreg20
UiT Noregs arktiske universitet20
NMBU15
Høgskolen i Molde10
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo5
Kunsthøgskolen i Oslo5
NHH5
Noregs musikkkhøgskule5
Høgskolen i Innlandet5
Høgskolen i Østfold5
Høgskulen i Volda5
BI40
NLA Høgskolen35

Kjelde: Database for høgare utdanning

Tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI), som Khrono har henta inn, viser at frå krigen braut ut og til utgangen av januar i år, søkte 6235 ukrainarar i alderen 18-30 år om kollektivt vern i Noreg. Over to tredelar av desse er kvinner.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Løkensgard Hoel, skriv i ein e-post til Khrono at det har vore viktig for regjeringa å legga opp til god kapasitet når dei løyvar pengar til studieplassar for ukrainske flyktningar.

— Ein del av dei ukrainarane som har kome til Noreg, er i ein alder der dei ønskjer å starta eller halda fram med eit høgare utdanningsløp. Me vil hindra unødige barrierer og syta føre at dei som vil studera kan gjera det, seier Hoel.

Allereie i statsbudsjettet for 2023 vart det slege fast at løyvinga til dei tusen studieplassane er førebels og skal fasast ut dersom plassane ikkje vert brukte. Løyvinga som vart vedteken for 2023, er på 500 plassar. Dette kan verta justert både opp og ned.

— I samband med revidert nasjonalbudsjett i mai vil me vurdera behovet for løyvingar for studieplassane som er oppretta i samband med krigen i Ukraina. Me vil òg vurdera ei eventuell omfordeling av midlane mellom institusjonane, seier Hoel.

Få i Oslo

Rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), Svein Stølen, sa til Khrono i fjor vår at det var viktig at akademikarar og studentar frå Ukraina kom til rett stad.

— Tidligare har ein funne bustad først, og så funne studietilbod. No må me gjera ei kartlegging i forkant slik at dei som treng vårt studietilbod vert busett her, og dei som treng studietilbodet ved NTNU, vert busett i Trondheim, sa Stølen.

No viser tala at ingen av utdanningsinstitusjonane i Oslo har mange ukrainske studentar. UiO har 39, OsloMet 29, og i tillegg rapporterte BI i haust om 40.

— Eg kan ikkje på ståande fot seia noko om kvifor me ikkje har fleire. Me har prøvd å ta imot dei som har kome hit. Men kor ukrainarar i studentalder kjem, handlar mellom anna om kor dei vert busett, seier Svein Stølen no.

— Bør ein ha færre studieplassar til ukrainske flyktningar dersom ein ikkje får fylt dei ein har?

— Det er ingen grunn til å ha fleire plassar enn det er reelt behov for.

Økonomifag på ukrainsk

Fleire ukrainske studentar enn ved mange av dei større utdanningsinsitusjonane finn ein ved NLA Høgskolen.

Denne våren er det 52 studentar som tek eit emne i økonomi og leiing. I haust var det mogleg å ta eit anna emne, det òg på ti studiepoeng. Undervisninga skjer på ukrainsk.

Professor Anatoliy Goncharuk vart tilsett ved NLA i Kristiansand like før krigen i Ukraina braut ut, og det er han som har undervisninga.

— Det har vore utruleg viktig for rekrutteringa at me kan tilby studium på ukrainsk, med ein undervisar som kjenner kulturen og kan språket, seier professor og avdelingsleiar for økonomifaga ved NLA, Jan Inge Jenssen.

Studiet er lagt opp slik at studentane i tillegg skal ta ordinær norskopplæring.

— Me håpar nokre av studentane vil kunne byrja på ordinært bachelorprogram allereie til hausten. Då vil dei kunne få fritak frå dei emna dei har teke no, slik at belastninga kan verta litt mindre, seier Jenssen.

For bachelorprogrammet er undervisningsspråket i hovudsak norsk. Nokre av dei ukrainske studentane håpar difor at dei klarar B2-eksamen denne våren.

Bildet viser Anastasiia Yelistratova, Yuliia Kuzmych, Anastasiia Akhizarova og Karyna Kholodar som sitter på en benk med universitetslektor Espen Iden bak.
Intervju dei gjerne på norsk, sa universitetslektor Espen Iden til Khrono. Under eit år etter at dei kom til Noreg snakkar Anastasiia Yelistratova, Yuliia Kuzmych, Anastasiia Akhizarova og Karyna Kholodar alle norsk. For å kunne studera på norsk må dei bestå det som vert kalla B2-nivå.

Usikre på om dei reiser attende

I Ukraina er ni universitet heilt øydelagde i krigen. 58 er skada. Inna Sovsun, professor ved Kyiv School of Economics, parlamentsmedlem og tidligare viseminister for utdanning og forsking i Ukraina, sa nyleg til Khrono at ho er ekstremt redd for hjerneflukt frå landet. Særleg gjeld dette unge kvinner, som ikkje har familie i Ukraina og som no tek utdanning i vesten.

UiS-studentane er usikre på korleis framtida vert.

— Om me kjem til å reisa tilbake kjem an på situasjonen i Ukraina, seier Anastasiia Akhizarova.

Powered by Labrador CMS