Tryggleik
Spionasje, sensur og hybride truslar. No kjem handboka for risikabelt samarbeid
Skal hjelpe forskarar og studentar til «å utøve ansvarlighet» i samarbeid med blant andre Kina og Iran.
Kva slags bindingar har universitetet eller forskaren du skal samarbeide med til staten, til etterretninga i heimlandet — eller til militæret?
Dette er blant spørsmåla Kunnskapsdepartementet no vil at norske forskarar og arbeidsgivarane deira skal undersøke grundig.
Eit omfattande arbeid ligg bak dei 42 sidene som blir lagt på bordet og sendt til høyring tysdag: ei slags handbok med tittelen «Forslag til retningslinjer for ansvarlig internasjonalt samarbeid i kunnskapssektoren».
Hjelp til å balansere
Målet med rettleiaren er å hjelpe forskings- og utdanningssektoren til å balansere nyttig akademisk samarbeid med tryggleiksutfordringane dette kan bere med seg i ein del tilfelle.
Retningslinjene tar opp spørsmål både knytt til dei som reiser ut frå norske institusjonar og dei som kjem hit — som ifølgje rettleiaren bør få hjelp om dei kjem under press frå heimlandet medan dei er i Noreg.
Nyleg var nettopp denne problemstillinga høgaktuell, då det mellom anna i Khrono var kjent at kinesiske studentar som er på utveksling gjennom China Scholarship Council må skrive under ein lojalitetskontrakt med styresmaktene.
Dei som kjem frå «land av bekymring, som er kjent for å sette sine borgere i utlandet under press for informasjon, kan trenge oppfølging fra institusjonene», heiter det i retningslinjene.
Rutinar for bakgrunnssjekk
Blant råd som blir gitt til fagmiljøa er:
- «Gjør risikovurderinger mht. akademisk frihet, forskningsetikk, og eksportkontroll basert på informasjon om landkontekst, og planlegg mottiltak.
- Ved samarbeid med utfordrende land, avgrens samarbeidet strategisk, nedfell forventninger til overholdelse av akademisk frihet og forskningsetikk (…).
Leiing og adminstrasjon på institusjonane får mellom anna råd om å:
- gjennomføre «systematisk verdivurdering», og gjennomføre risiko og sårbarheitsanalysar for å «identifisere konkrete sikkerhetsutfordringer og press mot akademisk frihet og forskningsintegritet ved institusjonen».
- lage rutinar for bakgrunnssjekk ved tilsetjingar frå område med høg risiko.
- få oversikt over avtalar og samarbeid ved institusjonen med «land hvor akademisk frihet er truet, land av bekymring basert på nasjonale trusselvruderinger (E-tjenesten, PST, og NSM) og land som omfattes av nasjonalt sanksjonsregelverk.
Rettleiaren viser også til lovbestemte reguleringa i eksportkontrollforskrifta. Ei omdiskutert og revidert forskrift var på høyring hausten 2022. Forskrifta, som er blitt utsett fleire gonger, er venta å innføre ei delvis lisensplikt for visse typar forskingssamarbeid og utveksling.
«Godtar noe sensur»
I tillegg til å hente frå retningslinjer frå andre europeiske land, har gruppa brukt ein omfattande studie frå NUPI som grunnlag for arbeidet. Studien tar for seg norske forskarar og institusjonar som har samarbeid med blant andre land PST og E-tenesta peikar på som risikable.
Rapporten viser at kunnskaps-Noreg har sprikande erfaringar med tryggleiksutfordringar.
«Mange er vant til å håndtere ulike typer risiko og er tilfredse med måten det gjøres på. Samtidig opplever mange at utfordringene blir flere og mer krevende å håndtere», heiter det mellom anna.
Det blir også peikt på faren for stigmatisering, diskriminering og mistenkeleggjering av forskarar og studentar frå mellom anna Kina og Iran.
I studien frå NUPI står det også at «Fleire forskere trakk fram felles publikasjoner som et tilbakevendende tema. I samarbeid med Russland og Kina har mange vært vant til å skille mellom felles utgivelser på russisk eller kinesisk; der man godtar noen tilpasninger og noe sensur.
Geopolitikk og Ukraina
Faren for spionasje og truslar mot den nasjonal tryggleik var for store delar av sektoren nærast ikkje-eksisterande for berre få år sidan. Samstundes etablerte Noreg tett forskings- og utdanningssamarbeid med blant andre Kina og Russland gjennom Panorama-strategien. Begge land, hovudsakleg Kina, var vurdert å vere blant dei største og viktigaste forskingsnasjonane i verda.
Etter invasjonen i Ukraina er alt samarbeid Russland lagt på is. Sidan arbeidet med retningslinjene starta i 2022, har både invasjonen og spionskandalen i Tromsø prega retninga på arbeidet.
Det er under fem år sidan meir enn 200 forskarar, leiarar og byråkratar reiste på delegasjonsreise til Kina, dei fleste utan å ha fått særskilte retningslinjer eller instruksar frå institusjonen dei kom ifrå.
I takt med ein endra verdssituasjon har norske tryggleikstenester dei siste åra retta meir av merksemda si mot universitet, institutt og høgskular, som dei meiner er svært sårbare i møtet med utanlandske interesser som kan skade den nasjonale tryggleiken. Dei shar dei siste åra hatt relativt tett dialog med Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) og Politiets tryggingsteneste (PST).
Bakteppet er den stadig meir tilspissa tryggleikssituasjonen, i skuggen av Russlands krig i Ukraina og den endra geopolitiske situasjonen. Då norske styresmakter fornya den såkalla Panorama-strategien i 2021 (fram til 2027) hadde norske tryggleikstenester i fleire år åtvara om farane knytt til ulike former for forskings- og utdanningssamarbeid.
Frå HR til IT
Retningslinjene rettar seg både mot enkeltforskararar, leiarar og administrativt tilsette på forskings- og utdanningsinstitusjonar, i alt frå IT- til HR-avdelingar. Rutinar ved rekruttering er blant emna som HR-avdelingane vil måtte jobbe med i tida framover.
Rettleiaren legg også vekt på at institusjonane sjølve, i tillegg til å etablere rutinar, må legge meir ressursar i å skaffe seg kunnskap og halde seg orientert om lovverk, aktuelle tryggleiksinformasjon og den politiske situasjonen.
Ei prosjektgruppe leia av HK-dir (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse) med deltaking frå Forskingsrådet har koordinert arbeidet med retningslinjene, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. I tillegg har tre ressursgrupper bidratt med innspel og gjennomført 50 møter med styresmakter, kunnskapsinstitusjonar og interesseorganisasjonar i Noreg og Europa i løpet av prosjektet.
Retningslinjene skal gjerast heilt ferdig til sommaren, etter at fagmiljø og institusjonar har gitt sine innspel.