Skulda for rasisme

­Sørafrikansk universitets­leiar i London «frikjent» etter bruk av «n-ordet»

Direktør ved London School of Oriental and African Studies, Adam Habib, blei suspendert og sett under gransking etter å ha brukt «n-ordet». No får han gå på jobben igjen.

Den sørafrikanske universitetsleiaren og akademikaren Adam Habib var hovudinnleiar på Berekraftkonferansen ved Universitetet i Bergen i 2020. No er han direktør ved School of Oriental and African Studies i London, der han er blitt skulda for rasisme og møtt krav om å gå frå stillinga si.
Publisert

Han begynte i direktørjobben i januar, den kjente professoren og universitetsleiaren, Adam Habib. Eit par månader etter blei han suspendert frå leiarstillinga ved London School of Oriental and African Studies (SOAS), som ligg under University of London.

Grunnen var at han brukte det såkalla n-ordet i eit digitalt møte med studentar.

N-ordet er ein eufemisme for det sterkt nedsetjande ordet «nigger».

Etter at eit klipp frå eit digitalt møte med studentar vart sirkulert på nettet, møtte Habib sterke reaksjonar for bruken av ordet. Med Twitter-storm og opprop imot seg, og med krav om å gå av, bestemte leiinga ved SOAS seg for å suspendere Habib frå stillinga inntil vidare, og bestille ei ekstern gransking.

Førre veke kom konklusjonen:

Ifølgje granskarane prøvde Habib å gi uttrykk for at det ikkje er akseptabelt å bruke ordet på ein krenkande måte, men at det i seg sjølv «ikkje gjer han til ein rasist».

Måndag denne veka fekk han lov til å komme tilbake til jobben som øvste leiar for SOAS.

Støtte i heimlandet

I ei erklæring frå institusjonen kjem styreleiaren ved SOAS med ei unnskyldning til studentane som «er blitt utsette for dette». Det blir også understreka at bruken av n-ordet ikkje er akseptert ved institusjonen.

I erklæringa heiter det også at Habib har bede om unnskyldning, og at han vil gjere det han kan for vinne tillit og respekt tilbake.

Sjølv har Habib tidlegare forsvart seg med at ordet vart ytra i ein kontekst som viser at det ikkje var rasistisk meint. På Twitter har Habib etter hendinga nekta for at han gjort noko gale, men at han likevel har bede om unnskyldning fordi enkelte blei krenkte (some individuals felt offended).

Dette gjorde ikkje inntrykk på aksjonistane bak oppropet for å få han fjerna, med referanse til «den strukturelle rasismen ved SOAS». «Adam Habib er ein fare for studentane, han har vist meir enn ein gong at han er villig til å bruke vald mot studentane sine, som alle betalar studieavgiftene som garanterer lønna hans», heiter det i oppropet.

Saka har fått mest publisitet i Habibs heimland, Sør-Afrika. Der har mellom andre Thuli Madonsela, kjent som tidlegare «Public protector» og korrupsjonsjeger i Sør-Afrika, gått ut med støtte til han og kritisert dei som har skulda han for rasisme.

«Du er ikkje ein svart mann»

SOAS-direktøren kom frå jobben som rektor ved det anerkjente University of Witwatersrand i Johannesburg, ei stilling han også hadde under studentopprøret Fees must fall, som starta ved universitetet der. Han har sidan skrive ei bok om opprøret.

I 2020 var Habib ein av hovudtalarane på Berekraftkonferansen (SDG-konferansen) ved Universitetet i Bergen.

Adam Habib møtte mellom andre viserektor for globale relasjonar ved UiB, Annelin Eriksen, då han besøkte Bergen i 2020.

I den redigerte biten av det digitale møtet som sirkulerte på nettet kjem det fram at Habib faktisk brukte ordet, men omstenda og samanhengen er ikkje klar, utover at det foregår ein diskusjon om ordet på bakgrunn av misnøye frå studentar med førelesarar som skal ha brukt det. Då Habib ytrar heile ordet, i staden for å referere til n-ordet, blir han avbroten av ein av studentane som seier at han ikkje har rett til å bruke ordet. «Du er ikkje ein svart mann (…). Du har ikkje stått overfor traumet og undertrykking av svarte, det vi går gjennom 24/7 dei siste 500 åra.

I klippet kan ein høyre Habib seie at han kjem frå ein del av verda der «når nokon brukar det, har konteksten betydning».

Dehumaniserande

Bruken av n-ordet, uavhengig av samanhengen og om det ligg ein rasistisk intensjon bak eller ikkje, blir av stadig fleire, særleg blant aksjonistar engasjerte i kampen mot rasisme, rekna som uakseptabelt for ein ikkje-svart person å seie.

Argumentet er mellom anna at det gjennom fleire hundre år er blitt brukt som ein dehumaniserande term mot svarte, og dermed er djupt krenkande når det blir brukt av kvite.

Adam Habib er sørafrikanar av indisk opphav, ei gruppe som var offer for grov undertrykking og diskriminering under det apartheid-systemet.

Powered by Labrador CMS