I februar og mars måtte fleire universitet igjen stenge på grunn av valdsame demonstrasjonar. Bildet er frå hovudstaden Pretoria i 2015 då Fees must fall-kampanjen begynte. Fees must fall vart i 2018 tildelt studentane sin fredspris frå norske SAIH. Foto: Kim Ludbrook/EPA

Dei rasande studentane i Sør-Afrika

Kommentar. Når sørafrikanarane går til val i dag, 25 år etter apartheids fall, er tolmodet brukt opp. Det er ikkje minst synleg på universiteta, skriv journalist Njord Svendsen i denne kommentaren.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Durban, Sør-Afrika (Khrono): Bilar vart sett i brann og demonstrantar pepra med gummikuler og tåregass. Scena kunne ha vore frå 1980-talet, under dei mest intense demonstrasjonane og samanstøytane mellom aktivistar og apartheid-politi. Men dette var i februar 2019. Valdelege studentprotestar førte til at Universitetet i KwaZuluNatal i Sør-Afrikas nest største by, Durban, stengte og innstilte all undervisning av omsyn til tryggleikssituasjonen.

Det utspelar seg ein politisk kamp på universiteta, som vil påverke korleis framtida i dette eit av Noregs hovudsamarbeidsland for forsking og utdanning vil sjå ut. Opprøret har også forplanta seg til andre byar og universitet i landet.

Studentleiarane presenterte ei liste med krav, som at universitetet skulle avskaffe registreringsavgifter, skru ned prisane i kantiner, sørge for sikre og finansierte studentbustader og auke løner for høgare grads studentar som underviser. Organisatorane som frontar opprøret er tett knytt til dei politiske ungdomsorganisasjonane i landet, til ANC, og framfor alt EFF, Economic Freedom Fighters.

Julius Malema er utbrytaren og populisten som vil utfordre ANC. Foto: Njord V. Svendsen

EFF vart etablert i 2013 med den karismatiske Julius Malema i spissen, etter at han hadde blitt ekskludert frå ANC. Malema, som titulerer seg sjefskommandant og opptrer med raud beret, kan trygt kallast ein ultrapopulist på ytre venstre fløy med hang til ytterleggåande utspel, ofte retta mot den kvite minoriteten i landet. Malema blir av mange oppfatta som ein som «seier det som det er» —altfor mange sørafrikanarar manglar framleis det mest grunnleggande, som skikkelege hus, sanitære forhold, arbeid og framtidsutsikter. Avstanden mellom fattig og rik er den største i verda.

Dei unge, radikale på universiteta har ikkje tenkt å bruke 25 nye år på å vente på det foreldra deira vart lovt og aldri fekk – dei vil ha endring no. Det er det Malema lovar dei som vil røyste på han. Spør ein svart student på eit universitet i Sør-Afrika kven han eller ho skal stemme på, og svaret er truleg EFF — eller ingen. Valdeltakinga er låg blant dei unge. Ved valet i 2014 registrerte berre 33 prosent av 18- og 19-åringane seg til å stemme, det nasjonale gjennomsnittet var 73 prosent. Parallelt med det politisk motiverte opprøret råder apatien: Korrupsjon er i ferd med å ete det splitta regjeringspartiet ANC opp frå innsida, tilliten til politikarane er deretter. Blant dei som stemmer på EFF er også dei som ikkje sympatiserer med bodskapen deira, men gjerne ser at parlamentet har plass til nokon som kan riste hardt i eit aldrande ANC.

Avkolonisering, i eit visst monn, er vanskeleg å ikkje ønskje velkommen i eit land som har vore nettopp koloni og deretter under det ekstremt undertrykkande og einsrettande apartheidstyret i nær 50 år.

Njord V. Svendsen

Universiteta er ein nøkkelarena for Malema og dei andre kommandantane hans, der dei har turnert og møtt studentane gjennom valkampen. Det som måtte henge igjen av idear om ein regnbogenasjon blir latterleggjort, og det blir ofte tatt godt imot. «Vi nektar å bli knebla av såkalla forsoning», heiter det i valkampmanifestet til partiet. Mandela er sjeldan den historiske helten, oftare han som «selde landet til dei kvite».

Det er, for å ta eit sentralt punkt, eit faktum at landfordelingsspørsmålet fortsatt er uløyst i Sør-Afrika. EFF vil ha det løyst no med ein gong – gjennom å beslaglegge jord, ta frå dei kvite, utan kompensasjon, og gi til dei svarte. For nokre år sidan vekte Malema oppsikt med sitt besøk til Robert Mugabes Zimbabwe, der han skulle lære av landokkupasjonane som hadde blitt gjennomført mot kvite farmarar der.

Ein annan pillar i EFFs politiske program er gratis utdanning til alle, eit krav det kan vere lett å sympatisere med, men vanskeleg for eit system å hente pengar til over natta. EFF er også vevd inn i den aktivistiske Fees must fall-rørsla, studentopprøret som har sett sitt preg på universiteta i landet dei seinare åra, og som i Noreg er godt kjent etter at leiaren deira, Fasiha Hassan, var tildelt Studentane sine fredspris frå norske SAIH i fjor. Hassan høyrer rett nok til The Progressive Youth Alliance, PYA, som mellom anna inkluderer ANCs ungdomsorganisasjon, og står i opposisjon til Malemas gjeng. Men ideologisk, om ikkje retorisk, står dei meir på likefot, med krav om radikal endring av utdanningssystemet.

Det handlar om tilgang til utdanning og om gratis utdanning. I mindre grad har det handla om andre presserande utfordringar som må løysast, slik ein rapport frå CMI peikte på i fjor: Ei av desse er det ekstremt høge fråfallet i høgare utdanning. Berre halvparten av studentane på lågare grad går ut med vitnemål etter fem år.

Det handlar også om avkolonisering.

Avkolonisering, i eit visst monn, er vanskeleg å ikkje ønskje velkommen i eit land som har vore nettopp koloni og deretter under det ekstremt undertrykkande og einsrettande apartheidstyret i nær 50 år. I alle fall om ein med omgrepet meiner å opne opp for at kunnskapen skal handle om og springe ut av mangfaldet i dette landet med 11 offisielle språk.

Statuen av kong George V på Howard College-campusen i Durban vart vandalisert av studentar under Rhodes Must Fall-kampanjen i 2015. Rhodes must fall begynte med demonstrasjonar på Cape Town og tilsvarande vandalisering av statuen av Cecil John Rhodes der. Foto: Njord V. Svendsen

Samstundes kan kravet om å avkolonisere universiteta verke både autoritært og anti-demokratisk. Ved Universitetet i KwaZuluNatal, er det i dag ikkje uvanleg for ein engelsktalande forelesar å bli møtt med boikott i forelesingssalen – berre forelesingar på zulu kan aksepeterast!

Rommet for å vere «ein av oss», for å ytre seg og ha meiningar som ikkje passar inn, står klart i fare for å bli trongt i det rådande og polariserande klimaet. Det er eit urovekkande teikn. «Our land», står det på valplakatane til EFF. Ein slåande kontrast, trass alt, til «Let’s grow South Africa together», som er ANC-president Cyril Ramaphosas slagord i valkampen.

Ein kan få ei kjensle i Sør-Afrika, av at ein epoke er over og at ein ny enno ikkje har begynt. Mandela er historie. Også håpet og forventningane som trass alt hang fast i ein hard kvardag som måtte komme, verkar å ha tørka inn. Kva no?

I dag kjem mange av dei studentane som brukar stemmeretten sin til å satse på kommandant Malema, utan at det vil rokke ved ANCs valsiger. Spørsmålet er berre kor langt ned ANC går denne gongen, og kva som skal komme i staden, ved neste val, og valet etter det.

Siste fra forsiden:

Kortnytt

  • Ny leder i Framsenteret

    Njord V. Svendsen

    Kari Nygaard blir leder for styringsgruppa i Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforskning. Ifølge pressemeldingen er Nygaard godt kjent med Framsenteret.

    Hun har tidligere jobbet i flere institutter, blant annet Havforskningsinstituttet og NIVA er hun var i 20 år. Senere har hun ledet NILU i 12 år. Nygaard leder nå sitt eget selskap og har bred erfaring med styreverv, både i instituttsektoren, Norges Forskningsråd, Norsk Romsenter og innovasjonsselskapet på Kjeller.

    Framsenteret består av 21 institusjoner som samarbeider om forskning som er viktig for forvaltningen av nordområdene. I 2026 er 20 forskningsprogrammer og prosjekter i arbeid, som involverer rundt 400 forskere og teknikere.

    Ledelsen består av en styringsgruppe som utnevnes av Klima- og miljødepartementet.

    To personer poserer foran store bilder av islandskap på en vegg
    Lederskifte i Framsenteret, Bo Andersen avløses av Kari Nygaard. Foto: Helge M. Markusson/Framsenteret
  • Fagskole og Gatebil skal samarbeide

    Solveig Mikkelsen

    Fagskolen Viken og Gatebil.no inngår et nytt samarbeid. Dette skal gjøre det enklere for bil- og motorinteresserte å få innsikt i tekniske utdanningsmuligheter, melder fagskolen i en pressemelding.

    – Gatebil har alltid vært et samlingspunkt for mennesker som elsker teknologi i praksis. Vi ser fram til å samarbeide med Fagskolen Viken om å løfte fram teknisk kunnskap, sier Hans Jørgen Andersson i Gatebil.no.

    Gatebil er et begrep som blir brukt på en bil som er modifisert av eier. Gatebil.no er et miljø for bilinteresserte og arrangerer fem festivaler årlig. De holder til i Kongsberg.

    Avtalen skal bidra til økt kunnskap om studietilbudene innen mekaniske fag, kompositt og elektriske systemer.

    – Vi vet at mange som er opptatt av motor, teknikk og praktisk problemløsning har bakgrunn som fagarbeidere eller hobbybyggere. Dette er miljøer som passer svært godt for videre utdanning hos oss, sier rektor Eirik Hågensen ved Fagskolen Viken.

    Samarbeidet går ut på at Gatebil.no deler saker og innhold fra fagskolens laboratorier og studiesteder. I tillegg åpner avtalen for studentprosjekter knyttet til gatebil-miljøet.

    Avtalen gjelder fra mars i år og evalueres etter to år.

    To menn står foran en knallgul bil
    Rektor Eirik Hågensen (til venstre) sammen med Hans Jørgen Andersson i Gatebil.no
  • Banebrytande bildebok på urfolksspråk

    Njord V. Svendsen

    Ei ny bildebok samlar lulesamisk, engelsk og maori i éi og same forteljing – og blir no sett på verdskartet under ei av verdas største bokmesser, melder Nord universitet.

    For første gong blir det lansert ei bildebok som kombinerer lulesamisk, engelsk og maori. Initiativet kjem frå Nord universitet, som ønskjer å løfte urfolksspråk både nasjonalt og internasjonalt.

    Utgangspunktet er den tidlegare tospråklege utgjevinga Ábiid plástihkat – Plasten i havet, skriven av Rita Sørly, som no er vidareutvikla til ein ny, trespråkleg versjon med tittelen Mij le ábijn dáhpáduvvamin? He aha te raruraru ki tai? What’s the Matter with the Sea?

    Initiativet til boka kom frå Charlotta Maria Langejan og Maria Nayr de Pinho Correia Ibrahim ved Nord universitet. Dei har også bidrege med omsetting frå bokmål til engelsk.

    — Boka spring ut av eit behov for å kople læreplanen sine krav om samiske perspektiv med ønsket om gode bildebøker i engelskundervisninga, seier førsteamanuensis Ibrahim.

    Lanseringa skjer 13. april under den store barne- og ungdomsbokmessa i Bologna, der Noreg er æresgjest i 2026.

    Person i bibliotek holder opp en blå illustrert bok mellom høye bokhyller
    – Barn har rett til å lære og lese på sitt eige språk. Difor er denne boka viktig, seier Charlotta Maria Langejan ved Nord universitet.
  • Teknologiprofessor får USN-prisen for 2025

    Joar Hystad

    Professor i teknologi, Lars-André Tokheim, får USN-prisen for blant annet mangeårige innsats knyttet til CO₂-fangst- og lagring.

    Det skriver Universitetet i Sørøst-Norge (USN) i en pressemelding.

    I juryens begrunnelse heter det at prisvinneren har gjennom mer enn to tiår vist en sjelden evne til å forene forskning, utdanning og innovasjon i arbeid med stor og dokumenterbar samfunnseffekt.

    Juryen trekker ellers fram at Tokheim gjennom undervisning og veiledning, har bidratt til å utdanne teknologer med kompetanse som er relevant for det grønne skifte. Han har sikret at bærekraft, energioptimalisering og utslippsreduksjoner er integrerte deler av studiene.

    — Dette var veldig hyggelig. Jeg husker jo nå at jeg ble nominert, men det er så lenge siden at det hadde jeg helt glemt. Og at prisen er på 100 000 kroner var jeg slett ikke klar over, uttaler årets prisvinner.

    USN-prisen tildeles ansatte som gjennom forskning, utdanning og/eller formidling fremmer samspillet med arbeidsliv, bærekraft eller innovative løsninger for samfunnet. Prisen ble delt ut for første gang i fjor.

    Juryleder og viserektor for forskning ved USN, Heidi Ormstad annonserte prisvinner fra skjerm, på instituttmøte for Institutt for prosess-, energi- og miljøteknologi. Foran: stolt instituttleder Ali Ghaderi, (som hadde to nominerte fra sitt institutt), og en glad prisvinner Lars-André Tokheim.
  • Får 3,3 millioner kroner til studenters psykiske helse

    Joar Hystad

    Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (Sit) får støtte til to prosjekter for studenter i 2026.

    Det skriver Sit i en pressemelding.

    Prosjektet Psykisk helse under studietiden (PUST) får 2,3 millioner kroner, mens Aktivitetsglede for studenter får 1 million kroner.

    — Denne støtten gjør at vi kan være mer til stede der studentene er i hverdagen. Vi vet at mange trenger flere møteplasser og et sted å høre til, ikke bare i starten av studiet, men gjennom hele året, sier Einar Skare, leder for studenthusene i Sit og pådriver for PUST-prosjektet.

    Tilskuddet kommer i tillegg til midlene Sit allerede bruker på lavterskeltiltak og helsefremmende tilbud for studenter. Støtten gir rom for å videreutvikle tiltak som allerede fungerer, og nå flere studenter, står det i pressemeldingen.

    Studiestart ved NTNU i 2023.
  • Deler av Bergen Arktitekthøgskole kan bli revet

    Joar Hystad

    Torsdag presenterte byrådet i Bergen sitt forslag til bybanetrasé gjennom Sandviken. Forslaget inkluderer riving av flere hus, deriblant deler av Bergen Arkitekthøgskole.

    I en pressemelding skriver rektor Emma Nilson og prorektor Anders Rubing ved Bergen Arkitekthøgskole at planene vil få flere ulike konsekvenser for skolen dersom de iverksettes.

    — Mangelen på informasjon fletter seg inn i et større sakskompleks, der Bergen kommunes planavdeling innskrenker skolens rettigheter til egen tomt og egne bygg på alle fire sider, skriver Nilsson og Rubing blant annet.

    — Skolen trenger både skolebygg og utearealer for sin undervisning. I en bygge- prosess vil studentene få begrenset tilgang til skolen, og dersom forslaget får stå, vil både verkstedsareal, uteareal og undervisningsareal forsvinne, uavhengig av hvordan og hvor mye som rives, fortsetter de.

    Avslutningsvis spør lederduoen om Bergen kommune egentlig ønsker en arkitekthøgskole i byen.

    Les hele pressemeldingen fra Bergen arktiekthøgskole her.

    Byutviklingsbyråd i Bergen, Eivind Nævdal-Bolstad (H), skriver i en pressemelding fra Bergen kommune at det er krevende å bygge ny infrastruktur i en by som allerede er bygget.

    — Det er dessverre ikke til å unngå at det kan bli negative konsekvenser for enkeltmennesker, melder han.

    Emma Nilson er rektor ved Bergen Arkitekthøgskole.
  • ANSA har fått ny generalsekretær

    Joar Hystad

    Fra 1. juni er Ingeborg Dahl-Hilstad ny generalsekretær i ANSA (Association of Norwegian Students Abroad).

    Det skriver ANSA i en pressemelding.

    Dahl-Hilstad kommer fra Personskadeforbundet, der hun har jobbet som generalsekretær de siste 14 årene. Hun har lang erfaring fra frivillig sektor, og er også tidligere utenlandsstudent i Danmark og Russland.

    — ANSA er en veldig viktig organisasjon for norske studenter, både når man skal velge studiested og som fersk student i utlandet, uttaler den nye generalsekretæren.

    — Jeg er helt sikker på at Ingeborg vil bidra stort til utviklingen av organisasjonen, og at hun vil være en stødig og engasjert ressurs i samarbeidet med hovedstyret, tillitsvalgte og ansatte, sier president i ANSA, Maud Alfstad Bjørgum.

    Ingeborg Dahl-Hilstad og Maud Alfstad Bjørgum
  • Studenter mener Legevakta var skummel etter ulykke

    Solveig Mikkelsen

    Over 50 utvekslingsstudenter ved NTNU satt i bussen som i november kjørte av veien i Sverige. Nå har universitetet evaluert det som skjedde.

    Flere studenter opplevde et behov for helsehjelp som medisiner og røntgen da de kom tilbake til Trondheim. Men som utvekslingsstudenter var de utenfor fastlegeordningen, skriver Universitetsavisa.

    Dette kommer fram i en rapport fra NTNU.

    Som Khrono skrev i november, var det over 50 utvekslingsstudenter fra NTNU som satt i bussen da den kjørte av veien. Ingen mistet livet, men flere hadde behov for helsehjelp.

    Ifølge rapporten påvirket manglende tilgang på helsehjelp det samlede tilbudet negativt, og studenter opplevde det som skremmende å bli avvist ved Legevakten.

    Enhetsleder Hilde Lisbeth Myhre for Trondheim interkommunale legevakt mener utvekslingsstudentene ble tatt imot og vurdert på lik linje med alle andre pasienter, skriver Universitetsavisa.

    — Vi hadde normal drift og kapasitet, og vi tok imot de pasientene som henvendte seg til legevakten. Vi registrerte antall studenter som skulle komme, slik at vi var forberedt, og pasientene ble vurdert på lik linje med andre pasienter. Øya legesenter tok også imot en del av disse pasientene, sier Myhre.

    NTNU Hovedbygningen
    Bussen som veltet i Sverige var chartret av Erasmus Student Network ved NTNU, og det var utvekslingsstudenter ved universitetet om bord.
Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS